NEDRE ELLER YTRE EKNES

Hosanger: G.nr 64.     Lindås G.nr. 239 B.nr. 18

Namn på bruk: Eknesgrenden, bedehuset Fredtun.

Utskild frå bruk nr. 6, Røysne.
Første eigar: Eknesgrenden
Tinglyst: 07. oktober 1929

HISTORIE:
Opprinneleg skulle bedehuset ha vore rett nord for Eknes Industrier, omlag der som vegen ned til Bjørn Olav Eknes si hytte er. Det var Far til Sigurd P. Eknes, han Peder Johan Eknes som sette dette i gong.
Dei fekk då gratis tomt hjå Røysne. Denne tomten vart ikkje brukt. Det vart bestemt at huset skulle liggje i Bjørndalsmarka, og slik vart det.
Tomten på Eknes som hadde g.nr. 239 b.nr. 18, gjekk då til bakars til Røysegarden. Namnet på dette bruket var Eknesgrenden.
Det nye bruket i Bjørndalsmarka har g.nr. 240 b.nr. 12 og ber namnet Fredtun. Bruket er som sagt utskild frå Bjørndal, og ligg til merkjes med utmarka på Neregard, g.nr. 239 b.nr. 3 og 4, Jo- Bruket.  Eigar er Vasselkrinsen Misjonsforening.

Bilete:  Arild Myhr.


Mars 2004


Mars 2004

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net