NEDRE ELLER YTRE EKNES

Hosanger: G.nr 64.     Lindås G.nr. 239 B.nr. 1
 

Rasmusluten
Dette er garden som Hosanger kommune kjøpte i tre gonger frå 1920 til 1922.
Utføret, bruk nr. 8, er ein utskild del av dette bruket.

 

Opplysningane er henta frå:
Askild Eknes 
Digitalarkivet
Statsarkivet i Bergen
Jesus Christ of Latter-day Saints family search
Folk frå Eknes

Oversikt over bygselmenn og eigarar på Rasmusluten

Namn År dei styrde Namn År dei styrde Namn År dei styrde
Mogens Jørgensen Oml. 1600 - 1630 Salomon Olsen 1705 - 1731 Nils Rasmussen 1857 - 1887
Magne Rasmussen Oml. 1645 - 1673 Anders Johannesen 1731 - 1762 Ole Nilsen 1887 - 1911
Rasmus Magnesen 1673 - 1692 Nils Jørgensen 1762 - 1786 Jørgen Askildsen 1911 - 1914
Anna Larsdtr. 1692 - 1693 Anna Monsdtr. 1786 - 1787 Ole Nilsen 1914 - 1921
Sjur Nilsen 1693 - 1704 Knud Joensen 1787 - 1826 Hosanger Herad 1921
Anna Larsdtr. 1704 - 1705 Rasmus Bastesen 1826 - 1857    

Fyrste generasjon:
Då Jørgen Larsen i omlag 1600 delte Neregard med sonen Mogens, har dei mest sannsynleg budd i same huset på Gamletunet ei tid frametter.
Truleg har dei so bygd småstova, (som stod til etter 1850) dei første åra etter 1600- talet.
Den gamle stova, røykstova, som vart rive i 1864 av Nils Rasmussen, må ha vore den første stova som vart bygd på dette bruket.
Men ho vart fyrst bygd i 1648 av Magne Rasmussen.
Mons Jørgensen finn me som
leilending av ein halv laup jord på Neregard i 1609, og i 1620 og 24 svarar han leilendingsskatt av garden på Eknes. Om han sjølv sat som leilending på beneficert gods, var han jordeigar ymse stader. I 1624 skattar han som jorddrott på desse gardane: "aff 2 løb smør og malt, saa och i (1) mele korn udi Rongu, j (0,5) pund 11 mark smør i Lodstad, (Låstad)  8 skilling i smør i Syeslack og j løb ij (2) sk. i Smøraas i Schold skbr. = j dlr. odelsskatt".
Han må vera død bortimot 1630.


Andre generasjon
I 1645 budde der på dette bruket ein Magne Rasmussen. Kona heitte Bereta. (Brita)
Dei hadde ein son, over tolv år som heitte Anders. Dei hadde og ei "tienist thøes" som var vaksen.

