ØVRE ELLER INDRE EKNES

Hosanger: G.nr 63.     Lindås G.nr. 238 B.nr. 1

Eikjo
Dette er garden som Johannes Eknes eig.
 

Opplysningane er henta frå:

Askild Eknes 
Digitalarkivet
Statsarkivet i Bergen
Jesus Christ of Latter-day Saints family search
Berge Eknes, Sigrid Hagesether, Hjørdis Trengereid, Else Myhr og Terje Eknes

Oversikt over bygselmenn og eigarar på Eikjo

Namn År dei styrde Namn År dei styrde Namn År dei styrde
Brita Persdtr. 1826 - 1833 Johannes Bergesen Eknes 1925 - 1974    
Berge Larsen Y. Eide 1833 - 1870 Berge Johannesen Eknes 1974 - 2001    
Johannes Bergesen 1870 - 1897 Johannes Bergesen Eknes 2001 -     
Berge Johannesen 1897 - 1925        




Fyrste generasjon
Då Brita Persdtr. f. 1771 d. 1847,  (Brita kom frå Laupen. Sjå 7. generasjonen der.) let frå seg bruket, bygslet på ein halv lut av garden i 1833, fekk den yngste dottera hennar , ho Ingeborg Johannesdtr. f. 1814, d. 1894, og mannen hennar Berge, kjøpa denne luten.

Ingeborg vart dette året gift med Berge Larsen frå Brekko på Ytre Eide, f. 1809 d. 1876. Det var Berge Larsen som hyste opp Eikene fyrste gongen. Det er berre florshusa som står att av desse husa no.

Dei hadde arva bra begge, så dei stod ikkje tomhendte til å byrje med. Ho Ingeborg arva frå Bysheim. Far til Ingeborg var

Johannes Johannesen frå Søre Bysheim, Osterøy. f. 1781, Han gifte seg med Brita i 1813. Johannes var med i Nordhordland skarpskyttarkompani, og var med i krigen 1808 - 1809. Han omkom  om våren 1920 på veg til byen saman med sine to steborn, Ingeborg og Lars.

Bilete av tuftene til det første huset på Eikjo.

Bileta er tatt av Arild Myhr


Bilete tatt frå aust våren 2002.


Bilete tatt frå sør våren 2002.


Berge Larsen og Ingeborg hadde desse borna:

1. Johannes Bergesen, f. 22. februar 1834, g. 1863 m. Brita Monsdtr. Eikefet, f. 1839, d. 1889.
Dei budde på Eikefet fram til 1875. Då kom dei heim og overtok Eikene etter foreldra til Berge.

2. Ingeborg d.e., f. 28. april 1835 d. 1927, gift i 1878 med enkjemann Johannes Ivarsen, Eidsnes. Dei var barnlause.

3. Ingeborg d.y., f. 13. mai. 1837 d. 1849.

4. Lars, f. 23. juni 1839 d. 1876, gift med Anna Marie Olsdtr. frå Fitjar, f. 1843 d. ???? . Dei budde nokre år på Eikjo, styrde garden der. Antakelegvis frå 1871 til 1874.
Sidan flytte dei til Brandesund. Der dreiv dei landhandel. Dei døydde barnlause.

5. Brita, f. 1841 d. 1914. Ho døydde på Eikjo, ugift.

6. Arne, f. 02. desember 1844 d. 1920. Budde frå 1880 på Dale fabrikker. Gift, men barnlaus.

7. Maila, f. 02. desember 1844 d. 1910. Ho var tvillingsyster til Arne. Ho var gift 1870 med gbr. Ole Jonsen, S. Myking. Gardmannsfolk på Tveiten i Hosanger. Dei hadde ei dotter.

8. Peder, f. 22.desember 1847 d. 1895. Han var den fyrste i Hosanger som gjekk folkehøgskule. (I Sogndal). Han var gift med dotter av Anders Esheim. Dei dreiv fiskeforretning i Sund. (Limavågen). Barnlause.

9. Sjur, f. 27. januar 1854 d. 1939. Han var bødkar av yrke. Tok i slutten av 1890 åra ein liten odelsgard dei eigde på Austre Kleppe. Kona var frå Haugesund. Dei hadde fleire born. Dei ber namnet Eknes.

Berge Larsen bygde som kårmann kårhus. Han bygde og kvernhuset ved Kvernhusvika og dreiv og mol der når det var vatn.
Berge Larsen døydde i 1876.

Likferda vart halden etter gamal skikk som stort gravøl. Fleire gjestar vart bokstaveleg liggjande under bordet andre kvelden. Det var truleg det siste gravølet av det slaget i Hosanger. Ingeborg døydde i 1894.

