NEDRE ELLER YTRE EKNES

Hosanger: G.nr 64.     Lindås G.nr. 239 B.nr. 3 og 4 (I dag bruk nr. 3)

Stor- Røysne, Jo-Bruket eller Jo-Mons Bruket
Dette er garden som Magnus Eknes eig.
 

Opplysningane er henta frå:
Askild Eknes 
Digitalarkivet
Statsarkivet i Bergen
Jesus Christ of Latter-day Saints family search
Folk frå Eknes

Oversikt over bygselmenn og eigarar på Jo-Bruket

Namn År dei styrde Namn År dei styrde Namn År dei styrde
Jørgen Echnes Om lag 1600 Synneva Johannesdtr. 1760 - 1767 Erik Jonsen 1886 - 1889
Vemund Echnes Om lag 1620 Johannes Iversen 1767 - 1776 Johannes Johannesen 1889 - 1893
Ole Magnesen Om lag 1645 - Omlag 1664 Magne Johnsen 1776 - 1811 Mons Jonsen 1893 - 1923
Anders Olsen Om lag 1664 - 1702 Jon Magnesen 1811 - 1814 Enka Ingeborg Askildsdtr. 1923 -
Enkja  Synneva 1702 - 1706 Enkja Kari Olsdtr. 1814 - 1817 Einar Monsen          - 1943
Johannes Iversen 1706 - 1737 Erik Olsen 1817 - 1852 Anna A. Nottveit 1943 - 1951
Iver Knudsen Simenes 1737 - 1760 Jon Eriksen 1852 - 1886 Magnus Arne Einarsen Eknes 1951 -

 

Fyrste generasjon:
Jørgen har styrd garden frå omlag 1600 til omlag 1620, for då er han borte.
Det er ikkje meir å finna om han.

Andre generasjon
I 1620 og 24 skatta ein Vemund Echnes leilendingsskatt, ein dlr. Det fins ingenting om garden frå 1624 til 1645, og då er Vemund borte.
(Ein leilending var ein gardbrukar som leigde et gardsbruk av andre. Må ikkje forvekslast med husmannen, som leigde en plass, og som tilhøyrde ei annan sosialgruppe. Det var altså ei leige for jorda.)

Tredje generasjon
I Koppmanntalet frå 1645 finn me på bruket:
Ola Magnesen, tømmermann, kona Marita og dotter Karen.
Ola Magnesen finn me nemd i tingbøkene frå 1642. Han resta fleire vender skatt. Tømmermannen er merkt i manntalet for bønder, og elles for kvar over tolv år skulle betale åtte skilling i ekstra skatt, men dei som attåt hadde eit handverk skulle betala dubbelt. 
Sist finn me han nemd i tinget på Eide hausten 1654. Sønene etter lensmannen i Eikanger skibrede Nils Eriksen Fyllingsnes, stemde Ola Magnesen Echnes " formedelst nogen obequemme ord hand haffde talet paa sal. Nils Fyllingsnes, fordum lensmann udi Echanger skibrede, och hans sønner"
Ola møtte i retten, men han kunne ikkje minnast noko om saka, "da hand dette schulde haffue talet, var offuehendig druen, så hand ikke viste huad han talet". Han visste ikkje anna enn "huad der er got och oprichtig i alle maader" om lennsmannen og sønene hans. 
Saka enda med forlik og bøn om tilgjeving, og tilgjeving og handslag for retten.
Ola må vere død i 1660- åra, ikkje seinare en 1665. I 1664 eller 65 er garden vorte delt i to like bruk. Kvart på 0,5 laup smør og eit mele malt.
Desse to bruka er Stor-Røysne eller Jo-Bruket kalla.
Det er Jo-Bruket me går vidare med her.
Det andre bruket er Røysne.

Til toppen av sida

Fjerde generasjon
Anders heiter den mannen som har fått bruket etter Ola. Han var 26 år i 1664. Han må vore ein son av Ola og Marita, for i 1691 døydde mor hans Marita 81 år gamal. Ho har nok vore kårkone hjå sonen.
Kona hans Anders heitte Synneva, men kor ho er frå finn me ingenting om.
Kyrkjebøkene vart ikkje førde før 1677.
Anders Olsen og Synneva hadde ei dotter Brita. Ho vart gift med Elling Olsen Kvamme i Hamre. Dottera deira fekk garden på Eknes etter besteforeldra. (Femte generasjonen) Fleire born finn me ikkje nemde. 
Anders har hatt noko midel. Han eigde i alle høve ein lut av bruk nr. 2 på Rongved, kvar på 12 merker smør og 10 tønner malt. Den luten bygsla han bort til Rasmus og Nils Rongved i 1697.Anders Olsen Eknes døydde i 1702, skulle då vera 64 år gamal.
Synneva må ha styrd som enkje til 1706. Då let ho bruket frå seg til dotterdottera.
Synneva døydde i 1718, skulle då vara 85 år gamal.


