Fyrste generasjon:
Askild Askildsen Eknes var fødd 15.07.1842 på Eknes. Foreldra var
ungkar Askild Monsen Litlandstreet. Han budde på Fyllingen i Hamre
frå 1848. Mor hans var jenta Kari Kristensdtr. Indre Eide. Ho
tente på Nora Røysne hjå Nils Monsen. (Han vart kalla Gamle Røyse)
og der vart so Askild fødd.
Nils Monsen var barnlaus, og han vart glad i denne farlause guten.
Både mora og sonen fekk difor ha heimen sin der til ho døydde i
1868.
Det året bygsla Askild Askildsen ein lut av Utføret hans
Jon
Eriksen, Jo- Bruket. Der bygde han seg hus og gifte seg om
våren med Inga Gudmundsdtr. Neraas, f. 1844. Ho var av gamal
Hosangerætt, som ein kan fylgje attende 3 - 4 hundre år. Gudfaren
hennar, Knut Gudmundsen var flutta frå Eide til Neraas i 1797.
Huset som Askild bygde i 1868, stod på, i dag, 2003, eigedomen til
Petter Visted, Tua, eller Stølastykkjet som det heitte frå gamalt
av. Det stod attmed storsteinen der. I dag, pr, 2003 er det fylt
ut til parkeringsplass ved den steinen.
Askild og Inga fekk desse borna:
1. Kari Askildsdtr. f. 24.11.1868, g. omlag 1890 m. gbr.
Nils Nilsen Store-Urdal. Dei budde på Soltveit, Alversund.
Barnlause.
2. Nils Askildsen, f. 10.12.1869. g. 1889 m. Britha
Andersdtr. Totland. Dei fekk Svaena.
3. Gudmund Askildsen, f. 1872, gifte seg med ei gardajente
på Taule. Manger. Bonde.
4. Guri Askildsdtr. Ho hadde eit barn med Helge Ivarsen
Askvik. Dei var ugifte. Barnet, Helga vaks opp hjå morfaren på
Eknes.
I 1899gifte ho seg med steinarbeidar Gudmund, (eller Gabriel)
Steffensen, Florvåg. Dei budde på Eknes i 1900, kjøpte sidan hus
på Kronstad i Bergen.
I 1876 døydde Inga, og i 1878 gifte Askild seg att med
syskenbarnet sitt, Synneva Jørgensdtr. Vasseltangen. d.e. f.
28.11.1841. Etter dette ekteskapet er der ein son Jørgen Askildsen,
gift med Signy Monsdtr. Molvik. Dei kjøpte gard på Nedre Eikanger
og budde der.
I 1897 kjøpte Askild stykkjet han før hadde bygsla hjå Jon
Eriksen. Det var Mons Jonsen som eigde i 1897. Han kjøpte og ein
lut til. Då vart han eigar av heile Utføret av Jo- Bruket og
dertil ein lut av utmarka.
Askild sjølv tok ikkje skøytet. Det let han sonen få. Ved
utskiftinga, som varte frå 1901 til 1905, fekk Askild garden sin
nord på Svaena, og utmarka lagt i mot. Då flytte han husa dit og
gjorde dei større.
Askild var eit jarn til å arbeide både som bygningsmann og endå
meir som jord og steinarbeidar.
Han døydde Jonsokdag 1927. Kona døydde i 1920.
Hus
hold |
Fornamn / Etternamn |
Midl. Bosted |
Kjønn |
Hush. status |
Yrke |
Siv.
St. |
F. aar |
Fødested |
1 |
Askild Askildsen |
|
M |
Husfader |
Platsmand og bygningsmand |
E |
1842 |
Hosanger |
|
Kari Askildsdtr. |
|
K |
Datter |
|
Ug |
1868 |
Hosanger |
|
Nils Askildsen |
|
M |
Søn |
|
Ug |
1869 |
Hosanger |
|
Gudmund Askildsen |
|
M |
Søn |
|
Ug |
1872 |
Hosanger |
|
Guri Askildsdtr. |
|
K |
Datter |
|
Ug |
1874 |
Hosanger |
|
Ragnhilde Gudmundsdtr. |
|
K |
Tjeneste |
Tjenestepige |
Ug |
1839 |
Myking og Lindås |
|
Synneva Jørgensdtr. |
|
K |
Tjeneste |
Tjenestepige |
Ug |
1841 |
Hosanger |
Andre generasjon
Nils Askildsen, f. 10.12.1869, vart i 1889 gift med Britha
Andersdtr. Totland.
Dei budde hjå foreldra hans dei fyrste åra. Liksom faren var han
mest støtt i arbeid med kva som baud seg. Helst med stein og
vegarbeid.
Den nye garden sin på Svaena hyste han bra opp og rydda han bra.
Dei hadde desse borna:
1. Askild Nilsen, f. 1890. Gift og busett i Bergen.
2. Marta Nilsdtr., f. 1891. Gift med
Rasmus Smørdal. Bur i
Amerika.
Dei hadde i 1925 eit barn, Ella Mary Rasmussen Smørdal, f.
1921.
Marta reiste bort i 1925. Mannen hennar reiste før.
Desse hadde bupel i Bergen då dei reiste.
3. Inga Sofia Nilsdtr. f. 1893, d. 1909.
4. Anders Nilsen, f. 1895. Han fekk Svaena etter foreldra
hans.
5. Ingeborg Mara Nilsdtr. f. 1897, d. 1913.
6. Edvard Nilsen, f. 1901, g. 1923 m. Karen Maria Nautnes,
Herdla. Han var sjømann. Budde i Bergen.
