Kvardagsliv på Eikjo

Her vil eg prøve å skildre korleis kvardagen var på Eikene i Johannes og Johanna si tid. (Ca 1946 til ut i 50- åra.)
Eg begynner om sumaren og tek årstidene for meg.

Informasjonen på denne sida er komen frå:

Berge Eknes,
Sigrid Hagesether,
Hjørdis Trengereid,
Else Myhr.

Om sumaren hadde dei travle dagar. For å få endane til å møtast måtte Johannes enkelte år ha arbeid utanom Eikene,
og det var om sumaren det var mest slikt arbeid å få. I mange år arbeidde han for Norsk Stålpress med polering og pussing av kjøkkenutstyr. Han og ein som heitte Vevang hade ein varkstad på Litlestølen. (Det er der Johnny Totlandsdal har huset sitt pr. 2003.) Når dei skulle begynne på slåtten, hende det at han tok seg fri nokre dagar. Gjekk han i arbeid, måtte han opp i tre- halv fire tida for å slå, slik at Johanna og ungane hadde arbeid om dagen. Når han hadde slått, kom han innatt og åt frukost for andre gong, før han gjekk på arbeid.
 

Bileta er lånt frå samlinga etter Johanna Eknes


Her er Johannes, Johana og Alma. (Syster til Johanna)
Turrhøyet skal i løa.


Johanna og Alma.
Ein kvil i bakken.
Hunden får litt kos.

Det var helst steinarbeid han dreiv med. Var han så heldig at han fekk arbeid på Eknes- garden, kom ungane med middag til han midt på dagen. Han hadde ein del arbeid hjå Meyer, og han var med å laga vegen til Ostereidet. Han var og med å arbeidde opp vegen  til Eikene slik han er i dag. Ellers tok han det han kunne få av småjobbar rundt omkring.
Når han kom heim att i fem- seks tida, var det litt mat å få, før han måtte ut i slåtten att. Det kunne vera at han måtte setje opp hesjer, han måtte kjøre inn høy, og då måtte han hente hesten som gjekk på beite oppi marka, og det var ljåar som måtte slipast.

Enkelte år var det så mykje gras i Dalen og på Storåkeren at det vart for mykje i hesjene. Då måtte graset kjørast vekk og turkast ein annan plass.
Var det fint ver, slapp dei å setje opp hesjer. Då vart graset turka på marka. (Dei "brettla".)
Men  høyet måtte snuast fleire gonger for dagen, og om kvelden måtte det rakast i reiter. Om morgonen måtte det utover bakkane att, og slik heldt dei på til det var turt nok til å kjøra i løa.
Klokka vart fort elleve- halv tolv  før Johannes kunne ta kvelden.

Så var det opp att i tre- halv fire tida morgonen etter. 
Eg må og nemna at dei slo mykje meir enn det som vert slått no. Me kan nemna Garpedalen og dalen frå hytta til Einar Trengereid, ned mot Nottveiten. I tillegg slo dei rundt alle haugar og hamrar. Ikkje eit strå måtte stå att.

Vart det tørke, vart dei vasslause. I floren hadde dei innlagt vatn frå ca. 1930.
I huset fekk dei innlagt vatn 1945 - 1950. Før dette hadde dei berre kjelda i kjellaren med "drikkevatn". 
Då måtte Johannes ta hesten og kjøre til Bjørndalsvatnet etter vatn.
Dei henta og vatn i dalen. Dette bar dei heim med ein vassele. Dette vatnet vart kun brukt til vask, for det var som regel så mykje vatn at i kjelda i kjellaren at dei bjerga drikkevatnet.

Johanna måtte på stølen kvar morgon og kveld for å mjølke kyrne. Dei hadde fire kyr. Mjølkespann og mjølkeutstyr måtte vaskast etter kvar mjølking. Etterpå måtte mjølka berast til meieriet på kaien. 
I 1959 kom meieriet på Seim, og då vart det slutt på kaien. Då fekk dei mjølkespann som dei kjørte på mjølkerampen ved hovudvegen.
 

Bileta er lånt frå samlinga etter Johanna Eknes


Her vaskar dei mjølkespann.
Frå venstre:
Johanna, Berge, veit ikkje og Johannes.

Ho måtte og i floren å gje grisen mat. Dei hadde to grisar for året. Ein om hausten som vart slakta til jul, og ein om våren.
Hønene skulle også ha mat.

Alt dette måtte gjerast morgon og kveld. Etterpå var det slåtten. Innimellom alt dette skulle ho lage middag, bake, og halde huset reint. Heldigvis hadde ho god hjelp av ungane.

Ein dag i veka var det klesvask, og var det vassløyse, bar dei kleda opp til fjøskjelda. (Der kjelda til huset er no.) Der hadde dei grue og vaska så lenge der var vatn. Etter det  måtte dei i marka og vaske. (Nord for Garpedalen.) Var det ikkje vatn der heller, måtte dei i Bjørndalsvatnet. Der hadde dei og ei grue som dei kokte kleda på. Verst var det hvis det var vassløyse om vinteren. Då og måtte dei i Bjørndalsvatnet. Dei måtte då høgge hol i isen slik at dei nådde i vatnet. Me kan tenke oss at det var kaldt.

Slik gjekk det slag i slag heile sumaren.

