NEDRE ELLER YTRE EKNES |
Hosanger: G.nr 64.
Lindås G.nr. 239 B.nr. 10 |
Namn på bruk: MEIERIPLASS |
Utskild frå bruk nr. 3 og 4,
Jo- Bruket. |
Første eigar: Eknes
Meieriforeining.
Tinglyst: 22 mai,1916.
Dei kjøpte den gongen og
bruk nr. 9,
som dei seinare selde.
Etter initiativ frå Hans Eknes vart Eknes Meieriforeining
skipa 19. februar 1916. Foreininga hadde då 16 innskrivne
medlemmer. Då dei kjøpte dette bruket var det kun eit naust på
eigedomen. Dette vart rive, og det vart sett opp eit førebels
hus åt meieriet.
Dette naustet tilhøyrde mest sannsynleg Peder Nilsen frå Nora
Røysne.
Alt i 1890- åra hadde nokre bønder frå grenda sendt mjølk til
Bergen, men sendinga heldt ikkje fram i mange år.
I 1912 tok A.O. Tepstad opp arbeidet for å skipa eit meieri i
grenda. Det vart vald ei arbeidsnemnd som fekk tak i tuft åt
eit nytt meieri. Det vart usemje om tufteprisen, og noko
meieri kom ikkje i gang.
I 1915 tok Hans Eknes arbeidet opp att, og då lukkast det.
Fyrste styret var Hans Eknes, som var formann, Johs. N.
Fotland og Berge Eknes var styremedlemer.
Meieriet vart skipa for mjølkesal. Dei fyrsta åra kunne
meieriet berre levera vintermjølk. Den var det Hordaland
Meieri som tok i mot. Då Hordaland Meieri ikkje hadde bruk for
vintermjølka lenger, stogga sendinga i 1921. Eknes Meieri var
ute av drift til hausten 1924. Meieriet vart då oppteke som
parthavar i Hordaland Meieri og sende mjølka dit.
I 1916 sette laget opp eit førebels hus åt meieriet, og i 1927
vart det bygd eit verkeleg meierihus. Då vart det og sett inn
kjøleverk.
Eigedomen vart den gongen verdsett til kr. 8500,-. Laget var
skuldfritt og hadde lagt seg opp ein liten driftsmedel.
Lagsmedlemene fekk utbetald ein gong i månaden for mjølka dei
leverte.
Frå 1928 er mjølka betalt etter feittinnhaldet. Feittprosenten
auka frå 3,5 i 1930 til 3,9 i 1943.
I fyrste heile driftsåret (1925) tok meieriet i mot 57 000
liter mjølk frå 29 lagsmen. Tilførsla auka til 70 000 liter i
1931, 95 000 liter i 1935 og nådde høgda med 133 000 liter i
1939.
I krigsåra gjekk innmålinga ned til 55 000 liter frå 33
lagsmenn, men i 1946 er tilførsla atter auka til 116 400
liter.
Meieriet har i alt tek i mot 1 749 568 liter mjølk og betalt
ut kr. 346 377 til lagsmenene.
Hans Eknes var formann i 27 (til 1943) år og har vore
rekneskapsførar heilt frå skipingsdagen. Madly Eknes har vore
meierske i 11 år. Olga Eknes var og meierske ei stund. Sjå
bruk nr. 35.
Madly Eknes budde oppe på meieriet med lyden sin.
Styresmenn i 19..... var Martin Eikemo, som var formann,
Ingvald Eidsheim, Johan Bjørge, Ingvald A. Eknes og Harald
Eidsheim var styremedlemer.
Post.- telefon og vareadresse var den gongen Eknesvåg.
Ein kan nemna at mjølkeleveringane kom frå Bjørge, Eidsheim,
Vatshelle, Øvre og Nedre Eknes og Totland.
Sigrid Eknes (no Hageseter) jobba av og til på meieriet i
Eknesvågen.
Ho fortel:
Når bøndene omkring kom med mjølka, morgon og kveld, vog dei
henne og vekta vart protokollført.
Der etter hadde dei mjølka på 50- liters mjølkespann og sette
ho til kjøling.
Kjølekaret var i eit anna rom og var senka litt ned i golvet
og rakk omlag ein halv meter oppom. Dei hadde då ein manuell
heiseanordning for å få spanna opp i dette karet. Som de har
sett ovanfor, var det kjøleanlegg som kjølte ned vatnet. Der
stod spanna med loket halvvegs av, for at mjølka skulle få
lufta seg.
Kvar morgon i fem- halv seks- tida kom båten. Då måtte spanna
vera på kaien.
Om sundagane var det ikkje morgonlevering av mjølk. Då kom
bøndene med alt om kvelden. Heller ikkje var det levering til
Bergen om sundagene, så måndag morgon var det alltid ekstra
mykje å levere.
|
Andre eigar: Veit ikkje.
Tinglyst: |
Tredje eigar: Magnus Arne
Eknes, Ingunn Margrete Westblikk og Jon Eknes.
Tinglyst: 19. mai 1982.
Desse eig ein tredjedel kvar.
|
Fjerde eigar: Magnus Arne Eknes og Jon
Eknes.
Tinglyst: 04. desember 1997.
Jon Eknes eig og
bruk nr. 52 og 63
på Neregard. Sjå der for fleire
opplysningar.
Magnus Arne Eknes eig og
bruk nr.
62 på Neregard. Sjå der for fleire opplysningar. |
Bilete: Arild Myhr.
|

November 2003
Meieriet er huset i midten, bakom stolpen.
Bilete tatt frå aust
Framføre meieriet står det eit skur. Mest sannsynleg er dette
det førebels meieriet som vart sett opp i 1916.
Her finn ein spor av kjølekara som mjølkespanna vart sett opp
i. |
|
|
|