Fyrste generasjon:
I åra mellom 1660 og 1664 er halve Neregard, Jo- Bruket vorte delt i to
bruk. Dette utskifta bruket var Røysne.
Den fyrste bygselmannen på Røysne var Mogens (Mons) Eriksen d.e. frå Ytre
Eide.
Han var son av Erik Mogensen og kona Kari Mogensdtr. Ytre Eide.
Kona hans Mogens var Brita Eriksdtr. Heldal, dotter av Erik Jonsen og kona
Gunvor på Heldal. I matrikkelen av 1666 står det om Mogens Eknes:
"Mogens Eknes, 28 år, skyld: 0.5 laup smør, 1. mele malt. Tiende 5 kander
korn."
Me veit lite om Mogens før han døydde. Dei fyrste åra har han vel budd i
dei same husa som han Anders. (Jo-
Bruket)
Truleg var han den første som bygde hus på Røysne.
I 1690 står det i kyrkjebøkene at han er død, 48 år gamal. Det står også:
"Inmentalis qualte sig".
I tingboka finn me ei lang soge om det.
Der var ting på Eide 23. og 24. oktober 1690.
Futen Johan Torsen var ein skarv. Nokre år forut vart han avsett for
snyteri i Sunnhordland og i 1692 i Nordhordland.
Då tinget var slutt på Eide, tok futen med seg skrivaren sin, Christen
Aabo, Lensmann Mogens Esemb, Mogens Eriksen Ytre Eide, Olle Ytre Eide og
Siffuer Eidsnes, den 25. oktober om aftenen på Nedre Echnes angående Mons
Eriksen, "som sig den 18. oktober udj sin wanchelmodighet skal hafue av
dag bragt, og deft ved sig hafue udj lidet kamers po loftet ophengt med it
boxebond om halsen af hans egne boxer. Da vi gich ind udj forn. kamers, og
befandtes forbemelte kamer icke saa høg at en mand kan staa rett derudj.
Saa tilspurte fogden dend afdøde mands quinde, Britha Erichsdtr.,
hvorledes manden var afdage komen, hvortil Britha Erichsdtr. intet suarede,
men quindens moder, Gunel (Gunvor) Heldal suarede det manden stod op i den
ene krog po den høyre haand ved inngangen av kamerdøren med it boxeband om
halsen, staaendis po sine fødder og var død, og besaa vj da det afdøde
legeme og befindes noksom at vere strangulered, og tungen stod du gjenom
leberne med tenderne til samenbidt."
Bror hennar Britha, han Haldor Eriksen Heldal, og bror etter Mons, han Ole
Eriksen Eidsnes, hadde vore hjå lensmannen, etter at dei og faren henar
Britha, han Erik Heldal fyrst hadde vore i byen hjå amtmanen og bisben og
løyst resolusjon på at Mons som sinnsjuk måtte gravleggjast i kristen
jord.
Men lensmann Magne Esheim, hadde nok gitt dei lov til å skjære han ned
utan å vere med sjølv.
"Saa tilspurte fogden Halfer Heldal og Ole Eytsnes huan lensmande huade
suared da de vare hos henem, hvirtil de suarede at hand intet hafte sagt
huerken fra eller til."
Dette var den 21. oktober. Det var den 18. Mons hengde seg, so han hadde
hengt der i tre døgn.
"Mogens Ytre Eide sagde at hafue holdt den afdøde mand medens Ole Eytsnes
ned hannem schar, som begge var dend afdøde mands brødre, og det gjorde
efter resolusjon og Magne Esems ord."
Brørne og verfaren la so fram vitnemål frå bisp og amtmann på at dei hadde
betalt 12 daler for resolusjon om at Mons som sinsjuk måtte få krist-
sømeleg gravferd. Men då hadde ikkje futen noko med det å gjere. Ellers
skulle buet til ein sjølvmordar tilfalla "Kongens kasse." Futen var tykjen
både på frendene hans Mons og på lensmanen for at dei hadde gjenge han
forbi.
Mons Eriksen og Britha Eriksdtr. hadde ingen søner. (I 1702 var ein Mons
Monsen Echnes fadder på Svindal. Det er einaste gongen han er nemd. Kva
lyd han er av er uvisst.)