Kvar av desse fire skattar dei pålagde åtte skilling i kopskatt.
Kva tid Magne fekk bruket, veit me ikkje, men sidan han i 1645 hadde ein vaksen son, må han vel vera gift omlag 1830, og har vel fått garden då. Etter den alder han er sagt å ha i 1666, skulle han vera fødd omlag 1610.
Kona hans døydde i 1689, er sagt, 88 år. ho skulle då vere fødd omlag 1601, eller truleg eit par år seinare.
Magne Rasmussen har vore ein dugande og vyrd man. Frå 1642 til 55 var han mest kvart år laugrettsmann. I 1648 bygde han den store røykstova på Gamletunet. Truleg har ham då høgd meir tømmer enn han hadde lov til.
Han vart då i 1645 "stefnet for ulovlig schoeffhug. Magne møtte udi retten som det godvilligen vedgik. Afsonet derfor med åtte ortunger 13 mark sølff".
I matrikkelen av 1666 står om Magne Rasmusen:
"Magne 55 aar, bruger 1 løb smør halv tønde malt. Tiende 10 kander korn. Sønner Rasmus Magnesen, 31 aar, Knegt Ole Magnesen 25 aar".
Den eldste sonen Anders har vel gift seg til gard, eller han kan vere død. Me finn ikkje noko om han.
Omlag 1671 er Magne død. I januar 1673 vart so garden skift mellom enkja Brita og sonen Ole Magnesen, som då var gift med Marita Olsdtr. Indre Eide.
Rasmus, som skulle ha hin luten etter mora, var sjukeleg, so han var vel ikkje "førd" til å ta sin part for mora endå. Dei hadde husa i hop, men garden vart skift 03. januar 1673 i overvær av skrivaren og seks "dannemænd". Det har nok ikkje vore so hugnadsamt i denne felles heimen. Frå 1763 til fram mot 1680 er dei to brørne i sak med kvarandre stødt.
I 1673 "steffned Rasmus Echnes sin broder Ole Magnesen formeldest skal haffue taget hans krøcke fra hannem och dermed slaget hannem 6 slag".
Retten fekk forlik.
I 1677:
"Rasmus Echnes paa sin moders vegne steffnet hans broder Oluff formeldest han icke vil forunde hanne at tage i en agerskifte och eng paa gaarden huilken lod hende synes, efterdij hun har fatt forloff at tage huilken lod i begge som hun vilde. Oluff møtte og forgaff at engen er skift hannem og hans moder imellom. Thi hand schifte engen och gaff hans moder kaf (rett) at velge lod, huilken hun vilde, hour efter Rasmus paa hendes vegne hafte tagit dne ene lod, huilken slog i tou aar, men den tredje aar ankede hun derpaa og tog lod som oluff hadde slagit o 2 aar".
Dom:
"Rasmus og hands moder skal ha ret til midtsomers for slaaten aa dele engstykke i 2 dele. Saa skal Oluff ha rett til aa velge huilke dele han vil ha av dem. Hvis Rasmus ikke vil dele, skal fogden tilnemne 2 dannemænd at skifte engen og saa lade lod paa huilken part hver skal haffue".
Sak i 1679:
"Rasmus Echnes stefnede hans broder Oluff Echnes formeldest hand forhindrer den gamle gang til ildhuset paa Echnes, formenende og hand bør lade sig nøie og haffue gang paa hans egen hualffe gaard til hans loft. Klagede og at Oluff hadde hugget schouff imod schiftet som denem er imellem gjort".
"Ole møtte og sagde hand holler sig til ildhuset ligesom den var for end den blev hanem tilbydt. Angaaende gangen til loftet den holder han sig ligesom den var for end den blev hannem tilschift. Erklærede sig at han icke hadde hugget i hans scauff uden nogle sner som han vilde igjen betale.
Dom:
"Efterdj i rette legges sorenskriverens og 6 dannemænds beseglede beskrivelse datert 3. Januar 1673 som forklarer hvorledes loftet og ildhuset tilligemed de andre huse paa gaarden er dennem imellom schift, der icke formelsder at med gangen enten til loftet eller ildhuset skal ske noen forandring. Annerledes end til forn var, da bør samme gang både til loft og ildhus vere fri til forn var, da bør samme gang baade til loft og ildhuset vere fri och uforandret av dem beholde den scauff og egner ligesom dem aff dannemænd er bleven dem imelloem schift".
Så var det enno ei sak om nokre vassgrøfter som Ola leidde til ei eng. Men no er retten trøytt. Kjem dei no att med meir krangel, skal dei "baade straffes efter Aaugens fulde strenghed". Sidan stilna det.
Les om Ole på Jakobsluten.
Magne Rasmussen døydde omlag 1670. Marita i 1689


Tredje generasjon
Enkja Britha og sonen Rasmus har styrd ihop denne halve garden frå skiftet i 1673 til 1680, då Rasmus tok bruket. Han gifte seg det året med jenta Anna Larsdtr. Hølleland av Askelandsreppen i Myking.
Dei fekk fire born:

1. Magne Rasmussen, f. 1683. Ukjend.

2. Lars Rasmussen, f. 1684 d. 1737. G. 1711 m. enkja Marita Nilsdtr. Holme. Dei budde på Holme.

3. Ole Rasmussen, f. 1686 d. 1739. G. 1715 m. Anna Monsdtr. Grønaas. Dei fekk gard der.

4. Ole Rasmussen d.y., f. 1689 g. 1722 m. Turid Knudsdtr. Indre Eidsnes. Dei budde der.

Rasmus døydde i 1692.
 

Til toppen av sida

Fjerde generasjon
I 1693 gifte Enkja Anna Larsdtr. f. Hølleland seg oppatt med ungkar Sjur Nilsen Fæten (Eikefet) og han fekk bygslet. Han var av ei gamal ætt på Eikefet og Elvik. Ein bror hans, Berge, gifte seg til Husdal, og frå han ætta folket i Husdal endå.
Sjur og Inga fekk tre born:

1. Inga Sjursdtr. f. 1694 d. 1766. G. 1731 m. Anders Johannesen Nedre Eknes. Dei fekk garden etter mora hennar Inga.

2. Rasmus Sjursen, f. 1697 g. 1728 m Mario Monsdtr. Heggertveit, Eidangervåg. Dei fekk bygsla gard på Ytre Eidsnes. Sonen deira var gjestgivar Rasmus Eknesvaag.

