ØVRE ELLER INDRE EKNES

Hosanger: G.nr 63.     Lindås G.nr. 238 B.nr. 23 og 37 og 73

Namn på bruk: KONVALHAUGEN

Utskild frå bruk nr. 2, Eikjo
Første eigar: Hilmar Andreas Myhr.
Bruk nr. 23 tinglyst: 17. august 1963.
Bruk nr. 37 tinglyst: 15. mars 1969.
Bruk nr. 73 tinglyst: 18. august 1995. Garasjetomt. Her står Berge Eknes og Liv Eknes som eigarar. Tomten er fråskild, men ikkje tinglyst.
Bruk nr 23 hadde før bruks nr. 11 og namnet Tovahaug.  Dette bruks nr. eksisterar ikkje lenger.

Hilmar Andreas Myhr, f. 1932. Gift 1962 med Else Johanne Eknes, f. 1941.
Hilmar Andreas var nokre år til sjøs før han begynte hjå Georg Eknes Industrier. Der var han til han gjekk av med pensjon.
Else Johanne jobba og nokre år hjå Georg Eknes, sidan hjå Hå Guldbrandsøy når butikken var på Eknes, deretter som heimehjelp i Lindås kommune. Der var ho til ho gjekk av med pensjon.
Hilmar Andreas er frå Bjørsvik. Else Johanne frå Eikjo.
Dei har desse borna:

1. Arild Myhr, f. 1962. Sjå bruk nr. 69 på Oppegard.

2. Turid Myhr, f. 1966. Sjå bruk nr. 72 på Oppegard.

3. Rune Myhr, f. 1970. Gift med Anita Vabø, Jordal, f. 1971.
Rune jobba ein del år hjå Eknes Karosseri på Hjelmås. Jobba deretter som datalærar hjå Nordhordland Insdustriservice.
Dei kjøpte seg hus på Jordal og bur der.
Dei har desse borna:

   1. Amalie Vabø Myhr, f. 1994.

   2. Håvard Vabø Myhr, f. 1996.

   3. Solveig Vabø Myhr, f. 2002.
 
Bilete:  Arild Myhr.


Oktober 2003
Bilete tatt frå nord-vest

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net