Han hadde i alle høve to døtre, om ikkje fleire. På same tid var det ein
Mons på Øvre Eknes, difor er det usikkert med dei andre kven dei var døtre
av.
Desse Monsdøtrene var:
1. Kari Monsdtr. Nedre Eknes, fekk i 1704 barn med Nils Ryland i Seim
og stod offentleg skrifte i Seimskyrkja. Sidan ukjend. Ho var frå Nedre
Eknes, og altså dotter av Mons Eriksen.
2. Gunvor, g. 1713 m. Askild Litland. Barnlause.
3. Rangela, g. 1718 m. Sjur Johanessen Stafnes. Dei fekk Røysajorda
etter Britha Eriksdtr. Må då truleg vera dotter av Mons Eriksen og Britha
Eriksdtr.
4. Gjertrud Mogensdtr. g. 1706 m. Johannes Antun.
5. Britha Mogensdtr. g. 1714 m. Lars Pedersen Krøraa i Alversund.
Desse to siste kan liksogodt vere frå Oppegard.
Andre generasjon
Etter at Mons døydde i 1890, har Britha styrd bruket åleine i omlag to år.
Men i 1692 gifte enkja Britha Eriksdtr. seg att med unkar Hans
Johannesen Holme. Då fekk han bygslet på Røysajorda.
Der vart ikkje born av det ekteskapet. Hans døydde i 1717, men i 1718 er
han førd i matrikkelen som brukar. Truleg har Britha hatt garden det året.
Tredje generasjon
I 1718 fekk Sjur Johannessen frå Stafnes og Rangela Monsdtr. Eknes bygslet
på bruket. Dei var eldre folk då. Sjur var 54 og Rangela 39 år. Dei fekk
to born.
Dei var:
1. Knut Sjursen, f. 1719, døydde ugift i 1757.
2. Brita, f. 1723. Ukjend.
Sjur døydde i 1825.
Same året gifte Ragnhild seg att med Johannes Andersen Kaland.
Han var 18 år yngre enn ho.
Til toppen av sida
Fjerde
generasjon
Johannes Andersen og Ragnhild (Rangela) fekk ikkje born. Ho var då
gamal. 1741 var eit av dei verste uår landet vårt har hatt. Rundtom
i landet døydde ei mengd av hunger og tyfus det året. Ein reknar at det
døydde omlag 36000 fleire en det var fødd det året.
I Hamre prestegjeld vart det 1741 fødde 88, og døydde 177.
I 1742 fødde 117, og døydde 163.
Ragnhild strauk med i 1741.
I 1742 gifte so Johannes Andersen Kaland seg att med Anna Olsdtr. Ytre
Eidsnes. Han var då 45 år og ho var 22.
Dei fekk tre born, men alle døydde små.
I 1748 døydde Johannes Andersen.
Anna styrde då åleine garden omlag 2 år.
Femte generasjon
I 1750 gifte Anna Olsdtr. seg at med ungkar Rasmus Andersen Aasheim,
som i omlag 46 år var bonde på Røysne.
Ho Anna var 30 år, Rasmus berre 20. Anna døydde same året, barnlaus.
I 1751 gifte Rasmus seg at med Marita Andersdtr. Tepstad. Ho var 14 år
eldre en han. Også dette ekteskapet vart barnlaust.
Marita døydde i 1781.
Året etter gifte Rasmus seg for tredje gongen med jenta Brita Endresdtr.
Eikangerli. Ho var fødd i 1745 og soleis 16 år yngre en Rasmus.
Dei fekk i 1784 ei dotter, men ho døydde halvtårsgamal, så vart Rasmus
barnlaus.
Rasmus Andersen døydde som kårmann på Røysne i 1810, 81 år gamal.
Brita Endresdtr. i 1829, 84 år gamal.
Til toppen av sida
Sjette generasjon
I 1797 let Rasmus Andersen bygslet frå seg til brorsonen sin, Lars
Johannessen Aasheim, f. 1760.
Lars gifte seg det året med lensmansdottera Agata Nilsdtr. Nedre Eknes, f.
