HANDELSBUER I EKNESVÅGEN

Av Askild Eknes.
Opplysningar samla på ein plass av Arild Myhr.

Fyrste gongen ein høyrer "handelsbuer" nemd er på tinget på Eide 14. juli 1706 for Eikanger skibrede. Det vart då spurd om der var handelsbuer i skibredet.
"Um kremmerleyere forklarede almuen at udj dette skibrede har aldri veret noget kremer- eller borgsæde, ikke heller enu, ei heller gjøres nogen fornøden til nøtte eller gavn for almuen".

På tinget på Hoshovde 16. juli 1706 for Hoshovde skibrede er same spurnad og same svar.
I 1741 vart ein Elling Olsen Birkeland f. 1713 g.m. jenta Ingeborg Larsdtr. Eikanger, og dei fekk plasset Eknesvaagen under Indre Eidsnes. "Vaagen" er det jamt skrive. Dette er gjestgiveriet i Eknesvågen. Les om det her.

Her tek me føre oss handelsmenn på aust- sida av Eknesvågen.

Fyrste Hanselsmannen:
Den fyrste handelsmannen på austsida av Eknesvågen var etter det eg kan sjå, ein husmann, Lars Monsen Bjørsvik. Han bygsla ei hustuft i Klubben av Jon Eriksen Eknes. Der sette han seg opp eit hus. (Noko av tuftene er å sjå også i dag 2004.) Han var  skomakar, og dreiv ein liten frihandel attåt nokre år. Systera hans, "ho Ingeborg i Kroko" styrde for han. Ho dreiv skreddarsaum.
Om våren 1861 gifte Lars seg i Eknesvågen med jenta Barbru Monsdtr. Leknes, brordotter av Jacob Olsen Eknes.
Same år kjøpte dei gard på Mjelde i Haus og levde bunaden sin der.
Borna deira var:
1.  Redaktør Mons Larsen Mjelde.

2. Bonde i Lier, Ole Mjelde. Han døydde i 1922.

3. Anders Mjelde. Han budde i Indre Arna.

4. Oberst Lars Mjelde, budde på Nestun.

5. Anna Larsdtr. gift med Lærar Færøyvaag, Tysnes.

6. Ingeborg Larsdtr. gift i Bergen.

"Ho Ingeborg i Kroko" vart gift med ein bonde på Toppe i Åsane.
Husa vart selde og flytt bort frå Klubben.
 

Andre handelsmannen:
Mellom 1861 og 1875 var der ingen handel på austsida av Eknesvågen.
I 1875 bygsla Johannes Arnesen Røssland D.Y. og kona Brita Knutsdtr. frå Nordås, same tufta.
Johannes var rokkesmed. Dei hadde nokre år brødhandel attåt. Kor mange år er uvisst.

Tredje handelsmannen:
Etter nokre år leigde dei bort huset til ein handelsforening. Dei dreiv nokre år, antakelegvis fram til omlag 1880. I 1883 selde Johannes stova og reiste til Amerika. Lyden reiste etter i 1885.
Då dei for hadde dei fem born.
Desse er:
1. Aasa Johannesdtr. f. 1874.

2. Arne Johannesen, f. 1875.

3. Karl Johannesen, f. 1878.

4. Jørgen Johannesen, f 1881

5. Johanna Bertina Johannesdtr. f. ????.

Omlag 1920 kom Johannes heimatt åleine. Då fekk han seg ei lita stove i Hosovdhamn, og der budde han i allefall i 1928, åleine.

Fjerde handelsmannen:
I 1880 byrja Jakob Jacobsen ein liten handel i naustet til broren. Han var frå Jakobsluten.

Femte handelsmannen:
Då Jakob Jakobsen i 1882 gifte seg til Romarheim med  Anna Monsdtr. Romarheim og flytte dit, tok Johannes Eknes handelen etter han nokre år, men det gjekk ikkje.

Sjette handelsmannen:
Samstundes kjøpte Lars Hodnekvam huset etter "Erik i Æselie", Esheim, Festa tuft av Jon Eriksen på Nothusskjæret, flytte huset dit og dreiv handel der nokre år. Det gjekk heller ikkje.