3. Mogens Rasmussen, f. 1699, g. 1728 m. Helga Mikkelsdtr. Tveito. Sidan ukjend.

Sjur vert ingen gamal mann. Han døydde i 1704, 37 år gamal.

Femte generasjon
Endå ein tredje gong gifte Anna Larsdtr. seg. Det var i 1705 med ungkar Salomon Olsen Nottveit, og så vart han bonde på garden frå 1701 til 1731. Det vart ikkje born i det ekteskapet. Anna var nok for gamal no. Ho vart gift fyrste gongen det året Salomon vart fødd. Kva tid Anna døydde er uvisst, men ho var død før skiftet etter Salomon i 1731. Han vart berre 51 år gamal.


Til toppen av sida

Sjette generasjon
Då Salomon i 1731 døydde, fekk stedottera hans, Inga Sjursdtr. og mannen hennar, Anders Johannessen Nedre Eknes bygslet.
Anders er frå Jo- bruket. Sjå femte generasjon der.
Dei fekk i 1734 eit barn, som presten har gløymd skriva namnet på. Men det må ha vore Ola, for dei hadde ein son Ola, som i 1758 vart gift i Myking kyrkje med Sygni Olsdtr. Nedre Tveit. Sidan finn me han ikkje nemnd.
Fleire born har dei nok ikkje hatt.
I 1762 let Anders bygslet frå seg på halve bruket, i 1767 på hi halvti, og tok vilkår.
Inga døydde i 1776, Anders i 1779.

Sjuande generasjonen

Det var Nils Jørgensen Nore Øfsthus som no i 1762 kom som bygselmann på dette bruket. Han fekk bygselbrev i november 1761 frå Bergens Katedralskule på halvparten av "det brug paa Nere Echnes som Anders Johannessen nu bor paa".
I 1767 fekk han bygslet på hi helvti.


Nils var fødd i 1734. Foreldra var Jørgen Nilsen Øfsthus, f. på Bjørge, og Brita Olsdtr. Øfsthus. I 1762 gifte han seg med jenta Anna Monsdtr. Ytre Hindenes. Dei fekk i 1763 ei dotter, Brita, men ho døydde to år gamal. So fekk dei sitt andre barn i 1779, sonen Jørgen Nilsen, som i 1812 vart gift på
Myro, Oppegard.
Om sommaren i slåtten i 1786, kjende han Nils seg klein og la seg nedpå for å kvile. Då dei litt etter skulle sjå til han var han slokna.
Det var smått for Nils. Berre so vidt der var dekning for skulda.

Registrering og vurderingsforretning av buet hans vart halde den 02. september 1786.
Det syner kva ein vanleg bonde hadde på husa og garden då, og kva verd det var sett i, målt i pengane då og no.
1 råd. betyr 1 riksbankdalar, (Kr. 3,20) var 96 skilling. Der var 6 mark a` 16 skilling i ein råd.
Specidaler (Kr. 4,-) delt inn i 5 ort a` 24 skilling kom først i 1816.

Pengeverdet fram gjennom tidene har elles her i Norden vore rekna etter "kuverde", ein vanleg kupris. I 1786 ser me at kuprisen dreier seg om 12 kroner.
Jamfører me denne prisen med dei i notid, (1928) vil me finna ut nokså stor ensartethet.
Kornprisen varierer med årgangen.

Alle metallet er forholdsvis dyre. Buet har ingen pengar, difor vart såvel buets kreditorar som skifterett og arvingar dekka med varer etter de av registrerings- og vurderingsretten fastsette takstar.
Skiftet vart avhjemlet på tinget på Hosanger prestegard i 1786 den 04. september. "Udi sorenskriveren herr justisraad Hoberdorffs lovlige forfall paa hans vegne av mig Niels Hjort som fuldmæktig i overværelse av lensmanden Ole Knudsen Fyllingen og Nils Olsen Eknes, og møtte stervboenkens laughverge Ole Monsen Heltvedt og den umyndige beskikkede verge Nils Jørgensen Nore Øfsthus".

 

 

Rd.

M.

Sk.

Kr.

Øre.

