NEDRE ELLER YTRE EKNES

Hosanger: G.nr 64.     Lindås G.nr. 239 B.nr. 35

Namn på bruk: EIKESTAD

Utskild frå bruk nr. 3 og 4, Jo- Bruket.
Første eigar: Ingvald B. Eknes.
Tinglyst: 24. januar 1946

Ingvald Bergesen Eknes, f. 1900, d. 1986 var frå Eikjo.
Han gifte seg i 1937 i Askvik Kapell med Olga Monsdtr. Eknes, f. 1910, d. 1979. Ho var frå Jo- Bruket
Sjå der, 14. generasjon.
Ingvald var til sjøs nokre år.
Invald var den første som hadde bil her omkring. Dreiv litt med drosjekjøring.
Før dei kjøpte tomt på Eknes budde dei på Heldal, der Ingvald jobba som sjåfør i gruvene.
Det var nokre streikar der, og han er nemnd angåande det ein gong i ei bok som omhandlar gruvedrift på Osterøy.
Ingvald og Olga hadde ingen born.

Eg kan hugse frå eg var liten at mest kvar sundag om sumaren var heimen deira ein samlingsplass for familien. Var det fint ver sat dei vaksne ute i hagen og prata. Me ungane for omkring og sprang. Det vanka alltid eit par glas brus og anna godt til oss ungane. Dei vaksne kosa seg med "sitt".
Andre eigar: Norman Eknes.
Tinglyst: 25. mai 1987.

Norman Eknes, f. 1942.
Mor til Norman var meierske Madli Eknes. Faren var Erling Monsen Eknes. Sjå bruk nr. 10 på Neregard.
Etter at Ingvald døydde i 1986, overtok Norman Eknes dette bruket. Olga var tanta hans.
Han er gift med   ???  . Fleire born. Bur i Bergen.
Bilete:  Arild Myhr.


November 2003
Bilete tatt frå nord


August 2004
Bilete tatt frå Eiknesvågen

Her er nokre bilete frå då Ingvald og Olga flytte ei hytte som dei hadde kjøpt hjå Gustav Dyrdal på Totland. (Der som dyrlegen bur no pr. 2004.)
Dei flytte ho der som huset står i dag. No er denne hytta soverommet som Olga og Ingvald brukte. Som ein skjønar er huset bygd på no.
Det var Magnus Askeland som køyrde lastebilen.


Her er namnet på nokon av dei som var med på biletet under til venstre:

Frå venstre:
  1. Olav Børslid
  2. Fremste ungen: Veit ikkje
  3. Bakerste ungen: Veit ikkje
  4. Man bakerst: Veit ikkje. Kan vere Sigurd P. Eknes
  5. Dame framme: Veit ikkje 
  6. Mann bak: Trygve Eknes
  7. Mann bakerst: Ingvald B. Eknes
  8. Fremste unge i midten: Norman Eknes
  9. Gutt til venstre for Norman: Gunnar Guldbrandsøy
10. Jente til venstre for Gunnar: Ingunn Eknes
11. Gutt bak Norman: Berge Eknes eller Birger Eknes
12. Jente til høgre for Norman: Veit ikkje
13. Mann bak jente: Arne B Eknes
14. Gutt til høgre bak Arne: Veit ikkje
15. Man bak: Veit ikkje
16. Gunvor Eknes
17. Arthur Eknes
18. Olga Eknes
19. Halstein Guldbrandsøy
20 Mann i vindauge: Veit ikkje

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net