NEDRE
ELLER YTRE EKNES, NEREGARD |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Desse opplysningane er
henta frå: Askild Eknes Digitalarkivet Riksarkivet Div. Bygdefolk. Ellis Island Passenger Arrivals |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eigarar frå 1425 til 1820- åra var Bergen Katedralskule. (Benifisert
gods) Nedre eller Ytre Eknes finn me fyrste gong nemnd den 1. september 1416 i Dept. Norw. 2. side 477. Det var i eit makeskiftebrev mellom adelsmennene Magnus Magnusson og Tidke Vestenaker. I 1518 budde det to mann på garden. Det er skrive: "Anbiønn po Egnæs og Erich po Echness. Der var og ein vaksen dreng, Guttorm. I 1522 vart det utligna ein straffeskatt for eit futedrap i Sund. Det står å lesa: "Paa tinget i Bjelkarøy i Sund slo bonden Dagfinn paa Sund ihel futen Halvard". Bota vart utligna på alle bøndene på vestlandet etter midelen deira. Då heiter det om Nedre Eknes: "Oluff po Egnæss 12 lodd sølff". (Det svara til 6 kuverde.) Vidare står det: Anbiøn po Echness 29 lodd sølff item 43 mark i pendinge. (Det svara 35 kuverde). Anbiøn må ha vore ein halden mann. I 1563 heitte bøndene på garden Anders og Guttorm. I 1567: Ledingsskatt av Nedre Eknes: 1 pund smør, 2 geiteskinn, 1 saueskinn. I 1590 er det berre ein mann på Neregard. I lensrekneskapet for det året står det om Nedre Eknes: "Sigtens Lansk. 3 løb smør. Jørgen Echness. Leding 1. pd. smør, j mele korn, iiij kalskindt. Fredt ved giffuer 3 aar schattl fåår, det /4". (fjerde) Omlag 1600 har Jørgen delt garden med sonen Mons. I lensrekneskap av 1609 står det om Nedre Eknes: "Jørgen og Mogens Echness schatter huer 1.5 løb smør." Frå då av var det to bruk på Nedre Eknes. Jo- Bruket og Rasmusluten. Her er ein oversikt over alle bruka på Neregard. Ved å trykkje på dei forskjellige bruka kan ein lese meir om desse, og folka som budde og bur på dei. |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||