1 veveredskap med alt til og med anhørende

1

-

-

3

20

1 tinfat

-

3

-

1

60

1 flat do.

-

2

8

1

33

1 bomme

-

-

12

0

40

1 do.

-

-

12

0

40

1 bryggeøse

-

-

10

0

38

1 kaer

-

1

8

0

80

1 ølkande

-

1

-

0

53

1 kobberkjel

1

1

8

4

00

1 bryggekaer

-

4

-

2

13

1 do.

-

2

8

1

33

1 bryggebøtte

-

-

12

0

40

2 de do.

-

-

12

0

40

En del ølskaaler

-

-

8

0

27

1 par vakkiner, sokker med vakkiner

-

1

4

0

67

1 vadmelstrøye

-

3

8

1

87

1 lysegraa vadmelsserk

-

3

8

1

87

1 hvit vadmelstrøye

-

3

8

1

87

1 par hoser

-

-

8

0

27

1 hvit vadmelskufte

-

5

-

2

67

1 sort do.

-

2

-

1

07

1 hvit vadmelskufte

1

-

-

3

20

1 vadmelstrøye m.m. sølvknapper?

1

-

-

3

20

1 hvit do.

-

2

8

1

33

1 sort vadmelsbukse

-

1

4

0

67

1 hvit vadmelsbrystduk

-

1

4

0

67

1 vadmelstrøye

-

2

8

1

33

1 sengedekker aakle

-

5

8

2

93

1 sølvbelte, ryslederrem, bestaaende av 20 store og 4 smaa støber samt tilhørende sprette og doblingar.

7

-

-

22

40

1 sølvring

-

2

8

1

33

1 sølvhempe

-

-

8

0

27

1 sølvspende

2

-

-

6

40

1 par sølvmaller

-

1

8

0

80

1 sølvsnor

1

1

8

4

00

1 stryskjorte

-

2

4

1

20

1 lerretsskjorte

-

1

8

0

80

1 bordskive

-

-

4

0

13

Lateris

24

2

6

78

07

1 kornbørre uden laas

-

4

-

2

13

1 kiste med laas

-

4

-

2

13

1 do.

-

1

8

0

80

1 do. med verktøi

-

4

-

2

13

1 ko kaldet Hopri

4

-

-

12

80

1 ko kaldet Botri

4

-

-

12

80

1 ko kaldet Spongri

4

-

-

12

80

1 ko kaldet Paaskri

3

3

-

11

20

1 ko kaldet Skauta

3

4

8

12

00

1 sort kvige

3

-

-

9

60

1 fjorgammel kalv

2

-

-

6

40

2 smaa kalver

1

3

-

4

80

1 væder

-

4

-

2

13

1 kastrered væder, graa

-

2

-

1

07

1 lysegraa væder

-

4

-

2

13

1 sauv med lam

-

3

-

1

60

1 do.

-

3

-

1

60

1 do.

-

2

8

1

33

1 sauv med lam

-

2

8

1

33

Halvdelen idu halvdel udi en hoppe

2

-

-

6

40

Halvdelen udi et nøst

3

-

-

9

60

1 færingsbaat

1

3

-

5

60

1 vadben

-

1

8

0

80

1 fiskesnøre

-

1

8

0

80

1 fisketrove

-

-

12

0

40

1 vedhus paa ødetomt (til bortflyttning)

-

1

8

0

80

En del kornstaur

1

1

8

4

00

1 gryte

-

3

-

1

60

1 skap

-

2

8

1

33

1 kagge

-

1

8

0

80

1 reiseflaske

-

-

8

0

27

1 do.

-

-

4

0

13

1 smøreske

-

-

8

0

27

1 do.

-

-

4

0

13

En del melkekjørler

1

-

-

3

20

1 stempe

-

-

8

0

27

1 mysestempe

-

1

2

0

60

Melstempe

-

-

4

0

13

1 halvtønde

-

-

4

0

13

1 brødstempe

-

-

4

0

13

1 smørkjerne

-

-

6

0

20

Halvdelen udi en tørkehelle

-

1

8

0

80

16 melkekoller a` 2 skilling

-

2

-

1

07

1 bakstetraug

-

-

8

0

27

1 bakstegang (bakstegreier?)

-

-

12

0

40

2 de ambrer

-

-

4

0

13

1 drøftetraug

-

-

8

0

27

3 tønder sædkorn

4

-

-

12

80

1 tømmerbile

-

1

8

0

80

1 hug øxe

-

1

8

0

80

1 do.