1773. No vart dei sjølvfolk på Røysne i 24 år.
Dei fekk tre søner og fire døtre. Sønene døydde alle før dei vart vaksne.
Døtrene var:
1. Synneva Larsdtr. f. 1802 g. 1. gong m. enkjemann Anders
Gudmundsen Mjøs frå Hanstveit.
g. 2. gong m. Knut Ingebrigtsen Myking. Dei budde på Mjøs til 1839. Då
flytte dei til Eknes. Sjå åttande generasjon på Røysne.
2. Ingeborg, f. 1805, g. 1823 m.
Ivar Monsen Øvre Eknes. Dei fekk Oppegardsbruket.
Det er fortald at då Synneva Larsdtr. var fødd, huserte bjørnen stygt der
i nabolaget. Han hadde teften lang veg frå når eit kvende var om hende, og
då var han farleg.
Då Agata var i barnsnød med Synneva, kom bjørnen like inn til husa, og når
ho skreik inne i stova, bura bjørnen endå sterkare utføre vindauga på
garden.
Lars Johannessen døydde i 1821, 61 år gamal.
Agata styrde då garden i omlag eit år.
Her er folketeljinga frå 1801.
Førenamn |
Etternamn |
Hushaldstatus |
Alder |
Sivilstand |
Yrke |
Kjønn |
Lars |
Johannesen |
Huusbonde |
42 |
Gift 1. gang |
Leylænding |
M |
Agothe |
Nielsdtr. |
Hans kone |
27 |
Gift 1. gang |
|
K |
Niels |
Larsen |
Deres søn |
2 |
Ugift |
|
M |
Brite |
Johannesdtr. Asheim |
Tienestepige |
25 |
Ugift |
|
K |
Rasmus |
Andersen |
Mand |
72 |
Gift 3. gang |
Inderste |
M |
Brite |
Endresdtr |
Hans kone |
59 |
Gift 1. gang |
|
K |
Magdeli |
Olsdtr. Biordal |
Til huse |
42 |
Ugift |
Vandfør, men dog nærer sig med henders
arbeide |
K |
Sjuande
generasjonen
I 1822 gifte Agata Nilsdtr seg att med ungkar Nils Monsen Indre Eide.
(Gamle - Røysne gjekk han for på sine gamle dagar.)
Han var då 30 år, ho 49. No fekk Nils husmannskapen på Røysne, og i 17 år
styrde han heile luten.
I 1839 døydde Agata Nilsdtr. og då bygslet no var ute, skulle garden
seljast.
Røysegarden vart då skift i to lutar.
Den eldste dottera hennar Agata, Synneva Larsdtr., og mannen hennar Knut
Ingebrigtsen, som nokre år hadde budd på Mjøs, fekk då kjøpt hovudbolet.
Enkjemannen Nils Monsen kjøpte nordre luten av Røysagarden, som fekk
namnet Nora - Røysne.
Til toppen av
sida
Åttande generasjon
Knut Ingebrigtsen var frå Nore Myking. Han var son av Ingebrigt Askildsen Myking og kona Lisbrth Olsdtr. Hole
av Tidkeætti.
I nokre år etter at han var gift, budde Synneva på Mjøs på bruket
etter Anders Gudmundsen. Dette bruket var var eigd av Brita, dotra av
Anders i fyrste ekteskapen hans, så det var berre så lenge ho var barn dei
kunne ha den garden.
knut var litt av ein smed, og det var især om somaren i slåtten at han
dreiv det yrket. med å tynsla ljåar. Det var først i 1870- åra dei tok til
med slipeljå for alvor i bygda.
Knut og Synneva fekk i 1836, på Mjøs , ein son, Anders Knutsen. I 1859
gifte Anders Knutsen seg med Johanna Nilsdtr. Nedre Åsheim, f. 13.07.1825.
Dei styrde so garden ihop med foreldra hans eit par år. Om våren
1861 døydde Anders, berre 24 år gamal. Ein månad seinare fekk Johanna ein
son, Anders Andersen, men han døydde og, berre årsgamal, og dermed døydde
ætta ut.
Synneva og Knut hadde garden so lenge at dei hadde budd odel i han.
Synneva døydde 1870. Knut i 1882.
