NEDRE ELLER YTRE EKNES

Hosanger: G.nr 64.     Lindås G.nr. 239 B.nr. 43

Namn på bruk: VESLETUN

Utskild frå bruk nr. 16, Fridtun / Hosanger Kommune / Lindås Kommune.
Første eigar: Elida Eikanger.
Tinglyst: 06.november 1952.

Elida Eikanger, f. 1889, g. 1928 m. Landhandler Lars Nilsen Eknes Ekanger, f. 1869.
Elida var frå Oppegardsbruket.
Dei hadde Landhandel på Ostereidet kai til omlag 1930. Flytte so til Fjellskål, Osterøy og dreiv handel der.
Nokre år etter at Lars døydde, (han døydde i 1944.) kjøpte Elida dette bruket.
Dei var bornlause.
Lars var gift ein gong før, med ei Tora Jakobine. Ho døydde i 1924.
Dei hadde eit adoptivbarn, Tordny Birgitte, f. 1900. Ho flytte med dei til Fjellskål og gifte seg der.
 
Andre eigar: Elin Eknes.
Tinglyst: 26. mai 1966
Elin, sjå bruk nr. 13
, Gamletunet på Neregard.

Dette huset har vorte leigd ut sidan Elin overtok det i 1966.
Arild Kleiveland budde der nokre år frå midten av 80- talet, til han fekk bygd seg hus på Oppegard. Bruk nr. 64
.

Sidan budde det ei Borgny Hindenes der. Ho budde der til omlag 2001.

I omlag år 2001 leigde Kåre Christian Eknes dette huset. Han budde her til han døydde i 2004.
Sjå bruk nr. 13, Gamletunet på Neregard.

Kven som leigde her før desse, veit eg ikkje enno.
 
Tredje eigar: Hatland Bygg og Eiendom.
Tinglyst: 05. januar 2005.

Huset er kjøpt for oppussing og vidaresalg.

Bilete:  Arild Myhr.


Februar 2004
Bilete tatt frå nord - vest

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net