Sjuande handelsmannen:
I 1890 kom Jakob Jakobsen att frå Romarheim og kjøpte huset hjå Lars Hodnekvam. Han drev handel der til 1905. Då overlet han handelen til sonen. Sjølv dreiv han som dampskibsekspeditør så lenge helsa rakk.
Anna og Jakob hadde tre born, visstnok alle fødd på Romarheim.
Dei var:
1. Maria Jakobina, f. 1802, gift 1908 med kontormann Vilhelm A.Vilhelmsen i Bergen.

2. Johan, f. 1884. Han var mange år matros på Indre nord sine båtar. Sidan motorbåtførar. Budde i 1928 på Valestrand.
Gift 1918 med Laura Reigstad.

3. Magnus Andreas, f. 1886. Han var Handelsreisande og postopnar m.m.

4. Fosterson Ragnvald Eknes, f. 1891 i Bergen.

Marta døydde i 1924. Jakob i 1927.

Her er kva som stod i folketeljingane i år 1900.
 
Hush Fornamn Etternamn Kjønn Bosatt Midlert. bosted Familiestilling Sivil st. Yrke F. år Fødested
1 Jakob J Eknæs m b   Husfader Gift Landhandlar 1856 Hosanger
  Anna Eknæs k b   Husmoder Gift Kaartagerske fra en tidl. eiet gaard 1844 Alversund
  Martha Eknæs k b   Datter Ugift Syerske 1882 Hosanger
  Magnus Eknæs m f Bergen Søn Ugift Søn 1886 Hosanger
  Ragnvald Eknæs m b   Oppfostringsbarn Ugift Underst. af Fattigvæsenet
(Uægte)
1891 Bergen


Åttande handelsmannen:
I 1905 tok sonen til Jakob, han Magnus ("Magnus på Skjæret") over handelen i Eknesvågen. Han gifte seg i 1910 med Lovisa Terese Knudsen frå Bergen.
Dei dreiv handelsplasset nokre år, kor mange er uvisst.
Han vart sidan "reisande" og flytte til Bergen.
 


Bilete lånt ut av Gunnar Knudsen

Dette er eit gamalt postkort som er stempla 28.04.1913.
Det er Ole Bull som ligg ved kaien.
Som ein ser er ikkje "trekaien" bygd enno.


Niande handelsmannen:
Landhandlar Ivar J. Dyrkollbotn og kona Berta Horvei, f. i Amerika, g. 1917 dreiv handel i Eknesvågen nokre år. Antakelegvis fram til 1919. Då flytte dei til Eikangervåg og bygde handelshus der.
Dei fekk ei dotter, Ingrid.
Ingrid gifte seg med Sverre Nordland.
Dei fekk borna Ivar, Elin og Svanhild.

Tiande handelsmannen:
Landhandlar og postopnar Anton O Flatøen g. 1911 m. Kona Nilla Maria N. f. i Isdal, Hamre.
Dei kom frå Breistein til Eknesvågen i 1919. Dei dreiv handel der fram til 1936. Då selde dei handelsplasset og flytte til Florvåg.
Dei hadde desse borna:
1. Margit, f. 1912. Gift med Harald Hageseter. Budde i Hillesvågen.

2. Oddbjørg Margreta, f. 1916. Gift og budde på Os.

3. Ragnar, f. 1922 d. 1939.



Ellevte handelsmannen:
I 1936 kjøpte faren til Karen Halstensen., Georg Halstensen handelsplasset. Karen starta landhandel, post, telefon og dampbåtekspedisjon hausten 1936. I Januar 1937 vart ho gift med fiskar Henrik Guldbrandsøy, f. 1911. Karen var og fødd i 1911.
Her dreiv dei butikken til fram i 1970- åra.
Der hadde dei alt mogeleg. Dei selde bensin, og der var post og telefonsentral.
Den gongen var postnummeret 5163 Eiknesvåg.
Fram i 1970 åra bygde dei ny butikk lenger oppe på Eknes.
Då var fjordabåtane meir eller mindre slutta å gå, og mesteparten av varene kom med bil.
Karen og Henrik hadde desse borna:

1. Hallstein, f. 1938. Han fekk handelsplasset etter foreldra.
Sjå bruk nr. 65 på Neregard.

2. Gunnar Johan, f. 1940. g.m. Judith J. Holsen, Veland, Lindås. Tre born.
Sjå bruk nr. 49 og 50 på Oppegard.

3. Anne Lise, f. 1941. g.m. Odd Ingvar Jordal, Hørland, Lindås. Bur pr. 2003 på Landås, Bergen. Fire born.
Sjå
bruk nr. 57 og 74 på Oppegard.

