NEDRE ELLER YTRE EKNES

Hosanger: G.nr 64.     Lindås G.nr. 239 B.nr. 13

Namn på bruk: GAMLETUNET

Utskild frå bruk nr. 2, Jakobsluten.
Første eigar: Lærar Askild Eknes.
Tinglyst: 18. november 1918.

Askild Eknes er frå Røysne. Han budde i Bergen med lyden sin.
 
Andre eigar: Trygve Eknes.
Tinglyst:

Trygve Iversen Eknes, f. 1898 var frå Oppegardsbruket. Far hans var Iver Larsen, f. 1852. Mor hans var Kornelia Hansdtr. Heldal, f. 1860.
I 1940 gifte Trygve seg med Gunnvor Julianna Mjøsund, Egge, f. 1908.
Trygve dreiv nokre år med sylvrev al på Eknes.
Jobba i Bergen.

Trygve og Gunnvor Julianna fekk desse borna:

1. Kåre Christian, f. 1940, d. 2004. Sjømann. Gifte seg med Inger Bjørnstad, Kragerø. Ho er død. Eit barn, Anne Grete. Budde i Kragerø ei stund. Skild.
Gift andre gongen på Fillipinene. Budde der nokre år. Skilt. Eit barn, Karl Anton.
Kåre Christian Budde på Neregard fram til han døydde våren 2004. Leigde huset på bruk 43.

2. Elin f. 1949, g.m. Olav Erik Melgård, f. 1949, frå Kongsvinger. Dei bur i Bergen. Fleire born.
Elin har overtatt huset til faren og mora på Eknes.
 
Tredje eigar: Elin Eknes
Tinglyst: 16. oktober 1979

Denne eigedomen har og bruk på Oppegard. Sjå her.

Elin f. 1949, g.m. Olav Erik Melgård, f. 1949, frå Kongsvinger. Dei bur i Bergen. Fleire born.

Denne eigedomen vert no, pr. 2007, nytta som fritidsbustad.
 
Bilete:  Arild Myhr.


November 2003
Bilete tatt frå vest


November 2003
Bilete tatt frå sør

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net