Fyrste generasjon:
Då
Rasmusluten
i 1673 vart
skift mellom brørne Rasmus og Ole Magnessøner, vart det Ole som fekk de
ny- utskifte bruket.
Dette nye bruket vart kalla Jakobsluten.
Han bygde seg sidan nytt tun. Ætta hans har halde seg på dette bruket fram
til i dag. (år 2003.)
Ole Magnesen, f. 1640, vart i 1672 gift med Marita Olsdtr. Indre Eide.
Dei første åra, kanskje heile sin bunad. hadde han husa i hop med broren,
Rasmus, og hans ettermann på
Rasmusluten.
Løe og flor hadde dei vissa i hop i 1706. Då var der ei sak mellom Ole
Magnesen og grannen Salomon.
Ole stemde Salomon til tings i 1706 for at han ikkje ville dela kostnaden
med han av bordkledninga på løa, "som citanten hafuer i end halve part udj
och Salomon sin part indenfor, och icke vil svare noget til omkostningen
på enden af gavelen, siden citanten har sin part i den søre enden".
Salomon heldt fram at han hadde den nordre enden av løda, og det var søre
gavelen Ola hadde bordkledd. Salomon vart dømd til å betale halve
kostnaden av all vedlikehald av løda, både no og "herefter" så lenge dei
hadde i hop.
Med Marita Olsdtr. hadde Ole tre born vaksne:
1. Kari Olsdtr. f. 1642, g. 1690 m. enkemann og gardbrukar
Engelbret Pedersen Bjørndal. Dei budde på Bjørndal.
2. Magne Olsen, f. 1673, g. 1706 m. enke Anna Christensdtr. Askvik,
Indre Eide. Dei budde i Askvik. Han vart bornlaus.
Han var soldat og var med i krigen, men kom heim, klein i ein fot, vart "cassered
och en anden i hans sted forskreven".
3. Ingeborg Olsdtr. f. 1681, g. 1718 m. Mons Monsen Indre Eide. Dei
budde på Indre Eide.
I 1695 vart Ole Magnesen Enkjemann, og i 1697 vart han oppatt gift med
Marita, dotter av lensmann Magne Iversen Esheim og kona Fernia. Dei hadde
fire born:
1. Magne Olsen, f. 1704. Han vart gift tre gonger på garden Indre
Hindenes, g.nr. 20, bruk 1.
Første gong i 1728. Med desse tre konene fekk han til saman fire born.
Magne døydde i 1769.
2. Ole Olsen, f. 1708 Han fekk garden i 1731 etter mora si. (Tredje
generasjon) Frå denne Ole lever ætta enno på Jakobsluten på Eknes.
Ole Magnesen døydde i 1717.
Andre generasjon
Marita Magnesdtr Esheim, f. 1661, gifte seg opp att med Hans Povelsen
(Paulsen) Eknes i 1721. Han må vera frå Seim eller Alversund.. Han
var fadder der ute eit år, men har vel tent på Eknes sidan han vert kalla
Eknes.
Ho Marita var oppimot 60 år då han fekk henne, og han har nok ikkje vore
radt nøgd med denne gamle kona si.
I 1732 fekk han ei dotter, Randi, med jenta Christi Fammestad, som då
tente på Bjørndal. Dette var i den tida ei svært alvorleg sak. Nyttårsdag
i 1733 laut han stå offentleg skrifte i Hosanger kyrkje "for sit ugudelige
levnad med Christi Fammestad". So laut fellesbuet mellom han og kona
skiftast, då hans lodd som mulkt for ekteskapsbrot tilfalt kongens kasse.
Det var 28 dalar han minst skulle bøta. Det som vanta på dei dalarane måtte
dei lida "paa kroppen ved kagen".
Marita døydde i 1745, 84 år gamal. Kor det vart av Hans Paulsen, finn me
ingenting om. Han har vel fare or bygda.
Tredje generasjon
Ole Olsen, f. 1708, son av Ole Magnesen og Marita Magnesdtr. gifte seg
i 1731 med jenta Marita Larsdtr. Eidsnes. Då fekk dei garden etter mora og
stefaren Hans Povelsen. Marita døydde i 1736, berre 26 år gamal.
