NEDRE ELLER YTRE EKNES |
Hosanger: G.nr 64.
Lindås G.nr. 239 B.nr. 69, 107 og 108 |
Namn på bruk: HÅGARDSLIA |
Utskild frå bruk nr. 1,
Rasmusluten /
Hosanger Kommune / Lindås Kommune. |
Første eigar: Bjørn B.
Nordanger
Nordanger.
Bruk nr. 69 tinglyst : 18. juli 1967.
Bruk nr. 107 tinglyst: 26. november 1993.
Bruk nr. 108 tinglyst: 26. november 1993.
Bjørn B. Nordanger, f. kom frå Nordanger i Radøy.
Han var gift med Kirsten, f. 1929 frå Jondal i Hardanger.
Han og lyden hans budde i "lærarboligen"
fram til dei bygde seg hus i 1967.
Bjørn var rektor ved Ostereidet Ungdomsskule.
Han var svært ivrig med i mållaget.
Det var han som tok iniativet slik at minnestøtta av
Arne Bjørndal kom opp ved skulehuset på Vassel.
Bjørn og Kirsten har desse borna:
1. Narve Nordanger, f. 1960. Bur pr. 2002 i Skien.
Han er offiser i sjøforsvaret. Ugift.
Orlogskaptein ved 22. MTB skvadron pr. 2004.
2. Brynjar Nordanger, f. 1963.
Sjå bruk nr. 99 og 102 på Neregard. |
Andre eigar: Kirsten
Nordanger.
Tinglyst: Bruket står antakelegvis i Bjørn sitt namn enno.
Då Bjørn døydde, overtok kona hans, Kirsten dette bruket. |
Bilete: Arild Myhr.
|

Februar 2004
Bilete tatt frå sør |
|
|
|