RETT TIL JORD.

Mensalgods eller benefisert gods er jord som var eigd av kyrkja. 

At bonden eig sin eigen gard er eit forhold som høyrer vår tid til. I det meste av Noreg si kjende historie var bonden kun leigetakar på den jorda han dreiv. Denne utviklinga starta ved framveksten av dei to institusjonane kongedømme og kyrkje som, både i lovverk og oppfatning, endra den sterke eigendomsretten som fans frå heidensk tid og ættesamfunn. Kongen slo under seg eigendomar med makt, først i kampane ved innføringa av rikskongedømet og seinare i borgarkrigstid og ved annan ufred. Kyrkja fekk vanlegvis sine eigendomar i gåve eller som betaling for kyrkjelege tenester.

Den største delen av jord i middelalderen vart dermed eigd av kongen (krongods) og av kyrkja (kyrkjegods). Mindre delar vart og eigd av adelen (adelsgods), men denne delen vart aldri stor i Noreg. Av kyrkjegodset var store delar eigd av erkebiskopen/biskopen, enten personleg eller av bispe-embetet. Andre delar kunne være eigd av lokale kyrkjer, prestar, kyrkjelege embetsmenn eller av kloster. Det var ofte bønder utan nær slekt som valgte å gje eigedomane sin til kyrkja, og betingelsen var vanlegvis at kyrkja til gjengjeld regelmessig skulle lese sjelemesser over den døde.  På denne måte vart kyrkja etter kvart den største jordeigar i landet.

Ved reformasjonen vart mesteparten av kyrkjegodset konfiskert av kongen, men utover på 16- og 17-hundretalet, vart kongen tvinga til å selje mange eigendomar vidare til adel og byborgarar, vanlegvis for å finansiere krigar og/eller et overdådig levesett. Et eksempel er det store salet som Fredrik den 3. iverksette på 1660-talet, då opparbeidd gjeld etter "Karl Gustav-krigane" i 1657/60 skulle betalast. Slikt sal av jord førte ofte til at det vart fleire eigarar av éin og same eigedom, der kvar eigar eigde sin ideelle andel. Vanlegvis var det då den største eigaren som "styrde bogselet", dvs. avgjorde kven som skulle få leige og drive jorda.

I motsetning til den gjengse oppfatning var leilendingen ikkje særlig dårlig stilt i Noreg, i alle fall ikkje når ein samanliknar med forholda ellers i Europa. Kongen i København var svært forsiktig med å leggje høg landskyld på dei norske bøndene, då dette lett kunne føre til opprør og ufred. Bøndene nytte og ein ikkje ubetydeleg rettsleg tryggheit ved at dei var i kongens eller kyrkja si "teneste".

Likevel, etter kvart som bondestanden fekk auka levestandard, begynte bøndene å kjøpa dei gardene dei til då hadde leigd. Denne utviklinga starta tidligare og gjekk hurtigare i Noreg enn i mange andre europeiske land, og endte midt på 1800-tallet med at nesten alle bønder sjølv eigde gardane sine.

Dei gardane som seinast vart overført til brukaren var dei såkalte "Beneficert" gardane, dvs. gardar som tilhøyrde kyrkja eller kyrkjelege embete.

På mange måtar kom dei fyrste sjølveigarane dårligare ut enn dei som endå var leilendingar. Sjølveigarane sleit ofte med store lån, og vart tvungen til å selje unna delar av garden for å klare dei økonomiske forpliktelsane sine. På 1800-tallet føregjekk det difor ein kraftig oppdeling av eigedomane. Store barnekull og redusert dødelighet hadde same virkning.

Før gardane vart sjølveigde og før jordskifteloven av 1821, vart hverken småbruk, tomtar eller bureisingsbruk utskilt ved skylddeling (fordeling av skuld i leigeavgift), slik me kjenner det i dag. All busetjing utanom hovudgarden gjekk føre seg ved bygsel og feste, og dei som bygsla, vart kalla husmenn eller stovemenn, avhengig av om dei hadde jord eller ikkje.

Bygda Rindal hadde for eksempel størst annal husmenn ved midten av 1800-tallet, med 232 husmenn mot 159 gardbrukarar.

Utvandringa til Amerika og ein begynnande industrialisering i siste halvdel av 1800-talet gjorde i stor grad slutt på husmannsplassane, men den siste husmannsplassen i Rindal opphøyrde først på 1940-tallet.

I Årdal var utviklinga atypisk, muligens p.g.a. bygda låg svært utilgjengeleg til. Her var ein uvanleg liten del av eigedomane kyrkjegods i 1330-åra (Bjørgyngar Kalfskinn antyder kun 20%). I 1645 sat krona med kun 13% (landsgjennomsnitt var ca. 50%) og kyrkja sin andel var 7%. Før 1800 var adelsgodset vekke og godt over 80% av all jord var allereie på brukarhend.

I tillegg til dei tre jordeigarane (krone, kyrkje og adel) finn me følgjande kategoriar mennesker i det norske middelaldersamfunnet:

NB: Det er viktig å være klar over at det ofte ikkje var klare skiljer mellom dei forskjellige kategoriane. Ein leilending kunne f.eks. og være jordeigar ved å eige part i ein annan gard. Det var og store skilnader både tidsmessig og geografisk mht kor levevilkår og status var for dei forskjellige kategoriar.)

Leilendingen (eller bygselsmannen) var altså den personen som leigde og brukte jord. For dette betalte han ei årleg leigeavgift (landskyld), og ei eingongsavgift når legiekontrakta vart sett i verk. (bygselsavgift, fordi leigeformen kallast bygsel) og ei fast avgift kvart tredje år, tredjeårstaken. Leilendingar på adelsgods hadde dessutan arbeidsplikt på hovedgarden og ein del andre forpliktelsar. Leigekontrakten (bygselbrevet) vart lest opp på tinget og var difor eit rettskraftig dokument.

Husmannen stod juridisk svakare enn leilendingen i og med at husmannskontraktane ofte ikkje vart tinglest. At han ikkje betalte skatt trekte og ned reint statusmessig, spesielt i forhold til leilendingen. Husmannen hadde heller ikkje nødvendigvis livfeste, ofte var han på oppseiing. Dette avhang av korleis avtalen med jorddrotten var utforma. Vanlegvis hadde husmennene noko meir arbeidsplikt enn bygselsmenn. Det fans og "husmenn utan jord" eller "stovemenn". Dette var reine gardsarbeidarar, som kun hadde kost og losji i betaling for arbeidet sitt.

Arbeidsplikta var ofte omfattande, og i slåttonna ofte opp til tre veker. I tillegg kom arbeidsdagar i plogonna, skurdonna og ofte ein dag for utgardsgjerding om våren.

Ofte måtte husmannen og gjere tjeneste som gjetar, og ellers kunne han setjast til forefallende arbeid når hovudbruket si drift krevde det, men då vanlegvis for betaling. For dette fekk han ofte rett til feste på livstid og rett til feste for eit av borna sine.

Strandsitjar var et samlebegrep på folk som leigde hus, men som ikkje dreiv jorda. Ofte var dette håndverkarar, og leiga vart vanlegvis betalt i reine pengar.

Ofte høyrer me også om inderster. Dette var nærmast hybelbuarar, altså ein person som leigde seg inn hjå nokon. Begrepet går altså kun på buformen og ikkje på yrkestilknytinga.

 

Til bake

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net