Ved skifte etter henne vart buet delt mellom dottera Turi, f. 1734 og
enkjemannen Ole Olsen.
Kor det vart av Turi sidan er ukjent.
I 1737 gifte Ola seg att med jenta Agate Johannesdtr. Tufte, f. 1714. Ho
var dotter av unge Johannes Tufte og kona Brita Halvorsdtr. Kvar dei er
frå finn eg ingenting om.
Ole og Agate fekk fem born vaksne. To døydde ganske små.
Dei vaksne var:
1. Ole Olsen, f. 1740, d. 1765. Ugift.
2. Brita Olsdtr., f. 1743, g. 1777 m. Nils Olsen Hanstveit. Dei
fekk eit barn før dei var gifte. Før Nils var konfirmert.
Han laut då "spæge sit legeme med strengt arbeide i tukthuset". I seks
månader.
Då dei so gifte seg, fekk dei bruk på Vare, som lensmannen eigde.
Ætti lever i Ottungen enno.
3. Nils Olsen, f. 1948. Han fekk bruket etter foreldra.
4. Marita, f. 1752, g. 1777 m. Haldor Olsen Nøttveit av Manger.
5. Ingeborg, f. 1755, g. 1788 m. Ole Nilsen Bjørge. Ætta lever på
Bjørge i Kristian Olsen. (1928.)
Ole Olsen døydde i 1771, Agate Johannesdtr. i 1777.
Til toppen av side
Fjerde
generasjon
Då Ole Olsen døydde i 1771, tok sonen Nils Olsen bygslet på bruket. Han
gifte seg same året med Ingeborg Monsdtr. Indre Eide. Ho var fødd på
Langeland i 1746, der far hennar gifte seg til gard med enkja Guri Olsdtr.
Langeland, f. Svenheim. Då faren hans Mons døydde i 1748, på Indre Eide,
tol Mons Monsen garden på Eide og flytte dit. Nils Olsen har vore ein meir
lærd mann enn folk flest. Han var skrivefør, skreiv ganske bra, so han
tidleg av futen vart vald til vurderingsmann ved skifter. Lensmann i
Eikanger skbr. var då Ola Knudsen Fyllingen. Fram i 1770 åra har han fått
Nils Olsen Eknes som hjelpesmann, og det er merkande at Nils tidleg skreiv
både betre og penare enn lensmannen sjølv.
I 1787 vart Nils Olsen Eknes sett til lensmann etter Fyllingen. Han hadde
ombodet i heile 30 år.
Nils Olsen og Ingeborg hadde desse borna:
1. Agate Nilsdtr., f. 1733 g. 1. gong i 1797 m. Lars Johanessen
Aasheim på
Røysne.
Gift 2. gong i 1822 m. Nils Monsen Indre Eide.
2. Ole Nilsen, f. 1776, g. 1. gong i 1802 m. enkja Aasa Iversdtr.
Øvre Eikanger, f. Høyland. Gift 2. gong i 1819 m. Brita Olsdtr. Esheim.
Ola budde på Eknes, vart i 1817 lensmann etter faren. Han var farfar til
lensmann Ingvald Eikanger.
3. Guri Nilsdtr. f. 1777. Ho finn me ingenting om.
4. Mons Nilsen, f. 1782. Døydde ugift i 1803.
5. Lars Nilsen, f. 1785. Døydde ugift i 1810.
6. Elling Nilsen, f. 1792, g. 1815 m. Mario Gudmundsdtr.
Hanstveit. Elling budde på Eknes som tenar hjå faren, vart sidan paktar.
Han var lite tess, dum og doven. Det gjekk ord om det. Han var paktar på
garden hjå broren frå 1831 til 1837.
Elling og Mario hadde åtte born på Eknes. Fire døydde små.
Dei hine var:
1. Ingeborg Ellingsdtr. f. 1815. G. 1839 m. Anders Olsen Haugstveit,
f. 1811.
Anders var dreng og også truleg gardsstyrar hjå Ole Bergesen under
Haugstveit til 1848. Før det er han å finna på Nore Valestrand, der han er
nemd forpaktar då sonen eine sonen vart fødd. I 1852 er han inderst på
Elvik. I 1861 er han nemd inderst på Skår i Hamre, men nemd berre det eine
året der. Anders døydde på Flatøy i 1872.