Femte generasjon
Johannes Iversen Øvre Eknes, av Laupa luten, f. på Bjørndal 1684. Sjå Laupen fjerde generasjon. Han gifte seg med Kari Ellingsdtr. Kvamme i 1706, dotterdotter av Anders og Synneva. Det året fekk dei bygslet etter Bestemora, Synneva Nedre Eknes.
Johannes og Kari hadde desse borna:

1. Anders, f. 1707 g. 1731 m. Inga Sjursdtr. N. Eknes. Dei bygsla "Rasmusluten". Sjå sjette generasjon der.

2. Knut, f. 1711. Han var soldat. Døydde ugift i 1735.

3. Synneva, f. 1717 g. 1737 m. Ivar Knudsen Simenes. Dei fekk garden etter foreldra hennar.

4. Elling, F. 1720, truleg død ung.

5. Ana, f. 1723. Ho ervde faren i 1737, Sidan finn me ho ikkje.

Der var og to døtre, men dei døydde små. Både Johannes og Kari strauk med i drepsotti i 1737 og vart gravfeste same dagen.

Til toppen av sida

Sjette generasjon

Dottera Synneva Johannesdtr. gifte seg like etter at foreldra hennar døydde med Iver Knudsen Simenes, f. omlag 1702. Dei fekk so bygslet på farsgarden hennar. Dei hadde etter kyrkjeboka hatt ni born. Fire av dei døydde små.
Hine var:

1. Johannes, f. 1743. Han fekk garden etter foreldra.

2. Lars, f. 1748 g. 1779 m. Aasa Jonsdtr. Totland. Dei budde på Meland.
Det står i kyrkjeboka: "Døpt it barn til Iver Knudsen Eknes. Han hadde sonen Lars, må vera han.

3. Mons, f. 1749. Han kallast i 1777 "Konstabel" eller "Militærkonstabel. Sidan vart han kalla "Mons i byen".

Iver Knudsen døydde i 1760, er sagd 58 år gamal. Syneva døydde i 1772, 55 år gamal.
Skiftebreva er borte for dei åra.


Sjuande generasjon
Johannes Iversen Nedre Eknes, f. 1743 gifte seg med jenta Britha Gudmundsdtr. Indre Eidsnes. (av Ole Larsens bruk)  Då fekk dei bygslet på garden etter foreldra hans. 
Mora har nok styrd garden frå Ivar døydde i 1760, til Johannes gifte seg i 1767.
Johannes og Britha fekk ei dotter, men både ho og mora døydde i 1769.
Same året gifte Johannes seg att med jenta Kari Knudsdtr. Litle Aurdal.
Heller ikkje av det ekteskapet vart det vaksne born.
Johannes døydde i 1776 berre 35 år gamal. Skifteprotokollane er borte for dette året.

Til toppen av sida

Åttande generasjon
Kari Knudsdtr. gifte seg att med ungkar Magne Johnsen Mulen, f. i Heltveit i 1752. Då fekk Magne bygslet på bruket.
Dei fekk fem born,Raila, f. 1768, d. 1768. Brita, f. 1775. d. 1775. Aasa, f. 1777. d. 1777. Johannes, f. 1778. d. 1778.
og Jon, f. 1880. Etter som dei fire fyrste døydde små, var Jon einaste barnet deira. I 1811 let dei bygslet frå seg til han..
Kari døydde i 1813, 71 år gamal. Magne Johnsen bleiv på veg til byen i 1817, 65 år gamal.
Eg fann Jon i kyrkjebøkene. Han var konfirmert i Hosanger kyrkje den 29. november 1895, 16 år gamal.

Folketeljinga frå 1801.

