NEDRE ELLER YTRE EKNES

Hosanger: G.nr 64.     Lindås G.nr. 239 B.nr. 9

Namn på bruk: EKNES

<
Utskild frå bruk nr. 3 og 4, Jo- Bruket.
Første eigar: Peder Nilsen.  Peder var frå Nora Røysne.
Tinglyst: 05. desember 1904.
Her står det å lesa:
"Delings og skylddelingsforretning hvorved d.b. er udskilt fra bruk nr. 3 og 4, afh. 03. og tinglyst 05. desember 1904.
Efter denne er en del av d.b. bortfestet til Peder Nilsen. Dette brugs nr. har ingen andel i udmarken"
Andre eigar: Johannes Larsen.
Tinglyst: 18. mai 1905.
Johannes Larsen har same dato tatt opp eit lån på kr. 5000,- med pant i dette bruk.
Dette lånet har han ikkje greidd å betjene. I 1912 vart det tvangsauksjon.
Johannes Larsen kom frå
Oppegardsbruket.
Johannes, f. 5. oktober 1864, gift fyrste gongen med Marta Larsina (Sina) Andersdtr. Herland. Ho døydde i 1902.
Andre gongen med Tea Beate Olsen Langlo frå Stranda, Sunnmøre. Ho døydde 4. mars 1930.
Johannes og Sina hadde fem born.
Lars, budde i Italia, Anders i New-York, Signy i Italia hjå Lars, Sigurd i Broklyn og Arthur, adoptert av Askild, som var onkelen hans.
Siste ekteskap var bornlaust.
Tredje eigar: Lars Knudsen
Tinglyst: 09. september 1912.

Lars Knudsen kjøpte dette bruket på tvangsauksjon. Han var maskinist av yrke.
Han var gift med Trine Regine Knudsen, født Lund.
Desse to hadde tre born. Desse var:

1. Bernhard Kornelius L. Knudsen. Mobile, Amerika

2. Kaspar L. Knudsen. Chicago, Illinois, Amerika

3. Lovise L.  Knudsdtr. g.m. Magnus Eknes. (Magnus på Skjæret) Dei budde der som i dag er bruk nr. 17.

Lars Knudsen døydde 29. september 1913.
Trine Regine Knudsen har hatt eigedomen i omlag tre år etter at mannen hennar døydde.
Desse har og eigd bruk nr. 10.
Fjerde eigar: Eknesvåg Meieri
Tinglyst: 20. november 1916.
Same år og dato kjøpte Meieriforeninga bruk nr. 10 og.
Det var Nils Askildsen som fekk fullmakt frå Eknesvåg Meieriforening til å kjøpe.
Det var bruk nr. 10  som vart nytta til meieri.
Dei betalte kr. 4000,- for begge bruka med bygninger. Etter det eg kan lesa ut frå papira frå statsarkivet, var det i 1919 ikkje sett opp noko bygg på
bruk nr. 10. Det var dette bruket som vart nytta til Meieri.
Femte eigar: Anton Olsen Flatøy.
Tinglyst: 14. juli 1919
Nils Askildsen fekk i 1919 fullmakt hjå medlemene i Eknesvåg Meieriforening til å selje dette bruket. Dei sat då att med
bruk nr. 10.
Anton O. Flatøy var gift med Nilla Maria N. f. på Isdal i den gongen Hamre.
Dei kom frå Breistein. Etter at dei selde flytte dei til Florvåg.
Samstundes som han dreiv forretning i Eknesvågen, leiga han hus på Hjelmåskaien og dreiv ein filial der.
Dei hadde desse borna:

1. Margit, 1989 f. 1912. g.m. Harald Hageseter 1989. Bygde seg hus i Hillesvågen og budde heile sin bunad der.

2. Oddbjørg Margreta, f. 1916. Var gift og budde på Os.

3. Ragnar, f. 1922, d. 1949. Ulukke i televerket. Bilen han var med kolliderte, og då vart han drepen.
Sjette eigar: Karen Halstensen.
Tinglyst: Omlag 25. august1936.
Karen Halstensen, f. 1911, gifte seg i 1937 med Henrik Guldbrandsøy, f. 1911, d. 1982.
Faren til Karen kjøpte dette bruket til dei i 1936. Då opna dei handelsbu i Eiknesvågen. Dei hadde og post- og dampskibsekspedisjon. Dei hadde og bensinhandel.
Karen og Henrik hadde desse borna:

1. Hallstein, f. 1938, g. 1961 m. Erna Johansen, Alta. f. 1938.
Hallstein og Erna overtok handelshuset etter foreldra hans.
På midten av 70- talet vart handelen flytt opp på Eknes.
(Bruk nr. 65 på Neregard.)
I 1992 flytte dee handelen inn til Eide, der Rema Tusen er i dag pr. 2004.
I 2002 var ein epoke slutt. Då overtok Rema Tusen handelen på Eide.
Hallstein og Erna kjøpte seg hus i Eide-Treet, og der bur dei pr. 2004.


2. Gunnar Johan Guldbrandsøy, f. 1940, g. ???? m. Judith J. Holsen, Lindås, f. 1942. Bur på Tertnes. To born. Kari og Siri.
Dei har hytte på Eknes. Sjå
bruk 49 på Oppegard.

3. Anne Lise, f. 1941, g. ???? m. Odd Ingvar Jordal, Lindås, f. 1939. Bur på Landås. Fire born.
Dei har hytte på Eknes. Sjå
bruk nr. 57 på Oppegard.

4. Finn Henrik, f. 1947, g. ???? m. Tove Renate Staven, Trondheim. Bur på Eknes. Sjå
bruk 74 på Neregard.

5. Erling, f. 1950, g. ???? m. Elin Nesse, Hundvin. Bur på Eknes. Sjå bruk 51 på Oppegard.
 
Sjette eigar: Erling Guldbrandsøy, f. 1950, g. ???? m. Elin Nesse, Hundvin. Bur på Eknes. Om dei, sjå bruk 51 på Oppegard.
Tinglyst: 29. september 1988.

Då handelen vart flytt frå Eiknesvågen vart denne eigedomen nytta som lager.

Ei stund i slutten av 80- åra, leigde Anne Lise og Odd Jordal dette bruket og nytta det som fritidsbustad. Om dei,
 
sjå bruk 57  på Oppegard

I 2004 vart det skifta vindauge og huset vart malt.