Dei hadde og nokre sauer. Når hausten kom, måtte Johannes av gårde å sanke. Dei hadde sauene i Nipa, og under sankinga budde han i huset i "Gamla Nipo".
Der var han i lag med andre som hadde sauer der. Når alle sauene var samla, var det å gå til Romarheim med dei. Der gjekk dei ombord i Oster som frakta folk og dyr heim att.
Dei to siste åra dei hadde sauer, gjekk dei i Eikemofjella. Der mista dei mest halve flokken kvart år, så då gav dei seg med sauene.

Utpå hausten vart om mogeleg endå meir å gjere. Enkelte år  måtte Johannes  få seg arbeid i Bergen. Då reiste han med båten om sundags kvelden og kom heim att laurdagen.
Om hausten var det innhausting. Potetene måtte takast, der var plommer, epler, pærer, rips, solbær, bringebær og stikkelsbær.

Når potetene vart hausta måtte dei passa på at dei hadde så-poteteter til neste år. Potetene vart lagra i jordkjellaren.
Desse vart brukt til mat for menneske og dyr.
Johanna skulle safte, sylte og hermetisere.
Dei var og i marka og henta heim blåbær og tytebær.

Johanna hadde mykje blomar i hagen. Desse skulle og ha stell. Nokre av røtene måtte takast inn om hausten. 
 

Bilet er lånt frå samlinga etter Johanna Eknes

Dei for og rundt og "logga". Dvs.. dei plukka lau av ask og raun til onnebretla. Var det tørre haustar vart det mykje slik onnebretla. Var det mykje regn vart det mindre. Dette vart lagra på løa i jutesekkar.

Innimellom dette dyrka Johannes opp ein heil del utmark. Me kan nemna Lønnemyra/Lønna og Dalsåkeren.

År om anna hadde dei ein okse som dei slakta om hausten. Det kjøtet vart steikt og hermetisert.
Sauer skulle også slaktast om hausten. det kjøtet vart salta og turka.

Magane til dyra som vart slakta skulle gjerast reine, og då måtte Johanna bere dei i utmarka på Myrane, (nedom Alsaker, ved vårfloren) i bekken der for å vaske dei. Magane brukte dei til pølseskinn. Dei mol opp kjøt og fett og putta i tarmane, dette vart til kurv. Dei vart kokt, salta og turka. Dei nytta og magane til blodpølser. Ingenting måtte koma vekk, alt måtte nyttast.

Om hausten byrja og skulen att. Ungane den gongen gjekk på
Vassel skule. Skulen den gongen var sju- årig.
Dei gjekk heimanfrå i  åtte- tida om morgonen, og var heim att i firetida. Skulen var frå klokka ni om morgonen til tre om ettermiddagen.

I småskulen gjekk dei på skulen mandag. onsdag og laurdag. I storskulen, mandag onsdag og fredag.
Det var ikkje snakk om skulebuss den gongen. Dei måtte gå uansett kva ver det var. Spesielt om vinteren med mykje snø kunne dette vere tungt. Når dei kom heim att var det å eta, for så å hjelpa til på garden.
Om kvelden skulle leksene gjerast. Nåde dei som ikkje kunne den.

Vinterkveldane nytta Johanna ofte til å strikke, men før ho det kunne, måtte ho kara og spinne garn. Etterpå skulle garnet fargast. Då kokte ho vatn i den store koparkjelen på grua i kjellaren. Så måtte ho ha farge oppi. Det var eit slags pulver. Sette ho seg ned, hadde ho alltid strikkearbeidet føre seg.

Ellers om vinteren skulle alle dyra ha mat, kyrne skulle mjølkast og mjølka skulle til meieriet på kaien.
Om vinteren måtte Johannes på skogen for å sage ved. Motorsag og veakløyvar fantes ikkje, så alt måtte sagast og kløyvast for hand. Så skulle det køyrast heim med hest og slede. Ellers nytta ein tida til å sjå over reiskapar, og reparere det som var øydelagt. Johannes sat ofte i omnskroken og laga nye tinnar til rivene. Den gongen fanst ikkje plastriver, så rivene var heimelaga av tre. Alle husa skulle og vedlikehaldast. Dette vart ofte gjort om hausten og våren.

Så nærma det seg jul. Grisen skulle slaktast. Dette var altid spanande for ungane.
Dei fekk sjølvsagt beskjed om å halde seg unna, men dei lurte seg ofte til å sjå på. Partering av kjøtet gjekk føre seg i kjellaren.

Mykje av dette kjøtet vart salta, noko vart steikt og hermetisert.

Så var det baking.
Ein gong før jul, kom ho "Andrina på Myro" opp til Eikjene. Ho og Johanna baka alltid flatbrød i lag.
Då baka dei for eit heilt år. Bakinga gjekk føre seg i kjellaren på grua. Dei siste åra ho Andrina var på Eikene å bakte, bar Johannes ho opp på ryggen.

Det var ikkje nok med det. Det var haugevis med julekaker som skulle bakast også. Denne bakinga tok ofte ei heil veke.
Det skulle også vaskast før jul. Då alt var trekvitt, vart både tak, veggar og golv skurde med sand. Alt måtte vere skinande rein til jul.

Når våren kom, skulle møka kjørast ut på bakkane. Då var det godt og ha hesten, for etter at møka var spreidd med hånd sjølvsagt, skulle ho harvast. Etterpå måtte dei raka vekk dei største klumpane, slik at det ikkje kom i høyet. Absolutt heile garden måtte rakast, for om vinteren var det kome kvist og anna som ein ikkje ville ha i høyet.

Potåkrane måtte og få møk. Dei hadde to åkrar. Ein med snarpote, og ein med lagringspote.

Slik gjekk det slag i slag, så ein skjønar at det var nok å gjere.

TILBAKE

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net