-

-

8

0

27

1 naver

-

1

-

0

53

1 klemhake

-

-

6

0

20

2 rivenavrer

-

-

4

0

13

1 naver

-

-

12

0

40

1 barkekniv

-

-

12

0

40

1 jernstang

-

2

8

1

33

1 naver

-

-

6

0

20

3 stutthøvler

-

-

6

0

20

2 langhøvler

-

-

8

0

27

1 sag

-

-

8

0

27

1 hammer

-

-

4

0

13

1 ?

-

-

4

0

13

En del jernhagger

-

2

-

1

07

3de træfæder

-

-

10

0

33

1 messinglysestake

-

2

-

1

07

1 messing ?

-

4

-

2

13

en del høer (hamp)

-

2

-

1

07

Stervboenkens egne gangklær finnes og beregnet boet til inntekt med

4

1

-

13

33

Forskjellige slags nødvendige inventar beregnet under ett

7

-

-

22

40

1 strye og lerretsskjorte

-

-

8

0

27

Summa summarum

86

5

4

278

00

"Skriver seks og firsindtyve Rigsdaler, fem mark og fire skilling hvilke utgjør boets foranførte masse.

Ola Knudsen Fyllingen,

Til toppen av sida

Åttande generasjon
Anna Monsdtr. var 54 år då ho vart enkja. Men då ho hadde bygslet var det lett å få deg ein mann att.
I 1787 gifte ho seg att med "unge karlen Knud Joensen Totland", av Jo- Luten. Han var berre 27 år då, og han fekk so bygslet. Anna Monsdtr døydde i 1810, og i 1812 gifte Knut set oppatt.
Den andre kona hans heitte Martha Monsdtr. og var frå Hatland. Ho var då enkje ette Baste Rasmussen, som døydde i 1808. Baste og Martha Grimstad hadde hatt mange born, men berre den eldste, Andreas og dei to yngste, Rasmus og Nils levde.
Anders Bastesen gifte seg med Syneva Haldorsdtr. Laastad, og budde som plasmann i Erdal under Haugstveit. Deira dotter var Ingeborg i Herlandsliæ.

Då Martha Monsdtr. kom til Eknes hadde ho dei minste borna med seg:

1. Rasmus Bastesen, f. på Grimstad i 1804. Han fekk garden på Neregard etter Knut.

2. Nils Bastesen født på Grimstad i 1806, "druknet på reise til byen, fantes ei igjen". Det var den 08. september 1823.

Knut Joensen hadde bygslet til sin døyande dag. Han døydde i 1838. Martha i 1856, 95 år gamal.

Folketeljinga frå 1801.

Førenamn Etternamn Hushaldstatus Alder Sivilstand Yrke Kjønn
Knud Johnsen Huusbonde 46 Gift 1. gang Leylænding M
Anna Monsdtr. Hans kone 68 Gift 2. gang   K
Jørgen Nielsen Deres søn 22 Ugift   M
Marte Olsdtr. Totlandsvigen Tienestepige 32 Ugift   K


Niande generasjon 
Rasmus Bastesen frå Grimstad fekk kjøpa garden truleg i 1826, og vart soleis den første sjølveigar på dette bruket. Han gifte seg i 1826 med jenta Ingeborg Nilsdtr. Revheim, f. 1799. Ho var dotter av lensmann Nils Nilsen Revheims andre ekteskap, og fødd etter at faren var død. Ho vart fostra opp hjå skyldfolk på Hatland, og vart derfor skrive for Hatland då ho vart gift.
Rasmus budde heile sin bunad på Gamletunet i Storstova der. Kårfolka budde i Litlastova ved sidan av. Rasmus og Ingeborg fekk sju born. Fire døydde små. Desse vart vaksne:

1. Nils Rasmussen, f. 27.11 1827. Hamn fekk garden etter faren.

2. Martha, f. 03.05.1831. g. m. Gudmund Johannessen Bysheim. Ho døydde barnlaus på barselseng den 25.09.1861 etter å ha fødd ei dotter, Martha. Ho er no  (i 1928) enkje etter ein Favnestad i Bergen.

3. Olina, f. 13.11.1841 d. 1916. Ho var ugift. Tenar. Budde på Hanstveit dei siste leveåra.

Den 10. november 1843 døydde kona Ingeborg Nilsdtr. Same dag døyr dottera Martha d.y. fem år gamal, og 09. november døydde dottera Ingeborg, 11 år gammal.