Her er ei oversikt over folketeljingane i
1865.

Hush. Fornamn Etternamn Fam. status Yrke Siv. stand Alder Kjønn Fødestad
1 Berge Larsen Husfader Grdbr. Selveier G 57 M Hosanger
  Ingeborg Johannesdtr Hans kone   G 52 K Hosanger
  Ingeborg  Bergesdtr. Deres datter Hjælper foreldrene Ug 30 K Hosanger
  Lars Bergesen Deres søn Hjelper faderen med grbr. Ug 27 M Hosanger
  Brita Bergesdtr. Deres datter Hjælper foreldrene Ug 25 K Hosanger
  Maila Bergesdtr. Deres datter Hjælper foreldrene Ug 22 K Hosanger
  Sjur  Bergesen Deres søn   Ug 11 M Hosanger

Som ein ser er ikkje odelsguten, Johannes Bergesen med her. Han budde då på Eikefet.
I 1865 hadde dei på Eikene 7 storkveg, 14 sauer, 2.5 tunne havre og 4 tunner poteter.

Andre generasjon
Johannes Bergesen, f. 22. februar 1834, var odelskaren på Eikjo, og fekk garden. Han gifte seg i 1863 med gardjenta på Eikefet, Brita Monsdtr. f. 1839. Dei budde på Eikefet til omlag 1875. Då flytte dei til Eknes og tok sjølv styringa av garden. 
Frå 1870 til 1875 var det broren, Lars Bergesen og kona hans Anna Maria frå Fitjar som styrde garden. 

I 1876 bygde Johannes dei våningshusa som står der i dag. Han vart alvorleg sjuk det året, og sidan vart det lite med han. Husa vart ikkje ferdige i hans tid.
Johannes Bergesen døydde i november 1916, Brita i 1889.
Dei hadde desse borna:

1.  Mons, fødd på Eikefet 28. november 1864 d. 1939, gift 1886 med Brita Nilsdtr. Kjetland, Eikemo f. 1865 d. 1948.
Han var odelsgut på Eikefet, og fekk garden der.

2. Anna, fødd på Eikefet 27. desember1866. Døydde ugift 1902 Eit barn, Magnus, som ho fekk med Spelemann og steinarbeidar Nils Knutsen Øvretveit. Her har nok vore litt av eit spetakkel, for Magnus er fødd i 1895. Då var Nils gift med Søstera til Anna, Brita.

3. Ingeborg, fødd på Eikefet, 03. juli 1869 døydde ugift 1893

4. Brita, fødd på Eikefet 11. mars1871 d. ???? gift 1894 med spelemann og steinarbeidar Nils Knutsen, Øvretveit.
Dei flytte til Øvretveit omlag 1900. to born. Nils hadde eit barn med søstera til Brita, Anna.

5. Berge, fødd på Eknes 23. mars 1874 d. 1916.

6. Ingeborg, fødd på Eknes 27.september 1880 d. 17.01.1967, gift 1899 med Bernt Steffensen Marvik.

Her er ei oversikt over folketeljingane i 1875.

Hush. Fornamn Etternamn Kjønn Alder Fam. status Siv. stand Yrke
1 Johannes Bergesen M 41 Husfader G Gardmann og selveier
  Brita  Monsdtr. K 36 Hans kone G  
  Mons  Johannesen M 11 Hans søn Ug  
  Anna  Johannesdtr. K 9 Hans datter Ug  
  Ingebjørg Johannesdtr. K 6 Hans datter Ug  
  Brita Johannesdtr. K 4 Hans datter Ug  
  Berge Johannesen M 2 Hans søn Ug  
  Anna Andersdtr K   Tjenestepige Ug Tjenestepige
1 Berge Larsen M 66 Husfader G Landmandsmand
  Ingeborg Johannesdtr. K 61 Hans kone G  
  Arne Bergesen M 31 Hans søn Ug Bondearbeider
  Peder Bergesen M 28 Hans søn Ug Bondearbeider
  Sjur Bergesen M 21 Hans søn Ug  
  Lars Bergesen M 36 Husfader G Husfader og bondearbeider
  Anna Maria Olsdtr. K 32 Hans kone G  

Denne oversikten er ikkje laga lik originalen. Eg har berre teke med det som er interessant. Oversikten er litt forenkla.
Eg har lagt til kolonna "alder".