Ingeborg og Anders fekk sju born. to av dei døydde små.
2. Nils Ellingsen, f. 1818. Ugift. Drukna utanfor Steinestø på ei
byferd i 1897.
3. Anna Ellingsdtr. f. 1824. Ukjend
4. Gudmund Ellingsen, f. 1825, g. 1886 m. Ukjent G. 2. gong i 1885
m. Anna Jakobsdtr. Bjørndal.
Budde på Dale i Hamre frå 1846. Budde sidan på Bjørndal i Hosanger.
Gudmund døydde i 1903.
5. Mons Ellingsen, f. 1831. Gift og budde på Almås i Åsane.
I 1836 døydde paktarkona Mario Gudmundsdtr. Eknes, 52 år gamal. Året etter
flytte Elling til Dale i Hamre og fekk seg gard der.
Lensmann Nils Eknes fekk i 1808 premie (5 Rdl.) av Bergens Nyttige Selskab
"for Stenarbeider og Fellesskabs ophevelse".
Han sa frå seg lensmannsomodet i 1717, og sonen Ole Eikanger fekk so det.
Nils Olsen døydde i 1832, kona Ingeborg døydde i 1821.
Folketeljinga frå 1801.
Førenamn |
Etternamn |
Hush. status |
Alder |
Sivilstand |
Yrke |
Kjønn |
Niels |
Olsen |
Huusbonde |
53 |
Gift 1. gang |
Lehnsmand og forligelses
comishair og leylænding |
M |
Ingebor |
Monsdtr. |
Hans kone |
55 |
Gift 1. gang |
|
K |
Ole |
Nielsen |
Deres sønn |
25 |
Ugift |
Skyds skaffer |
M |
Mons |
Nielsen |
Deres sønn |
21 |
Ugift |
|
M |
Lars |
Nielsen |
Deres søn |
16 |
Ugift |
|
M |
Elling |
Nielsen |
Deres søn |
9 |
Ugift |
|
M |
Anna |
Olsdtr. Biorgo |
Tieneste pige |
40 |
Ugift |
|
K |
Femte generasjon
Då bygslet på bruket gjekk ut i 1832 med gamlelensmannen, skulle garden
seljast, og Lensmann Ole Nilsen på Eikanger , som hadde åsæterett, kjøpte
garden. Då han enno ikkje hadde vaksne born, pakta han garden til broren
Elling frm til 1837.
Til toppen av sida
Sjette generasjon
I 1837 gifte dottera til Lensmann Ole Nilsen på Eikanger, Aasa Olsdtr.
Eikanger, f. 1820 seg med Jakob Olsen, f. 1810 Dei
fekk bruket som bygselsmenn hjå faren hennar.
Jakob var son til Ole Olsen Leknes og kona Barbra, f. Mundal.
Aasa og Jakob fekk desse borna:
1. Ole Jakobsen d.e., f. 1838, fekk garden etter foreldra som
eigar.
2. Barbru Jakobsdtr., f. 1840, g. 1878 m. Enkjemann Lars Knudsen
Molvik. Dei var barnlause. Budde i Molvik. Barbro døydde i 1907.
3. Brita Jakobsdtr., f. 1843, Ugift. Kjøpte Kårhuset i Geilane
på Laupen, Øvre Eknes i 1899. Brita døydde 1922. Ho vart og kalla
Jakobs-Brita.
4. Ole Jakobsen d.y. f. 1846, g. oml. 1873 m. Anna Mikalsdtr. Amble,
Sogndal. Dei fekk bygsla Utføret av Ola d.e. (Kvart bruk hadde sitt
utføre) Budde på Høgstølen. Fekk i 1891 heimabruket.
5. Ingeborg Jakobsdtr. f. 1849, g. 1880 m. enkjemann Askild Nilsen
Romarheim. Dei fekk ei dotter, Kari, som var lærarinne i Bergen. Gift med
ein Monstad.
6. Nils Jakobsen, f. 1854. Reiste til
Amerika i 1879. Døyde der ugift
i 1880.