Om hausten 1844 gifte Rasmus Bastesen seg oppatt med jenta Anna Olsdtr. Norde Røssland, f. 1813. Ho var dotter av Ole Olsen Røssland og kona Guri Olsdtr. Molvik.
Med Anna fekk Rasmus desse fem borna:

1. Baste Rasmussen, f. 15.04.1845 g. 1870 m. Siri Nilsdtr. Bernes. Baste dreiv som bygningsmann. Budde på Nedre Eknes til 1874. Då flytte dei til Åsheim der dei fekk seg jord. På Eknes fekk dei to born.

2. Ingeborg Rasmusdtr., f. 18.01.1847. Ho døydde i 1864.

3. Ole Rasmussen, f. 07.12.1849 g. 1871 m. Martha Jonsdtr. Saltnes, Eikangervåg.
Budde til 1880- åra som paktar på Gatland, kjøpte so Mykingatreet i Haus.

4. Knut Rasmussen, f. 1852 d. 1857.

5. Guri Rasmusdtr., f. 03.12.1855 g. 1886 m. Knut Ingebrigtsen Myking på Moen i Stamnes. Ho døydde i 1895 barnlaus.

Då Rasmus i 1859 gav garden frå seg til sonen, tok han deira lut av Utføret til kårstykkje og flytte Småstova dit, der no (i 1928) Ole Nilsen bur. Der døydde han Rasmus i 1886. Anna døydde i1894.

Til toppen av sida


Tiende generasjon 
Nils Rasmussen f. 1827 vart gift i 1859 m. Aasa Olsdtr. Leknes, f. 1830. Dei fekk so garden. Aasa var dotter til Ole Nilsen Eikanger som då budde på Leknes. Den gamle røykstova på Gamletunet var no lite tenleg, og Nils bygde no nytt sør for Gamletunet. Rett nord for der lærarhusa no står.
Då Jon Eriksen hadde flytta bort frå Gamletunet 1855, og så Nils i 1864, og flytte bort, var dette tunet som frå eldste tider hadde vore heimstad for Eknesfolket ståande tomt.
Nils og Aasa hadde desse borna:

1. Rasmus Nilsen, f. 04.02.1860. Han reiste til Amerika om våren 1882. Ugift. Rasmus Nilsen døydde i 1900.

2. Ingeborg Nilsdtr., f. 28.10.1862. Ho døydde ugift i 1882.

3. Ole Nilsen, f. 20.09.1864 d. 1942. G. 1888 m. Jørgina H. Gatland. Dei budde først i Bergen, sidan i Trondheim. Frå 1897 budde dei i Utføret til dette bruket.

4. Johanna Nilsdtr., f. 28.10.1866. G. 1890 m. Sersjant Davik i Sogn. Barnlause.

5. Martha Nilsdtr., f. 04.05.1868. G. 1886 m. Jakob Halvorsen Bjørndal. Dei budde på Bjørndal og hadde mange born. Jakob var død i 1928. Martha døydde i 1950.

6. Ingvald Nilsen, f. 21.12.1869. Han reiste til Amerika i 1892. Der døydde han i 1900. Ugift.

7. Knut Nilsen, f. 1872. G. 1893 m. Berta Olsdtr. Ytre Eidsnes. Ho var dotter av Ole Tommessen Ytre Eidsnes. Dei hadde Utførestykkjet frå 1899, men reiste til Amerika i 1902. Fire born,  alle busett i Amerika
.

Då Nils og Aasa var vilkårsfolk, flytte dei i Litlastova, og der levde dei i mange år. Nils var mykje sløv dei siste åra, og han kjende mest ingen.
Han døydde i 1908.
Aasa vart omlag 97 år gamal, døydde i 1926. Ho hadde usedvanleg friske åndsevner til det siste, mintes godt og fylgde bra med.

Her er kva son står i folketeljinga frå 1865

Hush. Fornamn Etternamn Fam. status Yrke Siv. st. Alder Kjønn Fødested
1 Nils Rasmussen Husfader Gbr. Selveier G 39 M Hosanger
  Aasa Olsdtr. Husmoder   G 35 K Hammers
  Rasmus Nilsen Deres søn   Ug 6 M Hosanger
  Ingebjørg Nilsdtr. Deres datter   Ug 4 K Hosanger
  Ole Nilsen Deres søn   Ug 2 M Hosanger
  Ole Rasmussen   Tjenestekarl Ug. 17 M Hosanger
  Oline Olsdtr.   Tjenestepige Ug 23 K Hosanger
1 Rasmus Bastesen Hans fader Føderaadsmann G 62 M Hosanger
  Anna Olsdtr. Hans kone   G 52 K Hosanger
  Baste Rasmussen Deres søn Bordarbeider Ug 21 M Hosanger
  Guri Rasmusdtr. Deres datter   Ug 2 K Hosanger

Dei hadde den gongen: 10 stort kveg, 20 får. Dei sådde det året 3,5 tunner havre og 5 tunner poteter.

