ØVRE ELLER INDRE EKNES

Hosanger: G.nr 63.     Lindås G.nr. 238 B.nr. 4

Myro.  
Dette er garden som Gunnar Knutsen eig.
 

Desse opplysningane er henta frå: 

Askild Eknes 
Digitalarkivet
Statsarkivet i Bergen
Jesus Christ of Latter-day Saints family search
Folk frå Eknes

Oversikt over bygselmenn og eigarar på Myro

Namn År dei styrde Namn År dei styrde Namn År dei styrde
Lars Askildsen Mo 1778 - 1801 Askild Jørgensen 1841 - 1864 Ingvald Askildsen 1927 - 1969
Askild Larsen Eknes 1801 - 1810 Enkja Anna 1864 - 1868 Gunnar og Ingeborg Knudsen 1969 - 1999
Enkja Brita Johannesdtr. 1811 - 1812 Ingvald Sevresen Heldal 1868 - 1895 Gunnar Knudsen 1999
Jørgen Nilsen Eknes 1812 - 1839 Enkja Signy Askildsdtr. 1895 - 1898    
Enkja Brita Johannesdtr. 1839 - 1841 Askild Ingvaldsen 1898 - 1927    


Fyrste generasjon
Soga til dette bruket tek til med året 1778. 

Då Iver Monsen på Oppegardsbruket i 1777 vart enkjemann, sa han frå seg bygslet på halve bruket, ein halv laup, til bate for Lars Askildsen Mo. Han fekk i 1778 bygslet på ein halv laup på Øvre Eknes hjå presten i Korskyrkja. Dette bruket vart sidan kalla Myro.

Det er fortald at Ivar Monsen frå Eide var noko "godfjottet" av seg. Han Lars var lur, og god å prata for seg. Lars fekk soleis prata Ivar rundt. Han fekk sjølv gjera skifte både av åker, eng og skog. Det gjorde han ikkje til eigen skade. Etter dette vart det mykje teigblanding. Ein mann eigde gjerne skogen, ein annan skoggrunnen. Denne ulempa skifte dei vekk i 1860 åra i minnelegheit.
Endeleg utskifting vart halden i 1892. (Over innmarka. datert og tinglyst 25. april 1892.)

Kva tid Lars Askildsen bygde seg heimehus er uvisst. Truleg må han ha gjort det straks, for han hadde stor lyd då han kom til gards. Løe og flor skifte dei med "ørgaved". (Dei delte løe og flor med ein tverrvegg slik at det vart to like store delar.)
Slik sto floren til brannen i 1824.

Lars Askildsen Mo var fødd i 1834. Han må ha vore av ein barnerik heim. I 1810 døydde ei bornlaus kone, Anna Askildstr. Farestveit, Mo. Ved skifte etter henne var det sju syskin eller born av avlidne syskin etter henne.
Dei sju syskin hennar var:

1. Eilev Askildsen, Fyllingsnes

2. Knut Askildsen, Mo

3. Johannes Askildsen, Høvik i Eksingedalen

4. Ivar Askildsen, Mo

5. Lars Askildsen, Eknes

6. Anna Askildsdtr. Otterstad, Mo

7. Brita Askildsdtr. Otterstad, Mo

Lars Askildsen, Mo vart gift i 1766 med pike Marie Joensdtr. Hevigen. (Høvik i Eksingedalen.) Ho var systera til Ole Joensen Hevigen som i 1765 var mest bråket under strilekrigen. Han fekk ein breid i soga om dette. Han vart dømt til daude, men vart sidan benåda med livsvarigt slaveri på Bremerhof skipsverft i Københamn.

Kor han Lars Askildsen og kona Mario har budd frå dei var gifte og til dei kom til Eknes, 12 år etter, finn me ingenting om. Dei er ikkje funne i Hosanger.
Det er sikkert at dei hadde fire, truleg fem born med seg då dei kom til Eknes. To born fekk dei etter at dei kom til Eknes.
Borna deira var:

1. Askild Larsen Eknes, f. 1769 g. 1801 med Brita Johannesdtr. Åsheim, f. 1775. Dei fekk Myro etter foreldra hans.

2. Magne Larsen, f. 1770, g. 1803 m. enkja Brita Larsdtr. Esheim, f. Fitje. Dei flytte same året til Svenheim og tok garden der etter far hennar, Lars Ellevsen Svenheim, frå Fitje.
Magne Larsen døydde i 1839.