Niande generasjon
Haldor Olsen Nore Myking Haus, f. 1830, var brorson hans Knut. Han
hadde som ein odelsrett i garden. I 1860 gifte han seg med enkja etter
Anders Knutsen. ho Johanna Nilsdtr. Åsheim, så fekk Haldor skøyte på
garden.
Endå hadde dei to Røyse- gardane løe og flor i hop, delt ved ørgaved i to
like store luter. Den stod på den plassen der løa til Per Einar Eknes no
står. I 1877 bygde Haldor ny løe heime ved husa. Det var den løebygningen
som brann opp i 1928.
Haldor Olsen og Johanna Nilsdtr. hadde berre eit barn, Anna Haldorsdtr.,
f. 16.11.1863, g.m. Lærar Nils Eknes.
Dei fekk garden etter Haldor.
Johanna Nilsdtr. døydde i 1909. Haldor i 1910.
Her er folketeljinga frå 1865.
Hush. |
Fornamn |
Etternamn |
Familiestatus |
Yrke |
Sivilst. |
Alder |
Kjønn |
Fødested |
1 |
Haldor |
Olsen |
Husfader |
Grdbgr. Selveier |
G |
37 |
M |
Haus Prgj. |
|
Johanna |
Nilsdtr. |
Hans kone |
|
G |
41 |
K |
Hosangers prgj. |
|
Anna |
Haldorsdtr. |
Deres datter |
|
Ug |
3 |
K |
Hosangers prgj. |
|
Siri |
Nilsdtr. |
|
Tjenestepige |
Ug |
24 |
K |
Hosangers prgj. |
|
Knud |
Ingebrigtsen |
|
Føderaadsmann |
G |
60 |
M |
Hosangers prgj. |
|
Synneva |
Larsdtr. |
Hans kone |
|
G |
64 |
K |
Haus prgj. |
Dei hadde den gongen seks storkveg, 25 sauer, ein gris, to tønner havre
og fire tønner poteter.
Folketeljinga frå 1875.
Hus
hold |
Fornamn /
Etternamn |
Midlert.
bosted |
Kjønn |
Hush.
status |
Yrke |
Siv. st. |
F. aar |
Fødested |
1 |
Haldor Olsen |
|
M |
Husfader |
Gaardbruger |
G |
1830 |
Gjerstad og Haus |
|
Johanna Nilsdtr. |
|
K |
Hans fru |
|
G |
1825 |
Hosanger |
|
Anna Haldorsdtr. |
|
K |
Datter |
|
Ug |
1863 |
Hosanger |
|
Ingebjørg Haldorsdtr. |
|
K |
Tjeneste |
Tjenestepige |
Ug |
1848 |
Hosanger |
|
Knud Ingebrigtsen |
|
M |
|
Føderådsmand |
Ug |
1805 |
Gjerstad og Haus |
Tiende generasjon
Anna Haldorsdtr. gifte seg i 1882 med Lærar Nils Larsen Eknes av
Oppegardsluten.
Sjå Oppegardsbruket.
Dei fekk i 1898 Røysegarden.
Nils var fødd 19.11.1858. I 1877 vart han dimmitert frå Voss lågare skule.
Han var så eit par år lærar i Bømlo.
Frå 1878 til 83 var han lærar i Kirkebø i Sogn. Han hadde der tre krinsar,
mest ei mil mellom kvar. Det var 12
veker samla skule i kvar krins. Det var i Vadheim, Høyanger og Ortnevik
krinsar.
I 1883 reiste han med permisjon frå skulen, til Hamar og tok inn i øverste
klassa ved seminaret der. Derifrå vart han dimitert i 1884 med 1. grads
karakteren.
Alt med han var der, vart han tilsett i Øfstegard og Hjelmås krinsar i Hamre. Der heldt
han kun skule eit fjordungår.
Frå nyttår 1885 vart han tilsett som lærar i ladestedet Holmsbu ved Drammensfjorden. I juli 1887 flytte han derfrå til Vaksdal,
der han var lærar ved bruksskulen frå 1887 til 1925.
Der var han mykje med i mange tillitsverv. Han var 14 år ordførar i
Bruvik, formann i skulestyret, valgmann, forliksråd, mange år
bankkasserar, hadde riksforsikringsstellet i bygda, m.m.