Som ein ser er det to husstandar på bruket i 1875. Mest sannsynleg budde då husstand nr. to i kårhuset.
Dette var det året Johannes kom frå Eikefet for å overta garden. Lars og Anna Maria, som dreiv garden frå ca. 1870 til 1875 budde der enno. Seinare det året flytte dei.
Lars fekk berre leve eit knapt år der. Han døydde i 1876, barnlaus.

Tredje generasjon
Berge Johannesen og Sevelina Ingvaldsdtr. frå Myro tok garden i 1896.

Berge og Sevelina på Eikjo
Dei styrde på Eikjo frå 1897 til 1925.

Bilete er lånt frå Johanna Eknes si samling.

På grunn av faren sin sjukdom var garden heller vann steld. Der var stor skuld og husa måtte gjerast ferdige om dei skulle vera hjelpne med dei.

Berge la godt i veg og fekk bra skikk på hus og bø. 
Det var lite av innkoma, så han laut som dei fleste andre i grenda finna seg arbeid utanom garden for å få endane til å møtast.

Så kom dei flaue åra etter 1900. Då reiste Berge i 1903 til Amerika. Lyden var att heime. I fleire år sleit han der vest. Han sparde seg i  hop slik at han greide å betala skulda og litt til. Det kosta helsa hans. Han vart aldri sterk sidan. Han kom heim att i 1908.

Han held fram med jorddyrkinga på inn og utmark nokre år. 
15. februar 1916 døydde Lina av lungesjuke. (Tuberkulose) 14. april 1925 døydde Berge av kreft.

Dei vaksne borna var då reist ut. Berre minsteguten Arne, då 11 år, var att heime. Då Berge gjekk bort, var det ingen av hans, som var klar til å ta over etter han.

Ved skifte etter Berge, vart garden utlagt til odelsguten Johannes Bergesen,
som då var i Amerika.

Berge Johannesen og Sevelina (Lina) Ingvaldsdotter hadde desse borna:

1. Johannes f. 05.november 1897, var i Amerika nokre år, fekk garden etter foreldra.

2. Ingvald, f. 07.april 1900, d. 9. mai 1986. Var til sjøs nokre år.  Gifte seg med Olga Monsdtr. N. Eknes f. 07.04. 1910, d. 27.06.1979. 

Dei kjøpte tomt på Nedre Eknes og bygde seg hus der. Der budde dei heile si levetid. Sjå bruk nr. 35
på Neregard.
Dei hadde ingen born.

3. Brita, f. 20 januar 1902,  d. 14. januar 1999. Gift i Amerika, 23.03.1926 Plentywood, Montana med Sven J. Kornelius Bervik, f.  21.04.1891 d. 30.06.1976. 

Brita var først i Canada eit år. Ho jobba for "John Shonsby familien", før ho kom til United States, der ho budde hjå onkelen, Sævre Eknes og hans familie i "Elkhorn Township.

Ho jobba der som hushjelp, var med i det daglege arbeidet, og innhausting på farmen, til ho gifte seg i 1926 med Sven.

Brita reiste til Canada frå Bergen den 6. mars 1924. 
Sven er fødd på Imsland, Stavanger.
Brita og Sven har stor slekt etter seg i U.S.A.

4. Sivert, f. 16. januar 1909, d. 26. mai 1909.

5. Sivert, f. 4. desember 1911, d. 14. juni 1912.

6. Arne Bergesen Eknes, f. 08.09. 1913, d. 21.03. 1982. Gift 24.10.1936  
med  Ragnhild Hordvik, f. 09.02.1917, d. 16.03.1960. 

Dei kjøpte seg tomt på Nedre Eknes og bygde seg hus der.
Arne var møbelsnikkar av yrke.
Arne og Ragnhild fekk seks born.
Sjå bruk nr. 34 på Neregard.

7. Sigurd, f. 7. oktober 1916 d. 5. februar 1917.

Her er ei oversikt over folketeljingane i 1900.

Hush. Fornamn Etternamn Kjønn Fam. stilling Siv. stand Yrke Fødselsår Fødestad
1 Berge Johannesen Eknæs M Husfader G Gårdbruger og selveier 1874 Hosanger
  Sevelina  Ingvaldstr. Eknæs K Husmoder G Gaardmandskone 1873 Hosanger
  Johannes Bergesen Eknæs M Søn Ug   1879 Hosanger
  Ingvald Bergesen Eknæs M Søn Ug   1900 Hosanger
  Ingeborg  Ingvaldsdtr. Eknæs K Tjenestepige Ug Tjenestepige 1878 Hosanger
  Askild Brynjeldsen M Oppfostringsbarn Ug Underh. af fattigvæsnet. 1891 Hosanger
1 Johannes Bergesen Eknæs M Kaarmand Enkem. Kaarmand 1834 Hosanger
  Magnus  Nilsen Eknæs M Oppfostringsbarn Ug. Fostergut, uægter. 1895 Hosanger

I år 1900 hadde dei korn, poteter, Kreatur og frukthage.