3. Gjertrud Larsdtr. f. 1775, g. 1793 med enkjemann Johannes L Esheim.
Gjertrud døydde i 1836.

4. Anna d.e. f. 1777, g. 1807 m. Johannes Knudsen Langedalen, Mo. Dei budde i 1810 og 1820 på Ask, truleg på Askøy.

5. Maria, f. på Eknes i 1779, g. 1. gong i 1811 m. ungkar og skulehaldar Ole Olsen, Svindal. Dei kjøpte gard på Vassel. Ole var fyrste valgmannen frå Hosanger til valg av Eidsvollsmenn i 1814. Om hausten same året drukna han i Bolstadstraumen (Inne ved Stamnes) i futeskyss. Marie gifte seg so oppatt med Lars Bergesen Aasgard.
Dotera deira, Siri Larsdtr, vart gift med Rasmus Askildsen, Heldal. Lars og Askild Vassel var deira søner att.
Maria døydde i 1869.

6. Anna d.y. f. 1783, g. 1817 med Lars Iversen Esheim på Svenheim. (Osterøy) Anna døydde i 1849.

I 1785 døydde ein ungdom, Iver Larsen Eknes. Truleg var dette også son av Lars Askildsen, Mo.

Lars Askildsen, Mo døydde i 1803. Mario døydde som fattig vilkårskvinne på Eknes i 1820.



Andre generasjon
Askild Larsen Eknes var eldste sonen av Lars og Maria. Han fekk bygslet etter foreldra. Kor Askild er fødd er ukjend. Årstalet er heller ikkje visst. Truleg må det ha vore omlag 1769.

Om våren 1801 gifte han seg med jenta Brita Johannesdtr. Aasheim. f. 1725.
Ho tente då på Røysne hjå broren Lars Johannesen. Askild og Brita fekk fem born. Det eldste døydde årsgamalt.
Hine var:

1. Lars Askildsen, f. 1804, g. 1837 med jenta Ingeborg Andersdtr. Erdal under Haugstveit, Osterøy. Dei budde fram til 1842 på Eknes. Flytte då til Storhaugane i Herlandslia på Erdal, Haugstveit, Osterøy. Dei hadde fem søner og fire døtre.
Lars døydde i 1863. Ingeborg i 1902.

2. Tvillingsystra hans Lars, Synneva Askildsen, ho "døde ved at gaa seg vild paa et fjeld tre aar og en halv maaned" Ho gjekk sig vill og kom bort. Dei fann restane etter ho på Totlandsfjellet.

3. Johannes Askildsen, f. 1806. Han var ugift og døydde på Myro 22. januar 1868.

4. Rasmus Askildsen, f. 1809, g. 1840 m. enkja Kari Ingvaldsdtr. Hodnesdal. Dei hadde ein son, Johannes Hodnesdal, fødd på Hosovdeneset (Refsneset), død omlag 1896.  Son deira, Per Johannesen hadde garden ca. 1930.

Askild Larsen på Myro døydde 1811, er sagd 40 år gamal. Truleg var han 42 år. Askild stod seg tåleg bra.
Etter at Askild døydde, styrde Brita garden i ca. eit år.

Her er kva folketeljinga i 1801 fortel oss:
Ein må her merkja seg at Askild Larsen enno ikkje hadde overtatt garden når denne teljinga var. Han overtok nokre månadar etter.
Han var heller ikkje gift då. Antakelegvis gifte han seg då han overtok garden, derfor er ikkje kona hans med på denne teljinga.
Foreldra står som eigarar.