7. Jakob Jakobsen, f. 1856, g. 1881 m. enkja Anna Romarheim, f. Seim.
Budde nokre år på Romarheim. Omlag 1882 kjøpte han ei handelsbu, som Lars Hodnekvam frå Lindås hadde bygd på Nothusskjæret i Eknesvågen, og dreiv
ein liten landhandel der. Elles var han mange år ekspeditør for Indre
Nordh. Dampskibs Lag. (INDL)
Dei hadde tre born.
Jakob døydde i 1927, Anna i 1924.
8. Lars Jakobsen, f. 1865, g. 1889. Han dreiv med trearbeid i Bergen.
Kona hans døydde i 1894, og deira einaste barn døydde i 1897. Lars døydde
i 1896.
Folketeljinga 1865
Hush. |
Fornamn |
Etternamn |
Fam. status |
Yrke |
Siv. st. |
Alder |
Kjønn |
Fødested |
1 |
Jakob |
Olsen |
Husfader |
Grdbr. leilænding |
G |
56 |
M |
Hammers Prgj. |
|
Aasa |
Olsdtr. |
Hans kone |
|
G |
47 |
K |
Hammers Prgj |
|
Ole |
Jakobsen d.æ. |
Deres søn |
Hjælper foreldrene |
Ug |
28 |
M |
Hosanger Prgj. |
|
Barbro |
Jakobsdtr. |
Deres datter |
Hjælper foreldrene |
Ug |
26 |
K |
Hosanger Prgj. |
|
Ole |
Jakobsen |
Deres søn |
Hjælper foreldrene |
Ug |
20 |
M |
Hosanger Prgj. |
|
Ingebjørg |
Jakobsdtr. |
Deres datter |
Hjælper foreldrene |
Ug |
17 |
K |
Hosanger Prgj. |
|
Nils |
Jakobsen |
Deres søn |
|
Ug |
12 |
M |
Hosanger Prgj. |
|
Jakob |
Jakobsen |
Derse søn |
|
Ug |
10 |
M |
Hosanger Prgj. |
|
Lars |
Jakobsen |
Deres søn |
|
Ug. |
1 |
M |
Hosanger prgj. |
Dei hadde den gongen åtte storkveg, 24 får. Dei sådde det året 3,5 tunner havre og 5 tunner
poteter.
Sjuande
generasjonen
Aasa Olsdtr. styrde garden som enkje til omlag 1872. Då fekk den eldste
sonen, Ole Jakobsen d.e. skøyte på garden. Han vart gift i 1873 med Sygni
Johannesdtr. Heldal, men ekteskapet vart barnlaust. I 1891 selde han
garden til broren "han Minst- Ola" og flytte so i Utføret og tok plassen
der som vilkårsstykkje.
"Han Støst-Ola" var ein stillfaren mann, men helsa var skral i mange år.
Han døydde bortimot 1901. Sygni styrde Utføret nokre år. Så sa ho det frå
seg og tok vilkår hjå Mikal, som då hadde bruket. Huset på
Stølabakkjen
selde ho til frkne. Visted. Sidan flytte ho til systersonen på Hosovde. Der
døydde ho i 1922.
Folketeljinga frå 1875.
Hush. |
Fornamn / Etternamn |
Midlert.
Bosted |
Kjønn |
Hush. status |
Yrke |
Siv. st. |
F. aar |
Fødested |
1 |
Ole Jakobsen d.e. |
|
M |
Husfader |
Gruvearb.?? og
bygningsmand |
G |
1838 |
Hosanger |
|
Signy Johannesdtr. |
Bergen |
K |
Husmoder |
Bordarb.,
bygn. mand, inderst |
G |
1849 |
Hosanger |
1 |
Ole Jakobsen d.y. |
|
M |
Husfader |
|
G |
1846 |
Hosanger |
|
Anna Mikkelsdtr. |
|
K |
Husmoder |
|
G |
1848 |
Dale prgj. |
|
Ole Olsen |
|
M |
Deres søn |
|
Ug |
1873 |
Dale prgj. |
|
Jakob Olsen |
|
M |
Deres søn |
|
Ug |
1875 |
Hosanger |
|
Aasa Olsdtr. |
|
K |
Husfaders mor (1) |
Hjelper sin søn (1) |
E |
1819 |
Hammers |
|
Nils Jakobsen |
|
M |
Søn |
Bordarbeider |
Ug |
1854 |
Hosanger |
|
Barbro Jakobsdtr. |
|
K |
Datter |
Hjelper med
jordarbeidet |
Ug |
1840 |
Hosanger |
|
Britha Jakobsdtr. |
|
K |
Datter |
Hjelper med
jordarbeidet |
Ug |
1843 |
Hosanger |
|
Ingebjørg Jakobsdtr. |
|
K |
Datter |
Hjelper med
jordarbeidet |
Ug |
1849 |
Hosanger |
|
Lars Jakobsen |
|
M |
Søn |
|
Ug |
1864 |
Hosanger |
Dei hadde det året sju kyr, femten sauer og lam og fire geit
og kje.
