NEDRE ELLER YTRE EKNES

Hosanger: G.nr 64.     Lindås G.nr. 239 B.nr. 34 og 80

Namn på bruk: NYHEIM

Utskild frå bruk nr. 2, Jakobsluten.
Første eigar: Arne B. Eknes.
Bruk nr. 34 tinglyst:
Arne Bergesen Eknes, f.1913, d. 1982.
Gift 1936 i Askvik Kapell  med 
Ragnhild Hordvik, f.1917, d.1960.
Arne var frå Eikjo. Sjå der.
Han var møbelsnikkar av yrke.
Han var medeigar i Åsen Møbelsnikkar verkstad.
Arne og Ragnhild fekk desse borna:

1. Birger Johan f. 1937.
Gift i 1965 med Svanhild Ingrid Nordland, Eikanger f. 1942.
Dei har bygd seg hus på Leknes og bur der.
Birger eig Urmakarforretning i Knarvik. Svanhild jobbar som lærar på Leknes skule.
Birger Johan og Svanhild Ingrid har to born. Arnstein og Sven Ivar.
Arnstein er gift og har to born.
Sven Ivar er ikkje gift.

2. Ragnavald, f. 1942.
Gift i 1965 med Ingunn Marit Hjelmås, f. 1945.
Ragnvald og Ingunn Marit eig og driv saman Eknes Karosseri på Hjelmås.
Dei har to born, Eirik og Mette.
Eirik er gift og har to born. Han jobbar i verkstaden til faren.
Mette er ikkje gift.

3. Arthur Ragnar f. 1944.
Gift i 1965 med Solveig Klara Nævdal, Øvretveit f. 1945.
Bur på Myking. Arthur jobbar i vegvesnet, no Mesta.
Arthur Ragnar og Solveig Klara har tre born.
Anne Grete, gift, tre born. Har bygd seg hus på Eidsnes.
Ragnar, gift, tre born.
Evy, gift, to born.

4. Marit Sollaug f. 1947, d. 2003.  
g.m. Jan Harry Heggernes, f. 1946. Skilt.
Marit Sollaug og Jan Harry har tre born.
Jan Magne, ugift.
Ragnhild, ugift, eit barn.
Bjørn Aksel, gift, eit barn.

5 Sigfred Inge f. 1948.
Gift i 1969 med Jorunn Alberg, Kaupanger.
Dei bur i Kaupanger. To born.
Anne Berit.
Siw Janne.

6. Terje f.  1951.
Gift i 1973 med
Aud Lillian Sande, Leknes f. 1952.
Dei har overtatt huset etter foreldra hans på Eknes.
 
Andre eigar: Terje Eknes.
Bruk nr. 34 tinglyst: 18. november 1982.
Bruk nr. 80 tinglyst: 18. november 1982. Naustetomt.

Terje Eknes, f. 1951. Gift i 1973 med
Aud Lillian Sande, Leknes f. 1952.
Terje jobbar på bilverkstaden til broren Ragnvald på Hjelmås.
Terje og Aud Lillian har desse borna:

1. Trond Eknes, f.1976.
Sambuar med Kari Anne Mjelde, f. 1977
Dei har bygd seg hus på Eikanger, og bur der pr 2004.
Trond jobbar på Mongstad.
Trond og Kari Anne har eit barn, Linn, f. 2002.

2. Kristine, f. 1976.
Gift.

3. Beate Seveline, f. 1981.
Bur pr. 2007 på Frekhaug.
 
Bilete:  Arild Myhr.


Februar 2004
Bilete tatt frå nord - vest


August 2004
Bilete tatt frå Eiknesvågen


Februar 2007
Bilete tatt frå nord
 

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net