Førenamn Ettenamn Hushaldsstatus Alder  Sivilstand Yrke Kjønn
Lars Askildsen Huusbonde 70 Gift 1. gong Leylænding og sængeliggende M
Marie  Johnsdtr. Hans kone 59 Gift 1. gong   K
Askild Larsen Deres børn 30 Ugift Landværnsoldat M
Magne  Larsen Deres børn 27 Ugift   M
Anna  Larsdtr. Deres børn 18 Ugift   K
Anders  Larsen Huusbonde 39 Gift 1. gong Leylænding M

Under "merknad" står det "Beneficeret Gods"

Tredje generasjon
Den 6. januar 1812 gifte Brita Johannesdtr. seg at med ungkar Jørgen Nilsen Nedre Eknes Rasmusluten Han fekk då bygslet på bruket.
I kyrkjebøkene finn eg at han var konfirmert i Hosanger kyrkje den 29. november 1795, 16 år gamal.
I hans bunad var det at elden la heile Oppegard i oske. 
Jørgen bygde då Myrahusa i sudkanten av Gjeilhaugen, og florshusa, som var tre, på myra nord for løa deira som no er.
Jørgen var ein strevsam og trottug mann med sterk vilje.
Jørgen og Brita fekk desse borna:

1. Askild Jørgensen f. 06. desember 1812. Han var fyrste sjølveigar på Myro.

2. Anna Jørgensdtr. f. 22. desember 1815, g. 06. januar 1836 m. Lars Monsen Eknes.
Dei fleste borna deira reiste til Amerika i 1860 - 70 åra.

3. Nils Jørgensen, f. 22. juli 1817, g. 1854 m. Brita Olsdtr. Esheim. (Eidsheim) Dei kjøpte gard på Torsheim, fekk to born, Jørgen Nilsen i Amerika og Brita Nilsdtr. på Vassel.
Nils Torsheim slo seg til ulivs og døydde eit par dagar etter 1860.

4. Synneva Jørgensdtr. f. 10. oktober 1819, g. 1840 m. gbr. Ole Johannesen, Tveiten, Hosanger, Osterøy.  Sonarsonen deira, Ole Jørgensen Tveiten hadde garden pr. 1930.

5. Lars Jørgensen, f. 10. april 1823, g. 1851 m. Agathe Iversdtr. Øvre Eknes, Oppegardsbruket. 
Dei fekk Oppegardsbruket.

Fjerde generasjon
Askild Jørgensen gifte seg i 1841 med jenta Anna Nilsdtr. Indre Eide av Askoluten. (Det er den garden som Peder Dalland eig pr. 2003.)
Bygslet på Myro gjekk ut med Jørgen Nilsen. Askild som hadde åsæterett atter faren hadde no forkjøpsrett no når garden skulle seljast.
Askild og Anna hadde tre søner som alle døydde som spedborn. To døtre vart vaksne.
Dei var:

1. Brita Askildsdr. f. 15. august 1847, g. 1866 m. Ingvald Sevresen, Heldal. Ho døydde knapt to månader etter bryllaupet, berre 18,5 år gamal.

2. Sygni Askildsdtr. f. 06. juli 1850. Ho vart i 1866 gift med enkjemannen etter systera, Brita. Altså Ingvald Sevresen, Heldal.
Dei fekk Myro.

Askild Jørgensen døydde i 1864.
Etter at Askild døydde har Anna styrd bruket i fire år.
Anna døydde i 1887.

Her ser me kva som står i folketeljinga frå 1865:

Hush. Fornamn Etternamn Familiestatus Yrke Sivilstand Alder Kjønn

Fødested

1 Anna Nilsdtr Husmoder Grdbrugerske Selveierinde Enke 51 K Hosanger
  Brita  Askildsdtr. Hendes datter Hjælper moderen Ugift 19 K Hosanger
  Sygni Askildsdtr. Hendes datter Hjælper moderen Ugift 16 K Hosanger
  Johannes Askildsen Hendes svigerbroder Føderådsmann Ugift 59 M Hosanger
  Ingvald  Sævresen   Tjenestekarl for gardbrugersken Ugift 31 M Hosanger
  Haldor Monsen   Tjenestekarl for gardbrugersken Ugift 17 M Hosanger

Dei hadde i følgje denne teljinga: 7 stort kveg, 16 sauer, 2,5 tunne med korn og 4 tunner poteter. (1 tunne er ca. 140 liter).

Femte generasjon
Ingvald var fødd på Heldal 22. september 1836. Foreldra hans var Sevre Askildsen, Heldal, f. på Gjeitreim, og Ingeborg Nilsdtr. frå Heldal, Osterøy.

