Fyrste generasjon:
Oluff eller Ole Børgesen fekk omlag år 1600 fekk ein laup jord av
farsgarden på Oppegard. Han er den første på dette bruket. Me finn han
nemd i skattelistene frå 1609, 1620, og 1624. Sidan veit me ingenting om
han.
Andre generasjon
I koppskattmantalet frå 1645 er nemd ein gardmann på Laupen. Ein
Knut Olsen og Kona Ingeborg. I 1645 er han nemd som "restande paa
presteriende".
Etter det finn me han ikkje meir. I koppskattmanntalet finn me og på
Oppegard nemnd ein husmann "Iffuer og Kona Ingeborg".
Husmann kan vera både husmann og vilkåramann. Det står ikkje kva bruk
han var på, om det var Oppegard eller Laupen.
I 1652 er der og nemd ei "Encen sal. Nilses". Enkja til Nils.
Det er heller ikkje her nemnd kva bruk det er på. Me finn ingen Nils
nemnd nokon gong ellers.
Tredje generasjon
I 1664 er der ein Knut att på Laupen. Me veit ikkje om det
er den same Knut som i 1645. Det er ikkje umuleg.
I manntalet frå 1666 står det om han:
"Knut 40 aar, Landsk. 1 løb smør. Tiende 10 kanner korn. Sønner
Endre Iversen, Knut Steffensen 16 aar, Tjener Johs Knutsen 20 aar".
Dette er som ein ser svært uklårt. Det er ikkje umuleg at det er same
Knutn` frå 1645 og 1666. Det kan tenkjast at Knut som i 1666 er sagt å
vare 40 år, har vore 42 ar då, for han døydde i 1696, 72 år gamal. Han
skulle etter det vere fødd i 1624. Han var då i 1645 vore 21 år gamal,
og truleg nygift.
Han hadde i 1666, ein vaksen dreng, Johannes Knutsen, 20 år. Det kan ha
vore sonen hans. Dei var rekna for drengar når dei var vaksne.
So var der to søner til. Ein Endre Iversen og ein Knut Steffensen. Endre
sin alder er ikkje nemnd, men knut var 16 år.
Den kona Knut hadde i 1645 heitte Ingeborg. I 1701 døydde "sal. Knut
Øvre Eknes` quinde Mari". Knut Øvre Eknes si kone, Mari.
Knut kan ha vorte enkjemann rundt 1650 og 1660 åra. Han kan då ha gift
seg oppatt med ei enkje Mari, som kan ha vore gift eit par gonger før og
hatt sønene Endre Iversen og Knut Steffensen. Kanskje var ho enkja etter
husmann Knut frå 1645.
Knut og Mari har omlag 1658 fått ei dotter Ana. Knut hadde ein bror Ola.
Han døydde på Eknes i 1695, 65 år gamal og ugift.
Til toppen av sida
Fjerde
generasjon
For åra 1691 til 1694 er tingbøkene vekke. I den tidsbolken har Ivar
Monsen f. 1660 frå Bjørndal og kona hans Anna Knutsdtr. f. 1658 (Truleg
dotter av Knut og Mari.) fått bygslet på Laupen. Ivar Monsen var son av
"Mogens Thømmermand og Kone Anna paa Bjørndal".
Ivar gifte seg omlag 1680, men presten har ikkje skreve meir enn Anna Knutsdtr. Dei budde på Bjørndal til omlag 1694.
Dei fekk desse borna:
Fødd på Bjørndal:
1. Anna Ivarsdtr. f. 1682 g. 1701 m. enkemann Einar Johannesen Hjelvik, f.
omlag 1650.
Dei fekk tre born. 1. Anna, Anders og Johannes. Dei
budde i Hjevik.
Einar døydde i 1708, og i 1711 gifte Anna seg opp att
med Mons Monsen Nedre Eknes f.1677.
Dei fekk sju born. Fire av dei døydde same året som dei
var fødde.
Kvar desse siste budde finn eg ingenting om.
Mons Monsen døydde i 1741 og Anna Ivarsdtr. i 1763.
2. Johannes Ivarsen, f. 1684 g. 1706 på Eknes m. Kari
Ellingsdtr. Kvamme frå Hamre. Dei fekk bygslet på "Jo-Mons" bruket etter
gudfaren hennar.