Dei sådde det året tre tøner havre og fem tønner poteter.
|

Huset på Stølabakkjen
Bilete tatt frå sør
Februar 2004 |

Huset på Stølabakkjen
Bilete tatt frå aust
September 2003 |

Tuftene til florsbygningane på Stølabakkjen
Bilete tatt frå Nord
Januar 2004 |

Tuftene til florsbygningane på Stølabakkjen
Bilete tatt frå vest
Januar 2004 |
Til toppen av
sida
Åttande generasjon
Ole Jakobsen d.y., f. 1846, og Kona Anna Mikelsdtr. Amle av Sogndal, f.
1849, fekk so bruket i 1891. Dei hadde budd på Høgstølen og bygsla Utføret
hjå broren, Støst- Ola frå omlag 1875.
Dei fekk fem born vaksne. eit par døydde små:
1. Ole Olsen, f. 1873. G. 1910 m. Sofia Manger. Fekk garden etter
foreldra.
2. Jakob Olsen, f. 1881, g. omlag 1900 m. Severina, f. 1870 d.
1932. Jakob var lausarbeidar og budde i Bergen.
3. Aasa Olsdtr., f. 1884, gift i Odda omlag 1925 med ein Lohne,
Gjerstad. Ho døydde i 1882
4. Mikal Olsen, f. 1887, g. 1927 m. Regina Vedholm Hogsfjord. Fekk
garden då broren Ole Olsen reiste til Amerika.
5. Maria Olsdtr. f. 1889 g. 1914 m. fabrikkarbeidar Bertin J
Hvidsten, Manger. Budde i Salhus.
Ole Jakobsen ga bruket frå seg til eldstesonen i 1912. Han døydde i 1918.
Anna i 1931.
Folketeljinga frå 1900.
Hush. nr. |
Fornavn |
Etternavn |
Kjønn |
Bosatt |
Midl. bosatt |
Fam. st. |
Siv. st. |
Yrke |
F. år. |
Føde sted |
1 |
Ole Jakobsen |
Eknæs |
M |
F |
Lyster i Sogn |
Husfader |
G |
Gårdbruger |
1846 |
Hosanger |
|
Anna Mikelsdtr. |
Eknæs |
K |
B |
|
Husmoder |
G |
|
1848 |
Amble i Sogn |
|
Aasa Olsdtr. |
Eknæs |
K |
B |
|
Datter |
Ug |
Tj. gaardsarb. hus og fjøsstell |
1883 |
Hosanger |
|
Mikkel Olsen |
Eknæs |
M |
B |
|
Søn |
Ug |
|
1886 |
Hosanger |
|
Maria Olsdtr. |
Eknæs |
K |
B |
|
Datter |
Ug |
|
1888 |
Hosanger |
1 |
Aasa Olsdtr. |
Eknæs |
K |
B |
|
Husmoder |
Enke i 1919 |
Kaarkone |
1819 |
Hammer |
Dei hadde den gongen:
Korn, potet og kreatur.
Niande generasjon
Ole Olsen, f. 15. juli 1873, reiste til Amerika i 1893 og dreiv som farmar der i
mange år. I 1908 kom han heimatt og tok over farsgarden.
I 1910 gifte han
seg med Sofia Manger.