Som ein ser, hadde dei ei tenestejente. Det var søstera til Sevelina, Ingeborg. Kor lenge ho var der som tenestejente er usikkert.
Ho døydde i allefall i 1919. Då var ho tenestejente i Godvik, Laksevåg. Ho var ugift og hadde ingen born.

Dei hadde og to "oppfostringsborn". Askild Brynjeldsen finn eg ikkje opplysningar om.

Om Magnus Nilsen Eknes fann eg desse opplysningane i digitalarkivet:
Han var son av Anna Bergesdtr. Eknæs og Steinarbeidar Nils Knutsen Øvretveit. Anna var dotter av Johannes Bergesen Eknæs og Brita Monsdtr. Eikefet.

Nils og Anna var ikkje gift. Dei må ha flytt til Øvretveit i slutten av 1899, for dei står ikkje i folketeljingane frå 1900 på Eknes.
Det har nok vore litt av eit spetakkel, for Nils fekk Magnus med Anna ca. eit år etter at han gifte seg med Brita.
Kvar Anna har budd dei siste leveåra finn eg ingenting om. Ho er heller ikkje med i folketeljingane frå 1900 over Eknes.
Ein kan spekulera på om ho var med til Øvretveit, men eg finn ho ikkje i folketeljingane der heller.
Magnus vaks opp som fostergut på Eikjo. 
I 1911 reiste Magnus til Amerika
.
Han døydde der borte i juli 1962. Fleire opplysningar finn eg ikkje om han.


Fjerde generasjon
Ved skifte etter Berge Johannesen vart garden utlagd til odelsguten Johannes Bergesen, f. 15. november 1897, som då var i Amerika.

Han reiste frå Bergen til Canada den 14. mars 1924, berre åtte dagar etter søstera Brita.
Der jobba han for Canadian Pacific.
Han var i Canada i fem år.

Der jobba han på jernbanen som skogsarbeidar. D.v.s. han var med å høgde skog der jernbana skulle gå.
Han jobba også i ei gruve ei stund.
Frå den tid han jobba i gruva, fortalte han ein gong om ein Serbar som omkom. Arbeidet fortsette som om ingenting var hendt. Hadde det vore ein Amerikanar som omkom, hadde arbeidet vorte stoppa resten av dagen.  

I 1925 kom meldinga om at faren var død. Då låg Johannes på sjukehus med kløyvd stortå.
Det skulle gå endå fire år før han reiste heim for å overta garden. Før han reiste, besøkte han Brita der dei budde i Westby, Montana.

Verga hans sytte for at det mest nødvendige av onnearbeidet vart gjort. Ellers stod husa tomme til han kom heim.
Då han kom heim att i 1929 var huset ribba for alt innbu. Slekta frå Eikefet hadde seld alt på auksjon. Han fortalte sjølv at det ikkje var så mykje som ein spikar, så han fekk hengt jakka si på. Det einaste som ikkje var seld var ein gamal dress
som var gøymd vekk i løa.

Han budde ei stund hjå handelsmannen i Eiknesvågen, Anton Flatøy, til han kunne flytta oppatt på Eikene.
(Anton Flatøy
var far til Margit Hageseter, gift med Harald Hageseter.
Anton kom til Eknesvågen i 1919. I 1934, selde dei og flytte til Florvåg.)
I 1930 søkte han etter tenestejente. 
Johanna Andreasdtr. Hellevang frå Naustdal i Sunnfjord, f. 6. oktober 1906, søkte tjeneste, og det bar ikkje verre til enn at dei i 1932 gifta seg.

Dei dreiv garden fram til byrjinga på 70-talet. Johannes dyrka ein god del utmark, bla. Dalsåkeren og Lundemyra/Lønna.
Han fekk og gjort ferdig våningshuset slik det sto fram til år 2001.
Han var og med å arbeidde bilveg fram til Eikjo.
Han var og i arbeid på vegen til Eide.
Johannes døydde på Eikene 13. juni 1977.

Johanna fortalde at han var i storstrøk den dagen. Han var ute å arbeidde heile føremiddagen. Han kom inn att og åt ein god middag, men hadde ikkje tid til den vanlege middagskvilen. Han måtte ut å slå under ein syrin som han var så glad i.
Der slo han seg ei seng av gras som han la seg på. Der fann dei han litt etter. Då var han død.

