Kvernhuset i Kvernhusvika
 

Askild Eknes skriv at då Berge Larsen vart kårmann, bygde han kvernhus i Kvernhusvika og dreiv og mol der når det var vatn.
Berge Larsen vart kårmann i 1870. Altså må kvernhuset ha vorte bygd rundt den tida.
Det står at han bygde i Kvernhusvika. I så fall må det vore eit anna hus enn det garden Eikjo hadde rettighetar til.
Etter opplysningar frå Terje Eknes, stod Eikja kverna nedanfor det kvernhuset som står att inne på Totland.
Me må hugse på at dette var før utskifting av innmark og utmark på Eknes. Eikene hadde som dei andre bruka på Øvre Eknes, rettighet til å ha kvern i denne elva.
Denne elva heiter kvernaelva.
Den rann opprinneleg ut i Totlandsvika, men løpet vart lagt om, slik at ho vart førd bort i nedre delen av Apalbekkjen.
Antakelegvis for å få meir vatn på kvernene i Kvernhusvika.

Under ser me bilete av det som er att etter kvernhuset til garden Eikjo.
 
Bileta er tatt i oktober 2004 av Arild Myhr.
Kvernhusgrunnane sett frå sør.
Klikk for større bilete
Sett frå nord aust
Klikk for større bilete
Sett frå aust
Klikk for større bilete

TILBAKE

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net