Etter utvandringslistene i digitalarkivet, reiste han til bakars til
Amerika 31. august 1908, muligens for å selje farmen sin som han hadde i
Gettysburg,
South Dakota. Det står at han var heime ein kort tur.
Det gjekk ikkje for han heime, og i 1917 reiste han til
Amerika
med kona og
eit par born.
Eg fann han på internett. Han døydde i mai 1966. Buplassen var då
Cloquet, Carlton,
Minnesota.
Eg fann og kona. Ho skreiv namnet sitt Sophia der borte.
Borna Olav, f. 1911, Einar, f. 1913, og Anna, f. 1915 er alle fødde i
Noreg.
Der borte fekk dei to born til. Carl, f. 1918 og Oscar f, 1919.
Heimen til alle desse i 1920 var Carlton, Minnesota.
Alle desse er døde no.
Då Ole Olsen reiste til Amerika att styrde faren bruket eit år, men gamal og sliten som han var, kunne det
berre vera mellombels.
I 1918 fekk sonen Mikal bruket. Same hausten døydde Ole Jakobsen d.y. 72
år gamal.
Ole Olsen og Sofia Manger hadde desse borna, alle fødde i Noreg:
1. Olav Olsen, f. 1911.
Amerika.
2. Einar Olsen, f. 06. oktober 1913.
Amerika.
Fann han på internett. Han døydde
29 August 2004.
Han budde då i
Orange City, Sioux, Iowa.
Han er begraven på
West Lawn Cemetery,
Sioux, Iowa.
Fann og ei
Dorothy F. Eknes
på same adressa. Dette kan vere kona.
Ho er fødd 17. juni 1917, d. 30. november 1996.
Ho ligg begraven på same kirkegård som Einar.
3. Anna Olsdtr. f. 1915.
Amerika.
Til toppen av sida
Tiende generasjon
Mikal Olsen vart bonde på Jakobsluten i 1918. Han gifte seg i 1927 med
Regina Vedholm, Hogsfjord i Rogaland, f. 1896.
Då Mikal hadde teke imot garden, selde han bort nokre små lutar av bruket
til hustufter.
Det var
Kallvika og Kjørneset
til ein Holmedal. Han bygde små knøtne
stovhus og eit større uthus til grisestall, hønsehus og kaninhus. Han
dreiv småbruk.
Historia bak salget av denne eigedomen, fortalt av Terje Jakobsen:
Mikal Eknes var ein hund til å gå på skøyter.
Den gongen var det skøytebane på Møhlenpris. Ein gong han var der og gjekk
på skøyter, datt han og øydelagde hofta.
Han måtte ha ein operasjon for å verte god at. Til det måtta han ha
pengar. Difor selde han dette bruket til Holmedal.
Gamletunet vart seld til Askild Eknes.
Stølabakkjen og Stølabråtet til Frkn. Visted. Dei kjøpte kårhusa hjå enkja
Signy Johannesdtr. til Sommarbustad.
Dei fekk desse borna:
1. Oda Mikalsdtr. f. 1927, g. m. Bjarne Jakobsen, Mjøndalen. Dei
budde i Bergen. Fem born.
2. Håkon Mikalsen, f. 1928. Drukna i 1944.
3. Trygve Mikalsen, f. 1930, g.m. Astrid Nordås, Bysheim. Dei fekk
bruket etter foreldra hans.
4. Aagåt Mikalsdtr., f. 1930, g. m. Alf Haugland, Hordabø. Bur på
Sakstad, Meland.
5. Randi Mikalsdtr., g.m. Dagfinn Rygg, Silda, Selje. Dei bur på
Silda i Selje.
Ellevte
generasjon
Trygve M Eknes, f. 1930 og Astrid Nordås Bysheim overtok bruket i 1973.
Dei budde nokre år i Bergen før dei bygde i ???? seg hus på heimagarden og har budd der sidan.
Garden er i dag nedlagt, men Trygve har halde han godt. Han slær graset
kvart år. Han har og ordna løebygningen.
Trygve og Astrid har to born. Dei er:
1.
2. Roald Eknes. Bur i Oslo.
I september 2001, selde Trygve ein del av garden til Stevnebø
Utbyggingsselskap.
|