3. Magne Ivarsen, f. 1687, g. 1708 til Fyllingsnes. Stor ætt.
Fødd på Eknes:
4. Anna Ivarsdtr. f. 1694 g. 1721 m. Mons Monsen Ytre Eide. Fram
til 1929 var Laupen i deira ætt.
5. Magdeli Ivarsdtr. f. 1700 g. 1725 m. Lars Ellufsen Midtgård. Ho
var død ca. 1940.
To søner av henne arva gudfaren på Eknes.
Ivar Monsen har vore ein vyrd mann. Tidleg finn me han som Laugrettsmann
frå 1694 og frametter.
I 1718 døydde kona hans, ho Anna Knudsdtr. Ho var då 60 år gamal.
I 1720 gifte Ivar seg oppatt med jenta Kari Knutsdtr. Indre Eide. Han
var då 60 år gamal og ho 37.
Dette ekteskapet var bornlaust. Med danne unge kona si styrde Ivar garden
til han døydde i den fæle drepsotti i 1736, 76 år gamal.
På same tid døydde sonen Johannes, kona til Johannes, Kari Ellingsdtr.
på Neregard. (I åra 1736
til 1737 rasa koppane.) Der døydde tre personar på Øvre Eknes, der
også Ivar).
Femte generasjon
No sat Kari Knudsdtr. at som barnlaus enkje på Laupen. Ho laut no
anten gje bygslet frå seg mot kår, eller få seg ein annan mann til
garden. ho gjorde det siste.
I 1737 gifte ho seg att med ungkar og soldat Lars Iversen Fyllingsnes.
(Vil de veta meir om slakta hans, kan de sjå skifte på Fyllingsnes i
1786.) Lars var då 33 år gamal. Kari var omlag 50 år. Bror til Lars,
Johs Iversen vart i 1739 gift med enkja Ranglo Totland. (Stamfar til Johs
Totland)
I 1754 døydde Kari, men skiftet finns ikkje. Året etter, i 1755 gifte
Lars seg att med jenta Anna Eriksdtr. Ytre Eide, f. 1730.
Faren var Eric Christensen Indre Eide g. 1730 til Ytre Eide m. enkja Brita Tollefsdtr. frå Mundal. Dette er Laupaætti fram til i dag, 2003.
Lars og Anna fekk desse borna:
1. Ivar Larsen, f. 1755. Ved skifte etter farbroren Nils Iversen
Fyllingsnes i 1786, var Ivar soldat i Københamn. I 1792 gifte han seg i
Myking med enkja Kari Nilsdtr. Nore Askeland. Ho var opprinneleg frå
Bjørsvik Han hadde fleire born.
2. Rasmus Larsen, f. 1758, g. 1785 m. pike Anna Olsdtr. Koperdal
frå Seim. Dei bygsla
mensalgods
på Vatne i Seim. Sidan ukjend.
3. Christen Larsen, f. 1762. Han skulle arva mora i 1781, men han
var ikkje med på skiftet verken på Laupen eller på Fyllingsnes i 1786.
Han finns ikkje i kyrkjebøkene frå Hosanger. Har mest sannsynleg
døydd kring 1781.
Lars Iversen Fyllingsnes døydde på Laupen i 1768.
Til toppen av sida
Sjette generasjon
I 1770 gifte Anna Eriksdtr. seg att med ungkar og soldat Peder
Mathisen Laastad, f. 1738. Foreldri hans var Mathus Mathisen Laastad og
kona Agathe Persdtr. Faren døydde før Peder vart vaksen, mora i 1785.
Frå 1757 til 1768 var Peder gardist i Københamn. Han var med i den lange
og "kowtesame nøitralitetsvakt" i Holstein (1758 - 1767). Han
var "3 alen og 1 håndsbredd høi", omlag 1.98 m. Det gjekk
fleire sagn om storleiken hans. Med Peder var utanlands, skøytte
stefaren, Lars Johannesen Laastad garden på Laastad. Men bygslet var
ikkje ledig, så han fekk ikkje garden til eige buande.
Så gifte han seg til Eknes og fekk bygslet der. Peder og Anna fekk i 1771
ei dotter, Brita Persdtr. Fleire born fans ikkje etter dei. Anna døydde
i 1781. Det var etter måten bra midel etter skiftet. Ho hadde ervd noko
jordegods etter foreldra sine på Indre og Ytre Eide, i Hopsdal og i
Mundal. Per eigde sin gard på Laastad og ein lut i Heldal.
