NEDRE ELLER YTRE EKNES

Hosanger: G.nr 64.     Lindås G.nr. 239 B.nr. 5

Dette er garden som Per Einar Eknes eig pr. 2004.

Opplysningane er henta frå:
Askild Eknes 
Digitalarkivet
Statsarkivet i Bergen
Jesus Christ of Latter-day Saints family search
Folk frå Eknes

Oversikt over bygselmenn og eigarar på Nora Røysne

Namn År dei styrde Namn År dei styrde Namn År dei styrde
Nils Monsen 1839 - 1852 Nils Pedersen 1882 - 1916 Per Einar S. Eknes 1997
Ole Olsen 1852 - 1855 Peder Nilsen 1916 - 1946    
Peder Nilsen 1855 - 1882 Sigurd Pedersen 1946 - 1997    
 
Fyrste generasjon:
Det var ved gardaskifte i 1839 at Nils Monsen fekk kjøpa den nordste halvparten av den gamle Røysagarden. Han sette seg opp nye stovehus like nord for det gamle Røysatunet. Løe og flor skifte dei med Ørgaved. (Dei delte floren og løa i to, og hadde kvar sin halvpart.)

I 1840 gifte han seg for andre gong med enkja Ingeborg Arnesdtr. Nordre Røssland. Ho var fødd på Søre Røssland i 1790, og hadde før vore gift med Ole Monsen Nore Røssland. Han drukna på heimveg frå byen omlag 1838. Der var med vissa fire vaksne born etter Ole og Ingeborg:

1. Mons, på Røssland.
2. Arne, son budde på Gjerstad.
3. Ola, på Eknes.
4. Anna, g. 1858 m. helge Gudmundsen Nerås (Foreldra til Guri på Skukkjen.)
5. Så var der ein Knut, men kor det vart av han, finn me ingenting om.

Andre generasjon
I 1852 let Nils Monsen garden frå seg til stegsonen Ola Olsen Røssland, som då gifte seg med Ingeborg Olsdtr. Leknes, ei syster til Nils- Aasa Eknes.
Denne Ola var ein lettliva kar, flink og prata og rett morosam. Men han var ikkje noko karakterfast mann, og kom på kant med justisen. Ola og Ingeborg fekk i 1854 ei dotter, Olina.
I 1855 selde Ola garden til Peder Nilsen Aasheim og flytte til Bergen. Etter eit par år kom Ola att til Eknes, men i 1863 flytte han med lyden sin til Seines i Radøy i Helgeland. Dottera Olina vart att på Røysne hjå farmora og vaks opp der. Ho vart i 1882 gift med gardmann Magne Bastesen Gjelsvik. Ho døydde på Gjelsvik i 1920 åra. Ole Røssland budde på Radøy til etter 1880 åra og fekk ein flokk med born. Så reiste han til Amerika, men lyden vart att i Nordland. Der i Amerika døydde han fram i 1880 åra. Han slo seg i hel.

Tredje generasjon
Peder Nilsen Aasheim var fødd 10.11.1820. Han vart gift i januar 1856 med jenta Agate Jensine Olsdtr. f. i Laksevåg i 1820. Faren hennar var frå Stend, og mora frå Jølster. Per var bygningsmann før han vart bonde, og like til han var ein gamal mann var han jamt i byen på arbeide.
Per og Agate hadde desse borna:

1. Nils Olai Pedersen, f. 02.05.1856. Han overtok bruket etter foreldra.

2. Sigrid Pedersdtr. f. 05.10.1858, g. 1904 m. enkjemann Eirik J. Blindheim. Barnlause. Budde på Blindheim, Åsane.

3. Johanna Pedersdtr. f. 02.07.1862, døydde i pinsen 1881. Ugift.

4. Anders Pedersen, f. 18.09.1865. Døydde ugift i 1901. Han budde heime, og livnærte seg som målar og lausarbeidar.

5. Johannes Pedersen, f. 27.12.1867, død i 1868.

6. Dorthea Pedersdtr. f. 29.05.1870, g. m. Tomas Endresen Fotlandsstrand. Budde i Fotlandsvågen.

7. Brita Pedersdtr. f. 26.04.1874, g. 1900 m. Ole Eriksen Blindheim. Budde i Bergen.

Agata Olsdtr. døydde i 1895. Peder Nilsen i 1906.

Her er folketeljinga frå 1865.