Det var ei til folketeljing i Nils Rasmusen si tid.
Her er teljinga frå 1875.

Hus
hold
Fornamn / Etternamn   Kjønn Hush. status Yrke Siv. st. F. aar Fødested
1 Nils Rasmusen   M Husfader Gaardsøn, Gaardbruger, Bordarbeider G 1827 Hosanger
  Aasa Olsdtr.   K Husmoder   G 1830 Hamers
  Rasmus Nilsen   M Deres søn Hjælper foreldrene Ug 1860 Hosanger
  Ingebjørg Nilsdtr.   K Deres datter   Ug 1862 Hosanger
  Ole Nilsen   M Deres søn   Ug 1864 Hosanger
  Johanna Nilsdtr.   K Deres datter   Ug 1866 Hosanger
  Martha Nilsdtr.   K Deres datter   Ug 1868 Hosanger
  Ingvald Nilsen   M Deres søn   Ug 1869 Hosanger
  Knud Nilsen   M Deres søn   Ug 1871 Hosanger
1 Rasmus Bastesen Huset på Gamletunet M Husfader Føderaadsmand G 1804 Hosanger
  Anna Olsdtr.   K Husmoder   G 1814 Hosanger
  Guri Rasmusdr.   K Deres datter Hjelper foreldrene Ug 1855 Hosanger
  Anna Bastesdtr.   K Brordatter   Ug 1871 Hosanger
  Martha Gusdmundsdtr.   K Søsterdatter   Ug 1861 Hosanger


Litt forklaring til denne teljinga:
Anna Bastesdtr. var dotter til bror til Rasmus Bastesen, Baste Rasmusen og kona, Siri Nilsdtr. Bernes. Dei gifte seg i 1870.
Dei flytte til Åsheim på Osterøy i 1874, men det ser ut til at Anna var att på Eknes hjå besteforeldra. Ho har i alle fall budd der eit år etter at foreldra flytte.
I år 1900 fekk Ana eit barn med ein Snekkar Mikkel Mikkelsen Svarstad av Kinsarvik. Dei var ugifte. Dei budde nokre år på Åsheim Osterøy. Sidan flytte ho til Bergen med dottera. Ho bar namnet Mikkeline.
I Bergen jobba ho som kontordame.

Martha Gudmundsdtr. var dottera til systera til Rasmus, Marta Rasmusdtr. og mannen hennar, Gudmund Johannesen, Bysheim, Osterøy.
Marta Rasmusdtr. døydde på barselseng i 1861, då Martha vart fødd.
Ho vaks opp på Eknes hjå besteforeldra.
Gudmund flytte til Laksevåg.
Martha vart gift med ein Ravnestad.
Budde som enkje i Bergen i 1926.

I 1875 hadde dei sju kyr, tre kalvar og tjue sauer.
Dei sådde det året tre tønder havre og fem tønder poteter.
Dei hadde ikkje frukthage.



Ellevte generasjon
Ole Nilsen, f. 1864 fekk garden i 1887. Han vart gift med Jørgina Haldorsdtr. Gatland i 1888. Dei budde først ei stund i Trondheim. Kor tid frå, finn eg ingen ting om, men eg kan seie så mykje at dei har budd der i 1892 og 1898 for då var dottera Hilborg og sonen Rasmus, fødd der. I 1888 kan dei ha budd i Bergen ei lita stund, for der er dottera Aasa fødd. Dei kom til Eknes i 1898. Det er det ein paktar, Nils K. Tvedt som har budd på bruket på Eknes. Han har vore på Eknes i 1899 eller 1900, for han har ein udøypt gut det året som er fødd i Hosanger. Han kan ha vore på bruket før det og, for ei dotter er fødd i Hosanger i 1897.
Ole var maskinist, og i mange år for han til sjøs, helst på Nordland, (Vesterålske Danpskibsselskap) og det var helst ho Jørgina som stelte gardsbruket.
I folketeljinga frå 1900, står han oppførd med "midlertidig bopel Amerika".
Han er ikkje å finne i emigrantlistene, så han har vel gått i land frå ein båt han har jobba på. Kor tid veit eg ikkje. Det einaste eg kan nemne er at han må ha vore i Amerika i mai 1899, for då har O.E Bjørge fått fullmakt til å ordne salet av bruk nr. 8, Utføret.
Les om det her.
Han er i allefall heime i 1907, for då har han teke opp eit lån.