Per gifte seg ikkje att. Han fekk ei brordotra si, Agathe Mathisdtr.
Laastad til å stura for seg. Ho var på Eknes til 1793. Då gifte ho seg
til Søre Myking.
Per let då bygslet i frå seg til dottera Brita og Mannen hennar, Anders
Sjursen, Indre Eide mot kår. Han levde på Laupen som kårmann til 1814.
Då døydde han 74 år gamal.
Sjuande
generasjonen
16. juni 1792 gifte Brita Persdotter, f. 1771, seg med
leilending Anders Sjursen, Indre Eide, f. 1764. Foreldra hans var Sjur
Cristensen og Kona Ingeborg Larsdtr. Ytre Eide. Han Anders var soleis
syskinbarn til vermora si. Anders og Brita fekk bygslet på garden i 1792,
som ho hadde åseteretten til.
Dei fekk desse borna:
1. Anna Andersdtr. f. 1794, g. 1821 m. ungkar Jon Eilefsen
Kleiveland. Dei fekk odelsgarden etter Peder Eknes på Laastad. Barnlause.
2. Ingeborg Andersdtr. f. 1797. Drukna på veg til byen (Bergen)
1820.
3. Lars Johannesen f. 1801. Drukna same gongen
4. Kari Andersdtr. f. 1804, g. 1826 m. Lars Johannesen Esheim d.y.
Dei fekk halve Laupen. (Den delen som heiter Laupen i dag.)
5. Sjur Andersen, f. 1807. "Omkom ved en ildebrand som lagde
alle hus paa Øvre Eknes i oske den 5 the januar 1824". Stod det i
kyrkjeboka.
6. Peder Andersen, f. 1810. Brann inne same gongen.
Anders Sjursen døydde 22. desember 1811.
I 1813 gifte Brita Persdtr. set att med Johannes Johannesen Bysheim. I
dette ekteskapet fekk Brita i 1814 ei dotter Ingeborg Johannesdtr. g. 1833
m. Berge Larsen, Ytre Eide. (Brekko) Dei fekk den andre halve Laupen. Den
vart kalla Eikene.
Johannes Johannesen Bysheim var med på den fæle byferda i 1820 og drukna
saman med dei to stegborna sine.
Johannes var og med i Nordhordland Skarpsyttarkompani frå 1801 til 1812.
Han var med i
krigen
1808 - 1809.
Brita Persdtr. har som ein ser vore ei hardt prøvd kvinne. Relegiøs
trøyst og rettleiing var det lite av på den tida. Presten Doth i
Hosanger var ein klein prest, "den skrøbeligste av alle preste i
stiftet" skriv bispen. Han var ein forkomen drankar, og laut slutta i
1827. Brita vart hard av all motgangen. Det tok både på kropp og sjel og
ho gjekk tidleg i barndomen. (Vart senil.) Om sumaren 1847 gjekk ho nord i
Solbrekkene og skulle plukka jordbær der. Då datt ho og slo seg til
ulivs. Ho døydde nokre dagar etter.
Opplysningar frå folketeljinga år 1801:
Førenamn |
Etternamn |
Hushaldstatus |
Alder |
Sivilstand |
Yrke |
Kjønn |
Anders |
Sjursen |
Huusbonde |
39 |
Gift 1. gong |
Leylænding |
M |
Brite |
Pedersdtr. |
Hans Kone |
29 |
Gift 1. gang |
|
K |
Anna |
Andersdtr. |
Deres børn |
7 |
Ugift |
|
K |
Ingeborg |
Andersdtr. |
Deres Børn |
4 |
Ugift |
|
K |
Lars |
Ellevsen Totland |
Tienere |
46 |
Ugift |
|
M |
Kari |
Iversdtr. Tvedten |
Tienere |
23 |
Ugift |
|
K |
Peder |
Mathisen |
Mand |
61 |
Enkemand efter 1. egtesdkab. |
Inderste |
M |
Som de ser hadde dei to tjenestefolk.
Til toppen av
sida
Åttande generasjon
I 1826 let ho Brita frå seg bygslet på halve garden, og verson
Lars Johannesen Esheim og dotra hennar Kari Andersdtr. kjøpte då bruket.