Hush. Fornamn Etternamn Fam. Status Yrke Siv. st. Alder Kjønn Fødested
1 Peder Nilsen Husfader Grdbr. Selveier G 46 M Hosanger
  Agathe Olsdtr. Hans kone   G 37 K Fanø
  Nils Olai Pedersen Deres søn   Ug 10 M Hosanger
  Siri Pedersdtr Deres datter   Ug 8 K Hosanger
  Johanna Pedersdtr. Deres datter   Ug 4 K Hosanger
  Anders Pedersen Deres søn   Ug 1 M Hosanger
  Britha Larsdtr.   Tjenestepige Ug 17 K Hosanger
1 Nils Monsen   Føderaadsman G 73 M Hosanger
  Ingebjørg Arnesdtr. Hans kone   G 75 K Hosanger
  Oline Olsdtr. Deres barnebarn, Pleiebarn   Ug 12 K Hosanger
  Kari Kristensdtr. Logerende Nærer sig ved at strikke og spinde Ug 62 K Hosanger
  Askild Askildsen Logerende Arbeider ved Bjørsvigs kornmølle        

Den gongen hadde dei seks storkveg, 12 sauer. dei sådde 2,5 tunner havre og fire tunner poteter.

Folketeljinga frå 1875

Hus
hold
Fornamn / Etternamn Midlert.
bosted
Kjømn Hush. status Yrke Siv. st. F. aar Fødested
1 Peder Nilsen   M Husfader Gaardbruger og bordarbeider G 1820 Hosanger
  Agathe Jensine Olsdtr.   K Husmoder   G 1829 Stend
  Sigrid Pedersdtr.   K Datter Hjelper foreldrene Ug 1858 Hosanger
  Johanna Pedersdtr.   K Datter   Ug 1862 Hosanger
  Anders Pedersdr.   M Søn   Ug 1865 Hosanger
  Dorthea Pedersdtr.   K Datter   Ug 1870 Hosanger
  Britha Pedersdtr.   K Datter   Ug 1874 Hosanger

Dei hadde den gongen tre kyr, to ungnaut og kalvar tolv sauer og ei geit.
Dei sådde det året to tønner havre og t og ei halv tønne poteter.


Fjerde generasjon
Nils Olai Pedersen, f. 1856 vart i 1880 gift med jenta Martha Pedersdtr. Kuven frå Os. I 1882 tok han i mot odelsgarden frå faren. Også Nils var mykje borte på arbeid som bygningsmann. I mange år var han treabeidermann ved Bjørsvik Mølle, medan lyden hans styrde gardsarbeidet.
Nils og Martha hadde desse borna:

1. Peder Johan Nilsen, f. 18.09.1880, vart bonde på Nora Røysne etter faren.

2. Johanna Nilsdtr. f. 22.09.1882, Gift i Amerika med Olai Gudmundsen Ytre Eidsnes. Farmar i Amerika.

3. Petter Kornelius Nilsen, f. 25.09.1884, g.m. Rakel Olsdtr. Vassel, Askeland. Fekk gard der.

4. Anna Jensine Nilsdtr. f. 25.09.1886 g. 1911 m. Haldor N. Vedå, Stamnes. Dei budde i Bergen.

5. Ingvald Olai Nilsen, f. 01.10.1888, g. 1912 m. Margrete Espelid. Dei budde i Bergen, der han var kommunearbeidar.

6. Brita Nilsdtr. f. 30.12.1890, gift med Ludvik K. Gjelsvik. Dei reiste til Amerika.

7. Olai Nilsen, f. 06.04.1893 gift i Amerika med  Inga Olina. Knudsdtr
. dotter av Knut Nilsen Eknes, Utføret. For til Amerika. Sinnsjuk.

8. Nikolai Martin Nilsen, f. 18.05.1895. Gift i Amerika med ei Amerikanerinne. Farmar.

9. Einar Nilsen, f. 26.03.1899, g. 1932 m. Agnes Karolina Arnesdtr.  Laupen, Øvre Eknes. Einar var smed og motormaskinist. Han døydde i 1937.

Her er kva som stod i folketeljinga frå år 1900.