Les meir om dei i trettande generasjon.

Her er kva som stod i folketeljinga frå 1900.

Hush. Fornamn Etternamn Kjønn Bosatt Midl. bost. Fam. st. Siv. st. Yrke F. år F. sted
1 Ole Nilsen Eknæs M F Amerika Husfader G Maskinist og gaardbruker 1865 Hosanger
  Jørgina Halvorsdtr. K B   Husmoder G Gaardmandskone 1863 Hosanger
  Aasa Olsdtr. K B   Datter Ug Datter 1888 Bergen
  Hilborg Olsdtr. K B   Datter Ug Datter 1892 Trondhjem
  Rasmus Olsen M B   Søn Ug Søn 1897  
1 Nils K Tvedt M B   Husfader G Pagter og gaardsarbeider 1873 Lindaas
  Britha Johannesdtr K B   Husmoder G Husmoder 1871 Hosanger
  Engelina Nilsdtr. K B   Datter Ug Datter 1895 Lindaas
  Bertha Nilsdtr K B   Datter Ug Datter 1897 Hosanger
  Astrid Nilsdtr K B   Datter Ug Datter 1899 Lindaas
  Udøpt gut Nilsen M B   Søn Ug Søn 1900 Hosanger

Då i år 1900 hadde dei Korn, poteter, kreatur, fjærkre og frukthage.

Tolvte generasjon
Jørgen Askildsen, f. 1883, kjøpte bruket hjå Ole i 1911. Dei hadde garden i tre år. Då selde dei bruket tilbake til Ole, og flytte til Nedre Eikanger.
Jørgen gifte seg med Sygni Monsdtr. Molvik, f. 1880 i 1904.
Dei hadde desse borna:

1. Albert Martinius Jørgensen, f. 1905

2. Sigrid Synneva, f. 1907

3. Anton Severin, f. 1908, d. 1987.


Til toppen av sida


Trettande generasjon
Ole Nilsen, f. 1864 Kjøpte bruket att i 1914. Han vart gift med Jørgina Haldorsdtr. Gatland. Ole var maskinist, og i mange år for han til sjøs, helst på Nordland, (Vesterålske Danpskibsselskap) og det var helst ho Jørgina som stelte gardsbruket.
Han slutta å reise omlag 1920. Då selde han heimaluten utan markrett til Hosanger Herad, og då vart våningshuset bustad for læraren i krinsen. I dag, pr. 2003 er det Brynjar Nordanger som eig huset.
Sjølv bygde Ole på dei gamle kårhusa i Utføret og flytte dit. Det nye bruket, Utføret, fekk då br.nr. 8.
Der har han stelt på det gamle stykkjet og teke nytt inn frå innmarka.
Jørgina døydde i 1927, Ole i 1942.
Før han Ole selde til Heradet, hadde han seld bort skurvene på Hesten til ein Kruger. No (1928) er ei forretningsdame frk. Eide eigar av Hesten.
Dette var slutten på bruk nr. 1 på Neregard. Dette bruket eksisterar ikkje i dag.
Ole og Jørgina hadde desse borna:

1. Aasa Olsdtr. Heime hjå faren. To born, Ingrid og Kjell. Kjell døydde i år 2000. Kreft.

2. Hilborg Sigvarda Olsdtr. f. 1892. G. 1. gong m. fyrbøtar Øyvind O. Bugge, Bodø. G. 2. gong i Amerika. Mange born i andre ekteskap.

3. Rasmus Olsen, f. 1897. G. i 1927 m. Anna Moltumyr av Herøy. Dei fekk bruket (Utføret) etter foreldra til Rasmus.

Fjortande generasjon
Hosanger Herad.
Dei har etter 1970 seld tomtar ut frå resten av dette bruket. Det er tomtane som er skild ut mellom Oppegardsbruket (G.nr. 238 b.nr. 3 på Oppegard, Jorunn Borge.) og Jakobsluten. (G.nr. 239 br.nr. 3 på Neregard, Trygve Eknes.)

For å sjå dei bruka, sjå oversikten


Til toppen av sida     

 

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net