Dei vart dei første sjølveigarane på denne luten som framleis fekk bera
namnet Laupen endå det berre var ein halv laup jord. Lars var fødd i
1798 av foreldra Johannes Larsen Esheim og andre kona hans Gjertrud
Larsdtr. Eknes. (Myro) Han hadde to halvsysken og fire fullsysken, han
Lars på Laupen.
Lars Johannesen og Kari Andersdtr. på Laupen hadde fekk sju born. Tre av
dei døydde unge. Dei andre var:
1. Anders Larsen, f. 6. mars 1827. g. 1851 m. Brita Andersdtr.
Kleppe, Gjerstad. Dei budde på Låstad.
2. Johannes Larsen, f. 22. februar 1834, g. 1. gong 1857 m. Kari
Eilevsdtr. Laastad.Kari var dotter av Eilev Askildsen Kleiveland og kona
Kristi Amundsdtr. Grønås. Båe var frå Hosanger. g. 1833. Kari døydde
i 1869.
2. gong 1871 m. Britha Nilsdtr. Åsheim. Britha døydde i 1912.
Dei budde på Øvre Eknes.
Han hadde fem born i første ekteskapet. Det andre var bornlaust. Johannes
Johannesen døydde i 1923.
3. Gjertrud Larsdtr. f. 6. november 1837. g. 1836 med enkjemann og
plassmann på "Stykkjet" Valestrand, Arne Monsen Elvik. Dei
budde på Elvik, Hamre. Bornlause.
4. Lars Larsen, f. 2. september 1840. Døydde på sjukehuset i
Bergen i 1862 etter ein skade "paa arbeide". Ugift.
Lars Johannesen døydde i 1843. Kari (Gamle-Laupo) styrde garden som
enkja, til Johannes Johannesen (Stor-Laupen) tok imot bruket i 1857.
Kari Andersdtr. døydde om hausten 1897, 94,5 år gamal.
Til toppen av sida
Niande generasjon
Johannes Larsen og Kari Eilevsdtr. Laastad, Kleiveland, styrde garden
frå 1857. Dei hadde fem born. Alle vart vaksne.
Det andre ekteskapet hans var med Brita Nilsdtr. Åsheim. Dei gifte seg i
1871. Dette ekteskapet var bornlaust.
Borna hans var:
1. Lars Johannesen, f. 3. mars 1858. Han reiste til
Amerika i 1882.
Farmar. Gift. Åtte born. døydde i 1920.
2. Eilev Johannesen, f. 2. januar 1861, g. 1890 m. Kari Olsdtr.
Storholmen f. 1865. Budde nokre år på Øvre Eknes. I 1895 flytte dei til
Bergen. Mange born. Eilev døydde i 1942.
3. Ingeborg Johannesdtr. f. 14. februar 1864, g. 1894 m. enkemann
og gardbrukar Erik Andersen Ryskeland. Han var fødd på Hårsås i 1857.
Dei fekk fem born.
Anders døydde i 1944. Ingeborg i 1942.
Dei budde på Ryskeland i Hamre.
4. Kristina Johannesdtr, f. 31. oktober 1865. g.m. Josef Eikanger
(Øyna). Reiste til
Amerika i 1892.
Kristina døydde der i 1895.
5. Kari Johannesdtr. f. 9. april 1868, g.m. Arne Monsen Molvik. Dei
fekk Laupen.
Kari Eilivsdtr. var dotter av Eilev Askildsen Laastad og kona Kristina
Arnesdtr. Dei budde som inderster på Laastad frå 1854. Var sidan
gardfolk på Laastad.
Eilev var frå Kleiveland i Hosanger. Kristina var frå Grønås.
Kari døydde i 1869, 35 år gamal.
Den andre kona hans Johannes, Britha Nilsdtr. Åsheim, f. 22. januar 1821.
Ho var såleis over femti år då ho vart gift. Ho var ein tru slepar.
Endå ho i mange år leid av ein vond fot, var ho med i tungarbeidet til
ho var over 70 år. Ho døydde i 1912 over 90 år gamal.
Johannes døydde i 1923, nær 80 år gamal.
Johannes var uvanleg høg og velvaksen. Difor vart han kalla Stor-Laupen.
Han hadde ei framifrå god sangrøyst. Han kunne ei mengd med songar og
viser, og ville under andre høve sikkert vorte åtgådt vide ikring som
songar. Maken hans med slik givnad finn me ikkje så lett.