Her er folketeljinga frå 1900.
Hush. |
Fornamn |
Etternamn |
Kjønn |
Bosatt |
Midlert. Bosatt |
Fam. status |
Siv. st. |
Yrke |
F. år |
F. Sted |
1 |
Nils Askildsen |
Eknæs |
M |
F |
Voss |
Husfader |
G |
Veiarb. og gaardbruger |
1870 |
Hosanger |
|
Britta Andersdtr. |
Eknæs |
K |
B |
|
Husmoder |
G |
Gaardmandskone |
1862 |
Hosanger |
|
Askild Nilsen |
Eknæs |
M |
B |
|
Søn |
Ug |
Søn |
1890 |
Hosanger |
|
Marta Nilsdtr. |
Eknæs |
K |
B |
|
Datter |
Ug |
Datter |
1891 |
Hosanger |
|
Inga Nilsdtr. |
Eknæs |
K |
B |
|
Datter |
Ug |
Datter |
1893 |
Hosanger |
|
Anders Nilsen |
Eknæs |
M |
B |
|
Søn |
Ug |
Søn |
1895 |
Hosanger |
|
Ingeborg Nilsdtr. |
Eknæs |
K |
B |
|
Datter |
Ug |
Datter |
1897 |
Hosanger |
Dette var den eine husholdninga på bruket då. Som de ser var
Nils på Voss. Han har Antakelegvis teke seg arbeid der.
Dei hadde den gongen korn, poteter og kreatur.
Her er dei to andre husholdningane på Svaena i 1900.
Hush. |
Namn |
Etternamn |
Kjønn |
Bosatt |
Midl. Bosatt |
Fam. stilling |
Siv. st. |
Yrke |
F- år |
F. sted |
1 |
Askild Askildsen |
Eknæs |
M |
F |
Voss |
Husfader |
G |
Træ, stenarbeider og gårdbruger |
1841 |
Hosanger |
|
Synneva Jørgensdtr. |
Eknæs |
K |
B |
|
Husmoder |
G |
Husmoder |
1840 |
Hosanger |
|
Helge Helgesen |
Askvik |
M |
B |
|
Søn |
Ug |
Pleiesøn, uægte |
1895 |
Hosanger |
|
Olaf. O. |
Eknæs |
M |
B |
|
|
Ug |
Paa fatigvæsenet |
1890 |
Bergen |
1 |
Gabriel S. |
Eknæs |
M |
F |
Voss |
Husfader |
G |
Steinarbeider, Jernbanen |
1877 |
Askøen |
|
Guri Askildsdtr. |
Eknæs |
K |
B |
|
Husmoder |
G |
Husmoder |
1873 |
Hosanger |
|
Olina Gabrielsdtr. |
Eknæs |
K |
B |
|
Datter |
Ug |
Datter |
1900 |
Hosanger |
Dette er kårfolk og leigefolk.
Dei hadde ikkje dyr eller poteter/korn.
Tredje generasjon
Anders Nilsen, f. 1895, og Kona Olufina Mathilde Andersdtr. Nedre
Tveit, Lindås, f. 1895, fekk garden i 1923.
Anders var i
Amerika nokre år. Då første verdskrig braut ut,
vart han utskriven og sendt til Frankrike. Han var med i fronten
der.
Han kom levande frå krigen. Då kom han heim og tok over garden.
Anders tok inn bra med innmark, så der er no ei etter tilhøve
midels jord.
Anders og Olufina (Fina) var barnlause.
I 1948 selde dei garden til Mons Toft.
Anders døydde i 1977. Fina i 1975.
Anders hadde kår i vestre stova i våningshuset på Svao til han
døydde.
Fjerde
generasjon
Mons Toft, f. 1909, g. 1940 m. Synneva Nilsdtr. Rong, Herdla,
kjøpte bruket i 1948.
Dei kom då frå Eide, Kuhaugane, der dei hadde budd frå dei var
gifte.
Mons og Synneva dreiv so garden til uti 1970 åra.
Mons og Synneva hadde desse borna.
1. Oddvar Monsen Toft, f. 1941. Ugift. Døydde av
hjartesvikt på 1990 talet.
Oddvar var sjømann av yrke. Budde heime hjå mora dei siste levaåra.
2. Nils Monsen Toft, f. 1943. Han fekk bruket etter
foreldra hans.
3. Odd Magnar Monsen Toft, f. 1946, g. m. Mary Veland,
Veland. Bur på Eknes. To born. Ei dotter og ein son.
Sjå
bruk nr. 79 på Neregard.
Femte generasjon
Nils Magne Monsen Toft, f. 1943, g. m. Laila Askeland, Eikangervåg, fekk
so bruket etter foreldra hans.
Bruket var då nedlagt. Nils og Laila bur på Eikangervåg hjå
foreldra hennar.
Nils jobba hjå Georg Eknes frå den starta til den vart avvikla i
våren 2002.
Sidan jobba han hjå Myhrens Jernindustri, Eikangervåg.
No i 2003 er det eldstesonen Helge, som brukar heimehuset til
fritidsbustad.
Garden vert pr. 2003 slege av Ottar Bjørge, Eidsnes.
Dei har fleire born. Desse er:
1. Helge Toft, gift, fleire born.
2. Venke Toft, gift med Jan Sigurd Fyllingsnes. Fleire
born. Bur i Knarvik.
3. Magne Toft, gift, fleire born. Bur i Knarvik.
4. Åge Toft, ugift, bur heime pr. 2004.
|