Sevre og Ingeborg hadde fire søner. Askild, f. 1831, budde på Heldal, Nils budde i Bergen, døydde ugift omlag 1880. Ingvald på Eknes og Sevre i Fyllingsdalen. 

I 1838, mellom jul og nyttår, drukna Sevre Askildsen, Heldal ut føre Lonevågen. "Hvor baaden fandtes hvælvet". saman med Ole Monsen Røsland. Lika fann dei ikkje att.

I 1840 gifte Ingeborg Nilsdtr. seg att med Mikkel Andersen Grimatad. Dei fekk dottera Elisabeth, f. 1841 g. 1862. m. Ivar Jakobsen Nordre Bysheim. I 1842 fekk dei sonen Anders, g. 1868 m. Judite Marie Andersdtr. Solheim av Kinn i Bergen. I 1854 fekk dei dottera Anna, g. 1876 .m Ole Olsen Røssland som då var tømmermann på Laksevåg.

Omlag  1877 bygde Ingvald Eknes nye hus på Myro nordvest for dei gamle. Etter utskiftinga i 1892 bygde han nye uthus noko sud for dei gamle uthusbygningane. Ingvald dreiv i sine beste år med noko sildesalting. Han hadde saman med ein annan ei jekt som han reiste med ut til fiskeplassane. 
Ingvald døydde i 1895. Signy i 1919.
Borna deira var:

1. Askild Ingvaldsen, f. 10. februar 1870. Han fekk garden etter foreldra.

2. Brita Ingvaldsdr. f. 30. desember 1871, g. 1900 m. gbr. Ole Monsen Hole, Hosanger, Osterøy.
Dei fekk seks born. Berre ein son levde opp.
Ole Monsen døydde i 1927. Brita Ingvaldsdtr. i 1932.

3. Sevelina (Lina) Ingvaldsdtr. f. 02. desember 1873, g. 1897 m. Berge Johannesen Øvre Eknes,
Dei fekk Eikjo etter foreldra til Berge.
Dei fekk sju born. Tre av dei døydde små.
Sevelina Ingvaldsdtr. døydde i 1917. Berge Johannesen i 1925.

4. Andrina Ingvaldsdtr. f. 28. august 1875, døydde ugift på Myro i 1956.

5. Ingeborg Ingvaldsdtr. f. 03. mars 1878. Ho tente i Godvik, Laksevåg. Der døydde ho i 1919. Ho var ugift.

6. Sevre, f. 14. mars 1882. Gift i Amerika, 16. juni 1905 m. Brita Ivarsdtr. Eidsnes, f. 18. april 1885. Farmar i Amerika. Der   skreiv dei seg for ekness.
Sevre reiste til Amerika 1900.

I 1914 var dei ein tur til Noreg att. Då var kona og ei dotter, Rhode, som var 1 år, med.
Sevre døydde 24. juni 1962 i Williston Nd. U.S.A. og Brita ??????
Så langt som eg kan sjå, hadde dei i alle fall ei dotter til, Signa Helen Ekness, f. 09. desember 1907, Divide, North Dakota.
Ho døydde 26. februar 1944. Om ho var gift finn eg ingenting om.
 

7. Nilsina Ingvaldsdtr. f. 1884, d. 1887.

Ingvald Sevresen døydde i 1895.
Etter at Ingvald døydde har Sygni styrd bruket omlag tre år. Då tok sonen Askild Ingvaldsen over mot kår til Sygni.
Sygni døydde i 1919.

Folketeljinga frå 1875.