Her er ein oversikt frå folketeljinga år 1865:
Hushold |
Fornamn |
Etternamn |
Familiestatus |
Yrke |
Sivilstand |
Alder |
Kjønn |
Fødestad |
1 |
Johannes |
Larsen |
Husfader |
Gardbr. Sjølveigar |
Gift |
32 |
M |
Hosanger |
|
Kari |
Eilevsdtr. |
Hans kone |
|
Gift |
33 |
K |
Hosanger |
|
Lars |
Johannesen |
Deres søn |
|
Ugift |
8 |
|
Hosanger |
|
Eilev |
Johannesen |
Deres søn |
|
Ugift |
5 |
|
Hosanger |
|
Ingebjørg |
Johannesdtr. |
Deres datter |
|
Ugift |
2 |
|
Hosanger |
|
Kristina |
Johannesdtr. |
Deres datter |
|
Ugift |
1 |
|
Hosanger |
1 |
Kari |
Andersdtr. |
Hans moder |
Føderaadskone |
Enke |
61 |
|
Hosanger |
Dei hadde den gongen fem storkveg, fem sauer, tre tunner havre og fire
tunner poteter. (Ei tunner er ca. 140 liter.)
Folketeljinga frå 1875.
Hus
hold |
Fornamn / Etternamn |
|
Kjønn |
Hush. status |
Yrke |
Siv. st. |
F. aar |
Fødested |
1 |
Johannes Larsen |
|
M |
Husfader |
Gaardbruger |
G |
1834 |
Hosanger |
|
Britha Nilsdtr. |
|
K |
Hans fru |
|
G |
1822 |
Hosanger |
|
Eilif Johannesen |
|
M |
Søn |
|
Ug |
1861 |
Hosanger |
|
Ingebjørg Johannesdtr. |
|
K |
Datter |
|
Ug |
1864 |
Hosanger |
|
Kristine Johannesdtr. |
|
K |
Datter |
|
Ug |
1865 |
Hosanger |
|
Kari Johannesdtr |
|
K |
Datter |
|
Ug |
1868 |
Hosanger |
1 |
Kari Andersdtr. |
Gamlestuen |
K |
Husfaderens moder |
|
Ug |
1804 |
Hosanger |
|
Kari Nilsdtr. |
|
K |
Fosterbarn |
|
Ug |
1825 |
Hosanger |
Til toppen av sida
Tiende generasjon
Frå 1890 og nokre år frametter hadde sonen Eilev Johannesen
garden. Mor og far til Eiliv tok kår. Skøytet er datert 21. juli 1890.
I 1892 var utskiftinga på innmarka ferdig, og Laupejorda vart lagd i
nordre luten av garden. Alle husa måtte soleis flyttast. Då husa var
gamle, måtte der byggjast nye.
Dette var drygt for ein nybegynnar på ein gard. Eilev streva med det
nokre år, men han såg seg lita von om å kunna greia seg.
Så let han garden frå seg og flytte til Bergen. Der dreiv han som
bygningsmann. Det hadde han dreve med før og.
Mens dei budde på Eknes fekk dei fire born. Berre tre av desse vaks opp.
Dei var:
1. Kari Eilevsdtr. f. 1891. Budde i Bergen
2. Anna Eilivsdtr. f. 1892. Budde i Bergen
3. Ingeborg Eilivsdtr. f. 1892. Budde i Bergen.
4. Lina Bertina Eilivsdtr. f. 1894, d. 1894.
I Bergen fekk dei nokre born til.
Då det etter 1890 åra vart svært flaut i det faget, reiste han til
Amerika. Sidan kom han att til Bergen, men den sjuke foten hans minka han
i arbeidet.
Eilev døydde i Bergen i 1942.
Til toppen av
sida
Ellevte generasjon
Då Eilev i 1895 sa frå seg Laupen, tok svogeren Arne Monsen
Molvik, f. 1871, g. 1896 m. Kari Johannesdtr. f. 1868, bruket.
Etter det ein kan lesa frå panteboka, har ikkje Arne Monsen fått skøyte
på bruket. Men i alle fall, Dei dreiv garden fram til 1940.
Dei hadde desse borna:
1. Klara Kristine Arnesdtr. f. 1897, g. 1929 m. Arbeider Johannes
Bernhard Johansen Liseth, frå Kalvåg, Bremanger, f. 1905.