Førenamn Etternamn Hushaldstatus Alder Sivilstand Yrke Kjøn
Magne Johnsen Huusbonde 48 Gift 1. gang Leylænding M
Kari Knudsdtr. Hans kone 58 Gift 2. gang   K
John Magnesen Deres søn 21 Ugift   K
Udne Andersdtr. Wæleland   14 Ugift   K


Niande generasjon 
Jon Magnesen fekk bygslet i 1811, og gifte seg då med jenta Marie Olsdtr. Bjørge, og i 1812 fekk dei ein son, Magne.
Same året døydde Maria 39 år gamal. Sonen hennar, Magne Jonsen, døydde ugift på Eknes i 1834.
I 1813 gifte Jon seg att med Kari Olsdtr. Bjørge, ei syster av Maria. I 1814 fekk dei ei dotter, Maria Jonsdtr. Ho døydde på Eknes i 1857, og med henne døydde den ætta ut på Eknes.
Siste dagane i oktober 1814 var "Ole Olsen, Vassel, drengen Johannes Knutsen Totland og drengen Johannes Gudmundsen 
Askvik "i skyss med øvrigheite" frå Bernestangen til Bolstad. 
Om det står det i kyrkjeboka:
"Disse fire personar druknet i Bolstadstrømen, tillikemed tre av øvrigheden, søndag den 30. oktober 1814. Johannes Totland fantes ei igjen". I Haus kyrkjebok står det at res. Kap. Friis gravfesta den 20. november ved Stamnes Kyrkje:
1. Const. sorenskr. hr. procurator Krogh, 40 år.
2. Hr. procurator N.H. Stuvitz, 54 år.
3. Kontorist Didrich Foss, 18 år.
"Huilke tre øvrigheter druknet 1. november tilligemed skysskarlene og bleve begravede ved Stamnes Kyrkje den 4. november 1814".
Ho Kari Olsdtr. styrde so garden som enkja nokre år. I 1817 gifte ho seg med tenesteguten sin, Erik Olsen Øvretveit.

Til toppen av sida

Tiende generasjon 
Erik Olsen Øvretveit av Lindås, f. omlag 1788, fekk so bygslet. (Han gjekk mykje under namnet "Gamle Erik".)
Erik og Kari hadde tre born:

1. Jon, f. 20-03 1818. Han fekk garden etter foreldra.

2. Ole, f. 16-10 1820 g. 1856 m. Johanna Olsdtr. Leknes. (Systera til Nils-Aasa.) Dei budde nokre år som inderster (Inderst er ein person som leigar husrom hjå andre.) på Eknes.
Fekk i 1857 sonen Magne, ukjend, og i 1858 dottera Anna Marie g.m. Kaffihusvert Meland i Bergen. Ho vart enkje.
Johanna døydde oml. 1865. Sidan budde Ola ei tid i Bergen, ei tid i Arna, og var ei tid i Nordland. Han kom heimatt omlag 1880 som ein helselaus mann og levde av kommunen. Etter at Lange-Mario døydde i 1884, budde han nokre år i stova hennar på Gamletunet. Sine siste år heldt han til i Askvik. Der døydde han i 1890- åra.

3. Anna, f. 1824 g. 1865 m. husmann Erik Josefsen Tveiten i Eselien.
Dei var bornlause. Både ho og mannen døydde omlag 1880 åra.
Husa deira vart seld og flutt på Nothusskjæret i Eknesvågen, er no posthus der. 

Kari Olsdtr. døydde omlag 1854, Erik Olsen i 1862.

Ellevte generasjon
Jon Eriksen, f. 1818, gifte seg m. Britha Monsdtr. Indre Eide. Han tok garden som første sjølveigar. Husa stod endå oppe på Gamletunet, men han Jon flytte dei ned der dei endå stod i 1855. Sidan planta han den største aldehaugen som var i bygda då.
Den heldt han i god stand og hadde ei god innkome av han. Gardsdrift elles interesserte han seg mindre for. Han var meir evnerik enn dei fleste menn i bygda, så under andre høve ville han nok ha vore ein meir "framskutt" mann. Han hadde mykje mortgang, miste fleire born. To samstundes av difteri i 1862. Så døydde kona hans på barselseng i 1874.Det gjekk nedover med han og helsa vart klein. Dei siste åra dreiv han mest med småfiske. 
Britha og Jon hadde desse borna vaksne:

1. Erik, f. 05-11 1868. Ugift. Han fekk garden etter faren.

2. Kari, f. 05-11 1868. Dreiv mange år ein liten frukthandel i Bergen. Vart sinnsjuk. Døydde omlag 1920 på Nevegården.

3. Mons, f. 17-03 1871. Budde på Eknes frå omlag 1895.

Omlag 1876 gifte Jon Eriksen seg att med Britha Olsdtr. Eide. Dei fekk 07-01 1877 ein son, Berge. Han budde i Salhus. Der dreiv han ein landhandel. Omlag 1910 døydde han der og let etter seg kona og fleire born. 

