NEDRE ELLER YTRE EKNES

Hosanger: G.nr 64.     Lindås G.nr. 239 B.nr. 8 og 14

Utføre
Utføret, bruk nr. 8 og 14 er utskild  frå bruk nr. 1.
Bruk nr. 8 er innmarka, og bruk nr. 14 er utmarka.

 
Opplysningane er henta frå:
Askild Eknes 
Digitalarkivet
Statsarkivet i Bergen
Jesus Christ of Latter-day Saints family search
Folk frå Eknes

Oversikt over bygselmenn og eigarar på Utføre

Namn År dei styrde Namn År dei styrde Namn År dei styrde
Knut Nilsen 1899 - 1902 Georg Osvald Eknes 1972 - 1994    
Ole Nilsen 1903 - 1930 Ruth Berit Eknes 1994 -    
Rasmus Olsen 1930 - 1972        

Fyrste generasjon:
Skøytet på bruk nr. 8, er datert 13 mai 1899. Dette er innmarka.
Skøytet på bruk nr. 14, er datert 05. mai 1920. Dette er utmarka.
Knut Nilsen, f. 1872. G. 1893 m. Berta Maria Olsdtr. Ytre Eidsnes. Ho var dotter av Ole Tommessen Ytre Eidsnes.  
Knut var bror til Ole Nilsen, eigar av bruk nr. 1, Rasmusluten.
Knut hadde berre garden i tre år.
Dei fekk desse borna, som var fødde på Eknes.

    1. Nils Knudsen Eknes, f. 1893.
Amerika

    2. Inga Olina Knudsdtr. Eknes, f. 1897. G.m. Olai Nilsen, Nora Røysne, Nedre Eknes. Amerika
    Dei gifte seg i Amerika.

    3. Erling Knudsen Eknes, f. 1899. Amerika
.

Knut reiste til Amerika  frå Bergen den 07. mars 1902.
Berta og borna reiste etter frå Bergen den 09. februar 1903.
Om dei fekk fleire born i Amerika, finn eg ingenting om.

Her er folketeljinga frå år1900.

 
Hush. Fornamn Ettenamn Kjønn Bosatt Midl. bosatt Fam. stilling Siv. st. Yrke F. år F. sted
1 Knut Nilsen Eknæs M B   Husfader G Bygn. mann og gaardbruger 1872 Hosanger
  Berta Olsdtr. Eknæs K B   Husmoder G Gaardmandskone 1871 Hammer
  Nils Knudsen Eknæs M B   Søn Ug Søn 1893 Hammer
  Inga Oliva Knudsdtr. Eknæs K B   Datter Ug Datter 1897 Hosanger
  Erling Knudsen Eknæs M B   Søn Ug Søn 1899 Hosanger
  Helena N. Bjørsvik K F Bjørsvik Tjeneste pige Ug Tjenestepige og gaardsarbeide 1885 Hosanger

Dei hadde den gongen: Korn, poteter og kreatur.

Her ser du ein oversikt til frå 1900. I og med at desse stod i kvar sin tabell, er det å tru at dei ikkje budde ilag med hine, men hadde sitt eige hushald, og kanskje eige hus. Det stod at desse to ikkje hadde verken dyr eller noko korn eller poteter. Dei hjelpte antakelegvis Knut og Berta.

 
Hush. Fornamn Etternamn Kjønn Bosatt Fam. st. Siv. st. Yrke F. år F. sted
1 Nils Rasmussen Eknes M B Husfader G Kaarmand og gaardbruger 1827 Hosanger
  Aasa Olsdtr. Eknæs K B Kaarkone G   1828 Hammer


Til toppen av sida

Andre generasjon
Då Knut og Berta reiste til Amerika, har dei reist før dei fekk seld garden. Ein O.E. Bjørge fekk då fullmakt til å ordne med salget.
Bror til Knut, Ole Nilsen, kjøpte då til bakars denne luten. Ole var eigar av bruk nr. 1, Rasmusluten. Skøytet er datert 20. april 1903. Ole eigde dermed bruk nr. 1, som han overtok etter far sin i 1887 og bruk nr. 8, Utføret.
Bruk nr. 1 vart seld i tre gonger til Hosanger Herad. Ein del i mai 1920, ein del i januar 1921 og siste delen i oktober 1923.
Etter opplysningar frå Digitalarkivet kan ein lesa mellom linjene at han har flytt nord i Utføret omlag 1911, for då har han seld br. nr. 1 til ein Jørgen Askildsen.
I 1914 har Ole kjøpt til bakars br. nr. 1, Rasmusluten, frå same mannen.
Då Ole flytte i Utføret, bygde han på dei gamle kårhusa der.
Her har han stelt på det gamle stykkjet og teke nytt inn frå innmarka.
Ole Nilsen. f. 1864. vart gift i 1888 med Jørgina Haldorsdtr. Gatland, f. 1857. 
Ole reiste i mange år som maskinist i det Vesterålske Dampskibsselskap.
Jørgina døydde 26.03, 1927, Ole i 1942.
Ole og Jørgina fekk desse borna:

   1. Aasa Olsdtr. f. 1888. Heime hjå faren. To born, Ingrid og Kjell. Kjell døydde i år 2000. Kreft.
       Kjell eigde bruk nr. 78 på Neregard.

   2. Hilborg Sigvarda Olsdtr. F. 1892. G. 1. gong m. fyrbøtar Øyvind O. Bugge, Bodø. G. 2. gong i Amerika
. Mange born i      
        andre ekteskap.

   3. Rasmus Olsen, f. 1897. G. i 1927 m. Anna Moltumyr av Herøy. Dei fekk bruket etter foreldra til Rasmus.


Tredje generasjon
I 1930 overtok Rasmus Olsen Eknes bruket etter foreldra sine. Han gifte seg i 1927 med Anna Antonsdtr. Moltumyr av Herøy, Møre, f. 1900.
Skøytet er datert 05. mai 1930.
Rasmus var motormann av yrke.
Dei fekk to born:

   1. Georg Osvald R. Eknes, fekk bruket etter foreldra. Sjå bruk nr. 44 på Neregard.

   2. Gudrun Paula, f. 1931. G. m. Tore Bruland, Bergen. Bur i Bergen.

Dette fann eg på Ellis Island sine heimesider.
Han har nok hatt seg ein tur til Amerika.
Han var sjømann, så han har kansje vore ein snartur i land.
Båten heitte Bergenfjord.
Veit ikkje om han jobba ombord der.
 



Fjerde generasjon
Då Rasmus døydde i 1972, overtok odelsguten Georg R. Eknes, f. 1928 bruket. Han gifte seg i 1951 med Ruth Berit Sandtorv, Austevoll.
Dei fekk desse borna:

   1. Ranveig Amy Eknes, f. 1952. G. m. Oddvar Reikerås Isdalstø. Eit barn, Tonje. Sjå bruk nr. 82 på Neregard.
      
   2. Ove Malvin Eknes, f. 1955. G. m . Britt Strøm, Eikangervåg. Budde På bruk nr. 81 på Neregard. Kjøpte i 2001
        Bruk nr. 7 på Oppegard. Bur der pr. 2003. To barn, Janne og Pia Henriette.
  
   3. Wenche Eknes, f. 1961. Sambuar med Joachim Jæger. Bur i Bergen.
        Wenche og Joachim har eit barn.
        Wenche og Joachim er ikkje saman lenger.



Til toppen av sida


Femte generasjon
Etter at Georg døydde i 1994, overtok kona hans, Ruth bruket.

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net