Hush. nr. Fornamn Etternamn Kjønn Bosatt Midlert. bosted Fam. st. Siv. st. Yrke F. år. F. sted
1 Nils Pedersen Eknæs M F Bjørsvik Husfader G Gaardbruger og snedkerarbeider på Bjørsvik mølle. 1855 Hosanger
  Marta Pedersdr. Eknæs K B   Husmoder G Gaarmandskone 1853 Os
  Peder Nilsen Eknæs M F Bjørsvik Søn Ug Snedkerarbeider på Bjørsvik mølle. 1880 Hosanger
  Petter Nilsen Eknæs M B   Søn Ug Gaardsarbeider 1884 Hosanger
  Anna Nilsdtr. Eknæs K B   Datter Ug Datter 1886 Hosanger
  Ingvald Nilsen Eknæs M B   Søn Ug Søn 1888 Hosanger
  Brita Nilsdtr Eknæs K B   Datter Ug Datter 1890 Hosanger
  Olai Nilsen Eknæs M B   Søn Ug Søn 1892 Hosanger
  Nikolai Nilsen Eknæs M B   Søn Ug Søn 1895 Hosanger
  Einar Nilsen Eknæs K B   Søn Ug Søn 1898 Hosanger
1 Peder Nilsen Eknæs M B   Husfader Ug. Kaarmand 1820 Hosanger
  Sigrid Pedersen Eknæs K B   Datter Ug Strikkerske 1858 Hosanger
  Anders Pedersen Eknæs M B   Søn Ug Maler 1865 Hosanger

I år 1900 hadde dei korn, potet og kreatur.

Femte generasjon
Peder Nilsen f. 1880 vart i 1904 gift med Anna Olsdtr. Mo, så fekk dei garden etter foreldra hans. Anna var dotter av skreddar Ole Nilsen Mo.
Dei hadde desse borna:

1. Jenny Pedersdtr. F. 1904, d. 1937

2. Nils Pedersen, f. 1906, ugift, budde på Sletta. Ugift. d. 1977

3. Olav Pedersen, f. 1908, Ugift, budde på Nedre Eknes, Smeby. Skomakar.

4. Marta Pedersdtr. f. 1910, g.m. Karl Pedersen, Bergen. Bur i Bergen.

5. Gunnvor Pedresdtr. f. 1911, Ug. Budde på Eknes

6. Maria Pedersdtr. F. 1914, ugift, budde på Eknes, d. 1982

7. Åsmund Pedersen, f. 1916, g. m. Solveig Hvidsten, Salhus. Budde på Salhus. Asmund døydde i 1987.

8. Solveig Pedersdtr. f. 1918, g. m. Jakob Østgulen, Os. Budde på Skeide, Os.

9. Aslaug Pedersdtr. f. 1920, g. m. ein Austefjord, Os. Budde ei stund på Lygrenes, sidan på Os.

10. Sigurd Pedersen, f. 1922, g. m. Kari E. Eide. Fekk garden etter foreldra hans.

Sjette generasjon
Sigurd Pedersen Eknes, f. 1922, tok garden etter foreldra i 1946. I 1961, gifte Sigurd seg med Kari Eliasdtr. Ytre Eide, f. 1922.
Sigurd dreiv med frukt- og bærdyrking. Han har hatt nærare 1000 turar til Bergen på Torget.
Han jobba mange år hjå Georg Eknes Industrier.
I tillegg dreiv han okse og sauehald. Han og lyden heldt garden i god stand.
Då sonen overtok garden kjøpte Sigurd og Kari huset etter Knut Askildsen Eknes og Nelly.
Dei fekk desse borna:

1. Per Einar Sigurdsen Eknes, f. 1963. Fekk garden etter foreldra.

2. Anne Berit Sigurdsdtr. Eknes, f. 1965. Ugift pr. 2003. Budde ei stund i Stavanger. Bur no hjå foreldra på Øvre Eknes.

Då sonen Per Einar flytte til bruket i 1992, kjøpte Sigurd og Kari bruk nr. 25,33 og 42 på Oppegard.

Sjuande generasjon
Per Einar Sigurdsen Eknes, f. 1963. Gift 1989 med Britt Ingrid Nicolaysen, Sauda. Dei overtok garden etter foreldra hans i 1997.
Dei budde på garden nokre år før dei overtok..
Per Einar jobbar som buss sjåfør i B.N.R. Kjøyrer bl.a. expressbussen.
Britt Ingrid jobbar på ullvarefabrikken i Hillesvågen.
Dei dhadde nokre år oksar på garden. No er garden ikkje i drift.
Dei har desse borna:

1. Solveig, f. 1987

2. Ingvild, f. 1990

3. Anja, f. 1996

 

 

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net