2. Johannes Arnesen, f. 23. Juli1899, g. 1929 m. Borghild Hansdtr. Mo,
Modalen, f. 1906.
3. Signy Arnesdtr. f. 1901, g. 1925 m. Målar Sigvard Larsen
Eidsheim, f. 1899
Dei budde først nokre år på Håøy, so ei stund på Bleikli. I 1940
flytte dei til Nepstad. Eit barn.
4. Berta Arnesen, f. 1904. Gift med Ingvald Bakke. Har eigd
bruk nr. 20 på Oppegard.
5. Magnus Arnesen, f. 1906, d.s.å.
6. Magnus Arnesen, f. 1907. Gift.
7. Agnes Karolina Arnesen f. 1910 g. 1932 m. Einar Nilsen, Nedre
Eknes. Dei budde i Bergen
Her er opplysningar frå folketeljinga år 1900:
Hushold |
Fornamn |
Etternamn |
Kjønn |
Busstad |
Midlert. bustad |
Familiestilling |
Siv. stand |
Yrke |
F. år |
Fødestad |
1 |
Arne M. |
Eknæs |
M |
Eknæs |
|
Husfader |
Gift |
Gaardbruker og bygningsarbeide |
1872 |
Hosanger |
|
Kari J. |
Eknæs |
K |
Eknæs |
|
Husmoder |
Gift |
Gaardmandskone |
1868 |
Hosanger |
|
Klara A. |
Eknæs |
K |
Eknæs |
|
Dotter |
Ugift |
Dotter |
1897 |
Bergen |
|
Johannes A. |
Eknæs |
M |
Eknæs |
|
Son |
Ugift |
Son |
1899 |
Hosanger |
|
Maria O. |
Bjørndal |
K |
Eknæs |
|
Tjenestepige |
Ugift |
Tjenestepige |
1884 |
Hosanger |
1 |
Johannes L. |
Eknæs |
M |
Eknæs |
Bergen |
Husfader |
Gift |
Føderaadsmand |
1834 |
Hosanger |
|
Brita N. |
Eknæs |
K |
Eknæs |
|
Husmoder |
Gift |
Føderaadskone |
1822 |
Hosanger |
Det står også at dei hadde korn, poteter, kreatur, og fjærkre.
Tolvte generasjon
Johannes Arnesen Eknes, f. 1899 og kona Borghild Hansdtr. Mo, Modalen,
f. 1906 fekk skøyte på garden 13. februar 1940.
Dei har då kjøpt garden av Eilev Johannesen,
men mot kår til Arne Monsen Molvik og kona hans Kari Johannesdtr.
Før dei overtok garden på Eknes, budde dei eit par år på Mo.
Dei hadde garden fram til 1951. Sidan kjøpte dei gard i Sandeid i
Rogaland.
Dei hadde desse borna:
1. Hilda Sigfrid, f. 1931, gift.
2. Aslaug Kristina, f. 1933, gift.
3. Bjørg Johanna, f. 1935, gift og bur i Bergen.
Trettande generasjon
Klara vart gift i 1929 m. Arbeider Johannes Bernhard Johansen Liseth, frå
Kalvåg, Bremanger, f. 1905. Han døydde i 1930.
Dei heldt til ymse stader på Eknes. Då Johannes Bernhard døydde, fekk Klara
Kristine husa i Gjeilane etter Jakobs-Brita.
(Det er det minste av dei husa som står oppføre gardshuset på Laupen)
Dette huset er forresten kårhuset på Laupen.
Det stod fyrst sør- aust om florsbygningen på Myro. Det vart mest sannsynleg flytt opp på noverande Laupen i
samband med utskiftinga.
Då
Johannes Arnesen Eknes sa frå seg Laupen i 1951, kjøpte Klara Kristine
Arnesen Liseth garden, Skøytet er datert 3. februar 1951.
Klara Kristine Arnesdtr. døydde i 1978.
Klara Kristine og Johannes Bernhard fekk ein son.
Jan Kåre Johannesen Liseth, f. 1930
Fjortande generasjon
Jan Kåre Johannesen Liseth, f. 1930 overtok Laupen etter mora,
Klara Kristine i 1974.
Han er ugift. Ingen born. Dreiv ikkje garden etter at mora døydde.
Jan Kåre held husa i bra stand. Resten av garden heldt på å gro over av
krattskog.
Til toppen av sida
|