Jon Eriksen døydde i februar 1886. Enkja hans Jon, Ho Britha gifte seg att med plassmannen Knut Eilefsen Tveiten Eidetreet.

Her kan ein sjå kva som stod i folketeljinga frå 1865.

Hush. Fornamn Etternamn Familiestatus Yrke Sivilstand Alder Kjønn Fødested
1 John Eriksen Husfader Grdbgr. Selveier G 47 M Hosanger prgj.
Britha Monsdtr. Hans kone G 30 K Hosanger prgj.
Erik  Johnsen Deres søn Ug 2 M Hosanger prgj.
Ingebjørg  Olsdtr. Tjenestepige Tjenestepige Ug 17 K Hosanger prgj.
Anna Maria Olsdtr. Hans broderdatter, pleiebarn Ug 8 K Bergen
1 Anders Johnsen Logerende Skomager, Fattigunderstøttelse G 27 M Hosanger prgj.
Ingebjørg Ivarsdtr. Hans kone G 34 K Lindaas prgj.
John  Andersen Deres søn Ug 4 M Haus Prgj.
Ingebjørg Andersdtr. Deres datter Ug 1 K Hosanger prgj.

Dei den gongen ein hest, ni storkveg, seks sauer. Dei sådde tre tunner havre, fire og ei halv tunne poteter.
Ei tunne er ca. 140 liter.

Folketeljinga frå 1875.

 

Hus
hold
Fornamn / Etternamn Bosted Kjønn Hush. status Yrke Siv. st F. aar Fødested
1 John Eriksen   M Husfader Gardmand og gruvearb.?? E 1818 Hosanger
  Erik Johnsen   M Hans søn   Ug 1864 Hosanger
  Kari Johnsdtr.   K Datter   Ug 1868 Hosanger
  Mons Johnsen   M  Søn   Ug 1871 Hosanger
1 Erik Andersen   M  Husfader Logerende G 1847 Myking og Lindås
  Dorthea Olsdtr.   K Husmoder   G 1844 Gemsø og Vaagen
  Antoneth Maria Eriksdtr.   K Datter   Ug 1864 Gemsø og Vaagen
  Anton Johan Eriksen   M  Søn   Ug 1870 Gemsø og Vaagen
  Fernander Eriksen   M Søn   Ug 1873 Myking og Lindås
1 Maria Johannesdtr. Lillestuen K   Fekk bu der mot div. ytelser. Ug 1811 Hosanger

Litt forklaring:
Maria Johannesdtr. kan vere skreve feil i folketeljinga. Dette kan vere Maria Johnsen, som er tanta til Jon.

Dei hadde det året to kyr, ein kalv og 16 sauer og lam.
Dei sådde det året tre tønner havre og fem tønner poteter.



Tolvte generasjon
Erik Jonsen, f. 1864 måtte då han var littover 21 år gamal, ta over garden. Han var då mykje til nedfallsog med dryg skuld. 
Med to tomme hender var det uråd å sitje med det. Han greidde det heller ikkje meir enn omlag tre år. Då såg han seg ingen utveg lenger. Han måtte gje opp, og garden kom under hammaren. Sjølv tok Erik ut som kystmatros. Sidan busette han seg i Namsos og dreiv fiske der. Han kom seg bra opp. Han var evnesterk og viljesterk og vart ein vyrd mann.
Omlag 1913 døydde han av kreft. Han var ugift. Han sette borna etter halvbroren som einaste arvingar.

Til toppen av sida


Trettande generasjon
Lærar i Krokenkrinsen Johannes Johannesen Urdal kjøpte garden på auksjon i 1889. Han hadde han i nokre år. Det var odel i garden, og Mons Jonsen hadde fyrste odelsretten.