Kvar sommar var han på Eknes og dreiv slått onna der. Han var evnerik og
uvanleg trottug i alt arbeide.
I 1923 vart han skadd av jernbana på Vaksdal stasjon. Det sette seg kreft
i magen etter det dryge slaget, og i 1925 laut han slutta i skulen for
helsa si skuld. Han bygde då nye hus på Røysne og flytte til Eknes. I
september 1927 døydde han etter ei tung sjukelega.
Etter Nils er død, styrte Anna garden.
I julehelga i 1928 brann løa ned for henne. I 1929 har ho bygd seg ei pen
løe oppatt.
I 1903 fekk Nils utskifting på Nedre Eknes, både på inn- og utmark. Av
utmarka har han rydda opp Vågsmyrane og fått seg ein pen teig, der dei då
fekk omlag tredjeparten av avlinga si.
Nils og Anna fekk 11 born. Tre av dei døydde små.
Dei åtte andre er:
1. Agmund, f. 1889, g.m. Lydia Hald. Reiste til
Amerika i 1910.
Plantasje eigar. Var med i 1. verdenskrig.
2. Johan, f. 1892, g. 1930 m. Anna Loennecken Akselsen. Bankmann og
revisor. Budde i Bergen. Fire born.
3. Lydia, f. 1894, student i 1915. Lærarskuleeksamen. G. i 1924 m.
kjøpmann Ole Hay Hoel. Budde i Haugesund.
4. Lars, f. 1895, Ygift. Student i 1917. Bankmann. Var N.N. fange i
Tyskland 1942 - 45.
5. Sigurd, f. 1896, g. 1929 m. Marita Sandstone, Tungesvik
Skånevik, Ullensvang. Student i 1915, cand, med. i 1923. Distriktlækjar.
Budde ei stund i Finnmark, sidan i Skånevik, og så Laksevåg.
Han fekk garden etter foreldra.
6. Astrid, f. 1898, Bankassistent. Budde i Bergen.
7. Olav, f. 1900, g. 1941 m. Bergljot Jakobsen, Stavanger.
Telegrafist ved jernbanen. Budde ei stund i Bergen, sidan på Urdland,
sidan på Voss, der han var stasjonsmester.
8. Harald, f. 1902. Ug. Sjuk. Gardbrukar på Eknes. Gjekk på Stend
Jordbruksskule.
Folketeljinga frå 1900
Hush.nr. |
Fornavn |
Ettenamn |
Kjønn |
Bosatt |
Familiest. |
Siv. st. |
Yrke |
F. år |
F. sted |
statsbrsk. |
Trosamf. |
1 |
Haldor Olsen |
Eknæs |
M |
B |
Hf |
G |
Føderaadsmand |
1830 |
Haus SB |
N |
S |
|
Johanna Nilsdtr. |
Eknæs |
K |
B |
Hm |
G |
Føderaadskone |
1825 |
T |
N |
S |
|
Johanna K. |
Eknæs |
K |
B |
Tj |
Ug |
Tjenestepige |
1882 |
T |
N |
S |
|
Lars N. |
Eknæs |
M |
B |
Fl |
Ug |
Husf. Dattersønn |
1895 |
Bruvik SB |
N |
S |
Det står og å lese at dei hadde korn, poteter kreatur og frukthage.
Til toppen av sida
Ellevte
generasjon
Sigurd, f. 1896, g. 1929 m. Marita Sandstone, Tungesvik Skånevik,
Ullensvang. Student i 1915, cand, med. i 1923. Distriktlækjar. Budde ei
stund i Finnmark, sidan i Skånevik, og så Laksevåg.
I 1938 tok dei over Røysegarden.
Tolvte generasjon
Nils Eknes, f. 1930 g.m. ????? overtok Røysegarden etter foreldra hans i
1974.
Hausten 2003 høgde han ut ein heil del skog i Ekneslia nordetter til
Bjørgeskiftet like ned til Bjørndalsnausta.
Nils Eknes bur ikkje på Eknes.
Han er og eigar av bruk
nr. 109
og
bruk nr. 110
på Neregard.
|