Johanna fekk leva i mange fleire år. Ho levde dei siste åra på Såta Bu i Knarvik. Der døydde ho den 13. februar 2001.
Johannes Bergesen og Johanna Andreasdtr. hadde desse borna:

1. Sigrid Johannesdtr. f. 27.oktober 1932, gift 15 nov 1952  Arvid Hageseter, Halsteinsdal, f. 31.01.1929.
Dei bygde seg hus i Alvermarka og budde der i mange år. Då Broren til Arvid, Olav døydde, overtok dei huset hans i Hillesvåg på Hjelmås. Der bur dei no pr. 2004.
Dei fekk to born, begge fødd i Alvermarka. Bjørn Olav og Grete.
Bjørn Olav bur på bruk nr.60 på Oppegard.
Grete bur på Radøy, er gift og har tre born.

2. Hjørdis Jenny Johannesdtr. f. 10. november 1934, gift 15 juni 1956 med  Einar Severin Trengereid f. 14.06.1933.
Einar og Hjørdis bur pr. 2003 på Landås, Bergen. 
Dei fekk to born. To gutar.
Dei har hytte oppanfor våningshuset på Eikjo. Sjå bruk nr. 24 på Oppegard.

3. Berge Arthur Johannesen f. 12.mars 1938, gift 26 feb. 1967 med Liv Olbjørg Olsen, Bergen, f. 31.10.1943.
Berge og liv tok over Eikene i 1974.
Dei eig og bruk nr. 45 og 48 på Oppegard.


4. Else Johanne Johannesdtr. f. 25.05. 1941, gift 20 jan 1962 med Hilmar Andreas Haldorsen, Myhr, Bjørsvik. f. 11.06. 1932.
Dei kjøpte tomt på heimebruket, Eikjo, og bygde seg hus der. Bur der pr. 2003. Sjå bruk nr. 23 på Oppegard.
Hilmar og Else fekk tre born. To gutar og ei jente.

Her kan du lese om livet på Eikjo gjennom eit heilt år, slik det var rundt 1946 - 50 åra.


Femte generasjon
Berge Artur Johannesen Eknes, f. 12. mars 1938, g. 26 feb. 1967 m. Liv Olbjørg Førland, f. Olsen, Bergen f. 31.10.1943.
Dei tok over Eikene i 1974. Skøytet er skreve 28. september. Då var det ikkje drift på garden lenger.
Etter å ha budd på Landås nokre år, flytta Berge i 1973 til Eknes med lyden.
Dei budde på "lemmen" på Eikjo til dei flytte i nytt hus i 1974. Det bygde dei på heimegarden nord for florshusa på Eikjo..
Foreldra til Berge, Johannes og Johanna budde i heimehuset på Eikjo så lenge dei levde. 

Liv Olbjørg har ei dotter frå tidlegare ekteskap. Det er:
Kjersti Førland, f. 1962. Bur på Frekhaug. Ugift. Fleire born.

Berge Arthur og Liv Olbjørg har desse borna:

1. Sissel Bergesdtr. Eknes, f. 12.07. 1967. Ugift, tre born. Bur på Frekhaug, Meland.

2. Vibeke Bergesdtr. Eknes, f. 10.10.1968. Gift 1987 og skilt 1989. Eit barn.Budde på Frekhaug 1994 - 1999. Flytta då til Bergen.
Vibeke eig saman med systera Karin, bruk nr. 76
på Oppegard.

3. Karin Bergesdtr. Eknes, f. 24.03.1973. Ugift. Ingen born.
Var auper i USA 1991 - 92.
Budde i Mo i Rana 1994 - 98.
Budde i Lillestrøm 1998 - 00.
Flytte til Bergen i 2000. Bur der pr. 2004.
Karin eig saman med systera Vibeke, bruk nr. 76 på Oppegard.

4. Johannes Bergesen Eknes f. 13.10.1976. Han fekk Eikene etter foreldra.

Berge Arthur Eknes deltok i FNs` fredsstyrkar i Gaza i 1958 - 59, og i 1963 - 64.



Sjette generasjon
Johannes Bergesen Eknes, f. 13.10.1976, overtok Eikene i 2001. Han bygde om våningshuset og flytte inn der våren 2003.
Han er pr. 2003 sambuar med Eva Kristin Bakke, Austrheim, f. 1981. Pr 2004 har dei ingen born.
Johannes er elektrikar av yrke. Eva jobba fram til våren 2004 på Møbelutsalget Bjarne Foss i Knarvik.
Jobba deretter på Aurosko i Knarvik.

 

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net