Fjortande generasjon
Mons Jonsen, f. 1871 fekk hjelp til å trekkja garden att etter odel. Det gjorde han omlag 1893. Han sette husa noko i stand og gifte seg med jenta Ingeborg Askildsdtr. Heldal.
Omlag 30 år styrde dei garden. Mons sette husa bra i stand, bygde nye løhus, fekk bra sjoveg o.a. Elles dreiv han forretning utanom, var til Nordland med agnskjel, hadde sandfartøy og førde sand frå Indrefjorden til byen. I mange år var han postopnar. Mons rydja om heile utmarka og dreiv mange år med hagebruk. Bær og grønsaker. So slo helsa klikk. Han fekk hjartefeil, og det gjorde ende på han omlag 1922.
Etter pantebøkene har Ingeborg fått skjøtt garden over på seg i 1921. Ho har nok styrd frå då, til Odelsguten Einar Monsen overtok i ?????
Her kan ein leggja til at den 21. mars 1939 begjærte Ingeborg Askildsdtr. bruk nr. 3 og 4 samanslått. Frå då av er bruk nr. 3 og 4 vorte bruk nr. 3. Bruk nr. 4 eksisterar ikkje lenger.
Mons og Ingeborg hadde åtte born. tre av dei døydde unge. Dei andre var:

1. Einar, f. 1898 g. 1932 m. Anna Andreasdtr. Nottveit frå Vassel. Dei fekk bruket etter foreldra hans.

2. Aksel August, f. 1906. Gift. Styrmann Sjå bruk nr. 26 på Neregard.

3. Olga, f. 1910 g. 1937 m. Ingvald Bergesen Øvre Eknes, Eikjo. Sjå der, tredje generasjon. Dei budde først ei stund på Litland, sidan bygde dei seg hus på Nedre Eknes. Bruk nr. 35
. Der budde dei ut livet. Dei var bornlause.
Olga døydde i 1979, Ingvald i 1986.

4. Erling, f. 1914 gift. Matros. Han drukna i Eknesvågen saman med broren Einar i 1943.

Her er kva som stod i folketeljinga frå 1900.

Hush. nr. Fornamn Ettenamn Kjønn Bosatt Familiestilling Sivilstand Yrke Fødselsår
1 Mons Jonsen, Eknæs M B Husfader Gift Gaardbruger 1871
  Ingeborg A. Eknæs K B Husmoder Gift Gaardmandskone 1876
  Einar M. Eknæs M B Søn Ugift Søn 1898
  Otto M. Eknæs M B Søn Ugift Søn 1900
  Ingeborg J. Bjørge K B Tjenestepige Ugift Tjenestepige 1884

Dei hadde som me ser ei tenestejente.
Dei hadde også Korn og poteter, kreatur, fjærkre, kjøkkenhage og frukthage.

Til toppen av sida
     

Femtande generasjon
Einar Monsen Eknes, f. 1898 tok garden på odel etter foreldra hans. I 1932 gifte han seg med Anna A Nottveit frå Vassel.
Einar dreiv i sandfarten. Han og broren Erling drukna i Eknesvågen i 1943.
Anna har nok styrd garden til eldste sonen Magnus overtok.
Anna døydde i 1980.
Dei fekk desse borna:

1. Magnus Arne, f. 1932 g. m. Borgny Johanna Ulvatne, Bergen. Overtok garden etter foreldra.

2. Gunnlaug Inger, f. 1934 d. ????, g. m. Torleif Monsen, Salhus. Fleire born. Bur i Salhus.
Sjå bruk nr. 56 og 68 på Neregard.

3. Einar Arthur, f. 1936 g. m. Else Warsla, Modum. Fleire born. Bur på Nedre Eknes.
Sjå bruk nr. 75 på Neregard.

4. Otto Bjørn, f. 1940 g. m. Magna Hagesether, Hjelmås. Bornlause. Bur på Nedre Eknes. Otto døydde av kreft i 1986.
Sjå bruk nr. 66 på Neregard.

5. Sylvi Gerd, f. 1942 g. m. Norman Veland, Ytre Eide. To born. Bur på Øvre Eknes.
Sjå bruk nr. 22 på Oppegard.


Sekstande generasjon
Magnus Arne Einarsen Eknes tok garden etter foreldra. Han dreiv mange år i sandfarten. Vart dårleg til beins og vart sidan heime.
Gift med Borgny Johanna Ulvatne frå Bergen. Bornlause.

Til toppen av sida     

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net