NEDRE ELLER YTRE EKNES

Hosanger: G.nr 64.     Lindås G.nr. 239 B.nr. 65

Namn på bruk: Butikken på Eknes UTEN NAMN

Utskild frå bruk nr. 1, Rasmusluten / Hosanger Kommune / Lindås Kommune.
Første eigar: Hallstein Guldbrandsøy.
Tinglyst: 22. mai 1979.

Hallstein Guldbrandsøy, f. 1938, g. 1961 m. Erna Johansen, Alta. f. 1938.
Hallstein er son av Henrik og Karen Guldbrandsøy. Sjå bruk nr. 21 og 52 på Oppegard.
Les og meir på sida om handelshusa i Eknesvågen.
Hallstein og Erna overtok handelshuset etter foreldra hans.
På slutten av 70- talet vart handelen flytt opp på Eknes på dette bruket.
I 1992 flytte dei handelen inn til Eide, der Rema Tusen er i dag pr. 2004.
I 2002 var ein epoke slutt. Då overtok Rema Tusen handelen på Eide.
Halstein står som eigar av dette bygget.
Halstein og Erna kjøpte seg hus i Eide-Treet, og der bur dei pr. 2004.
Halstein og Erna har desse borna:

1. Stein Erling, f. 1961, gift med Eli H.Sætre, Austrheim, f. 1962 . Bur pr. 2002 på Sandsli,  Bergen.
Dei har tre born. Desse er:
  1. Iselin Guldbrandsøy, f. 1986.
  2. Mads Guldbrandsøy, f. 1987.
  3. Henrik Guldbrandsøy, f. 1990.

Stein Erling jobbar i ABB. Eli på Kjøkkelvik skule pr 2004.

2. Tore Henrik, f. 1964, gift med Turid Moldskred, f. 1965, Ulsteinvik. Fleire born. Bur pr. 2004 i Stavanger.
Tore Henrik jobbar som spesialkonsulent i Statoil.

3. Tommy Hjalmar, f. 1974, gift med Trude Fammestad, f. 1974. Budde ei stund i Trondheim.  Bur pr. 2002 på Laksevåg, Bergen.
Tommy Hjalmar og Trude har desse borna:

1. Andrea, f. 1996.

2. Mathilde, f. 2000.

3. Herman, f. 2004.

Tommy Hjalmar jobbar som eigedomssjef for Lidl, vestlandet pr. 2004.
Andre eigar: Simen Skei, f. 1978 og Cecilie Ailen Johansen, f. 1978.
Tinglyst: 21. juni 1999.
Simen og Cecilie Ailen hadde ingen born den tida dei budde på Eknes.
Simen var frå Veland i Myking sokn. Cecilie Ailen var frå Ostereidet.
Pr. 2002 bur Simen på Alversund.
Cecilie Ailen bur på Ostereidet.
Tredje eigar: Jostein Stemland.
Tinglyst: 07. august 2000.
Jostein Stemland, f. 1958 er frå Stord.
Han var gift 1. gong med Arnhild Hatland f. 1955. Ho er frå Vassel i Lindås. Ho er Lærar. Dei har ein adoptivson, Daniel.
Jostein gifte seg opp att i 2005 med Grete Hansen f. 1965. Dei har eit barn. Grete jobbar i Strilen. Jostein i BKK.

 
Bilete:  Arild Myhr.


November 2003
Bilete tatt frå vest


Februar 2004
Bilete tatt frå sør - aust

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net