NEDRE ELLER YTRE EKNES

Hosanger: G.nr 64.     Lindås G.nr. 239 B.nr. 91

Namn på bruk: INGEN NAMN

Utskild frå bruk nr. 6, Røysne.
Første eigar: Astrid og Harald Eknes.
Tinglyst:

Astrid og Harald Eknes var sysken. Der var frå Røysegarden, sjå der, 10. generasjon.
Astrid, f. 1898, d. 1975, var bankassistent i Bergen og budde der til ho flytte til Eknes.
Harald, f. 1902, d. 1978, gjekk på Stend jordbrukskule og dreiv jordbruk på Eknes. Var ein del sjuk.
Begge var ugifte og bornlause.
 
Andre eigar: Øyvind Eknes.
Tinglyst: 10. november 1980.

Øyvind Eknes, f 1938, er ugift. Han er frå Røysegarden, son av ellevte generasjon.

Dette huset har vore leigd ut flere familiar.
Ein kan nemne Arild Kleiveland, sjå bruk nr. 64 på Oppegard, Christer Strømsheim og Svein Kleiveland.
Det har og budd andre leigetakarar der.
Øyvind Eknes budde der nokre år fram til hausten 2004.
Mens han budde der, leigde han ut i kjellaren.
Frå 2004 er det ein Isene som leiger der. Han bur der pr. 2007.
 
Bilete:  Arild Myhr.


November 2003
Bilete tatt frå nord-vest
Huset i forgrunnen høyrer ikkje med til dette bruket.


November 2003
Bilete tatt frå sør

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net