Hus
hold
Fornamn / Etternamn   Kjønn Hush. status Yrke Siv. st. F. aar Fødested
1 Ingvald Sevresen   M Husfader Gaardbruger G 1836 Hosanger
  Sygni Askildsdtr.   K Hans fru   G 1850 Hosanger
  Askild Ingvaldsen   M Søn   Ug 1870 Hosanger
  Britha Ingvaldsdtr.   K Datter   Ug 1871 Hosanger
  Sæveline Ingvaldsdtr.   K Datter   Ug 1873 Hosanger
  Andrine Ingvaldsdtr.   K Datter   Ug 1875 Hosanger
  Ingebjørg Gurine Arnesdtr.   K Tjeneste Tjenestepige Ug 1860 Hosanger
  Sygni Johannesdtr.   K Tjeneste Tjenestepige Ug 1847 Hosanger
  Johannes Monsen   M Tjeneste Tjenestedreng Ug 1852 Hosanger
1 Anna Nilsdtr.   K husfaderens svigermor   Ug 1814 Hosanger
  Anna Knudsdtr.   K   Sypige Ug 1855 Hosanger

Dei hadde den gongen ein okse, fem kyr, ein kalv og 18 sauer og lam.
Det året sådde dei tre tønner havre og fem tøner poteter.


Sjette generasjon
Askild Ingvaldsen Eknes fekk garden etter foreldra. Han gifte seg i 1896 med Ingeborg Knutsdtr. Tufte, Myking.
 

Bileta er lånt ut av Gunnar Knutsen


Vånigshuset på Myro omlag 1910.
Klikk for større bilete.

Løa på Myro.
Legg merke til at siloen ikkje er bygd enno.
Klikk for større bilete.


Folka på Myro
Klikk for større bilete

Dei hadde desse borna:
1. Signy, Askildsdtr. f. 1897. Ugift. Diakonesse. Budde ei stund i Oslo, kom sidan att til Eknes. Døydde i 1986.

2. Ingvald Askildsen, f. 1899, d.s.å.

3. Ingvald Askildsen, f. 1900, g. 1925 m. Synneva Monsdtr. Hovden, Hjelma. Dei fekk garden etter foreldra hans.
Ingvald døydde i 1969. Synneva i 1977.
Dei var barnlause.

4. Knut Askildsen, f. 1902, gift med Nelly Hosovde, Bergen. d. 1987. Dei budde ei stund i Amerika
. Sidan kom dei heimatt til Eknes. Dei bygde huset som Sigurd P. Eknes bur i i dag pr. 2003. G.nr. 238, b.nr. 25,33 og 42. Sjå der.

5. Olav Askildsen, f. 1905, d. 1908.

6. Nils Askildsen, f. 1907, d. 1909.

7. Olga Askildsdtr. f. 1910. Gift, Morvik i Åsane. Ei dotter, Ingeborg.

Askild Ingvaldsen Eknes døydde i 1950.
Ingeborg Knudsdtr. døydde i 1914. Tæring.

Her er folketeljinga frå år 1900:

Hush. Namn Etternamn Kjønn Busett Fam. stilling Siv. stand Fødselsår Fødestad
1 Askild Ingv. Eknes M Eknes Husfader Gift 1870 Hosanger
  Ingeborg  Knutsdtr. Eknes K Eknes Gaarmandskone Gift 1877 Lindås
  Signy Ask.dtr. Eknes K Eknes Datter Ugift 1897 Hosanger
  Ingvald  Ask. Eknes M Eknes Søn Ugift 20. juli 1900 Hosanger
  Olina  Nilsdtr. Toft K Eknes Tj. pige. Gaardsarb. Husstel m.m. Ugift 1884 Lindås
  Sygni Ask. dtr. Eknes K Eknes Kaarkone Enke 1850 Hosanger

Dei hadde den gongen: korn, poteter, kreatur og frukthage.


Sjuande generasjon
Ingvald Askildsen Eknes fekk farsgarden i 1927. Han gifte seg i 1925 med Synneva Margrete Johanna Monsdtr. Hovden, Hjelma.
Dei var Barnlause.
Ingvald døydde i 1969.
Synneva i 1977.
Etter at mannen Ingvald døydde, vart bruket nedlagt.


Åttande generasjon
I og med at Ingvald Askildsen og kona hans Synneva var barnlause, var det dottera til systera til Ingvald, Ingeborg, f. 1944 som overtok bruket.
Ho er gifte seg i 1969 med Gunnar Knudsen, f. 1945.
Ingeborg er frå Bergen. Gunnar frå Ask på Askøy.
Ingeborg og Gunnar har ingen born.
Er no skilde.


Niande generasjon 
I 1999 overtok Gunnar Knudsen bruket.

 

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net