4. Finn Henrik, f. 1947. g.m. Tove Irene Staven, Trondheim. Bur på Eknes. Tre born.

5. Erling, f. 1950. g.m. Elin Nesse, Hundvin. Bur på Eknes. To born.

Henrik døydde i 1982, Karen i 2004.

Sjå og bruk nr. 21 på Oppegard.
 

Tolvte handelsmannen:
Fram i 80- åra overtok sonen, Hallstein handelsplasset. Han gifte seg i 1961 med Erna Johansen, Alta, f. 1938.
Dei dreiv butikken oppe på Eknes til omlag 1992. Då bygde dei ny butikk på Ostereidet.
Der dreiv dei butikk til hausten 2002
Sjå bruk nr. 65 på Neregard.
Då ingen av born ville overta butikken, vart plasset leigd ut til Rema 1000.
Halstein og Erling driv i dag, pr. 2004, med bygningsartiklar på Dalsgrend.
Halstein og Erna har desse borna:

1. Stein Erling. f. 1961. Gift ned Eli Sætre, f. 1962, Austrheim.

2. Tore Henrik, f. 1964. Gift, fleire born.

3. Tommy Guldbrandsøy, f. ????. Gift, fleire born.

Dette stod i avisa den siste dagen H. Guldbrandsøy handla på Ostereidet.
Av Erlend Spurkeland.


Dette er slutten på historia om to glade butikk gutar som har dyrka jobben som ein kjær hobby.
Det er meir enn ein bygdebutikk som no sular opp. Guldbrandsøyen er eit begrep i Nordhordland. Har stått for det beste av strilsk kremmarånd, vore raus, romsleg, slagferdig. Har vore møteplass for fastbuande, hyttefolk og vegfarande. Her fekk du «alt». Bortsett frå eit nei.
Det kunden spør etter, skaffar me, slår Halstein fast.  Berre brennevin og bilar me ikkje har selt, legg Erling leande til.

Vemodig
Butikken har vore samlingspunkt i bygda, kommenterer sokneprest Vilhelm Overå. Som føyer til at langt fleire besøkjer Guldbrandsøyen enn hans hus.
Vareutval og service er utruleg. Det dei ikkje har, fiksar dei. Det vert vemodig.

Løye, og saknaleg, samstemmer Nils Einestrand, ein av dei mange masfjordkundane. Kjem inn bakvegen via lagerdøra. Skal ha feste til ei takrenne. Her er det lite skilje på framom og bakom disken. Her er alle på fornamn. Nokre har vore kundar gjennom fem generasjonar.  Da e' eg kry tå, smiler Halstein.

Lange arbeidsdagar
Det starta på kaien på Eknes i 1936. Seinare bar det opp til gamlevegen, før handelsbrørne for ti år sidan flytta inn i den nye tid ved riksvegen og Ostereidet senter.
I dag har dei 23 heiltidstilsette, og omsetning på godt over 50 bruttomillionar. Men ingen av avkommet vil ta over, og ikkje ein gong Gudlbrandsøyane varer evig. I over 49 år har Halstein stått i butikken. Med arbeidstid frå 8 til 21 dei fleste vekedagar, året gjennom, gler han seg til «normal arbeidstid» som pensjonist. - Det har vore moro, så eg kjem til å sakna folk. - Og den gode praten, reflekterer ein uvanleg alvorleg Erling. Med nære framtidsplanar om sydentur, linefiske og fjellturar.

Full oversikt
Sjølvsagt har det vore krangel i styret, innrømmer dei to bedriftseigararane smilande. Men aldri så fælt at me har gløymt å tena pengar neste dag.

I ein mildt sagt uoversiktleg butikk, med ditto lager, har karane fullstendig overblikk over varelageret. Berre ein gong, seier ryktet, vart Halstein stressa, då han ikkje fann att eit ausekar på lageret.

Fleire gongar har karane bydd heile Nordhordland til gratis sildemiddag. Gammal stil. Servert på langbord under taket på bensinstasjonen, med varme poteter attåt. Heide Steen, verdamer og andre kjendisar har fylt bensin og kikka innom, som for eksempel danske Kim Larsen. Men «gummiansiktet» var berre ute etter snop og tobakk, minnest Erling.

Lappesystem
Det er opphørssalg, og stint med folk som jaktar skattar mellom hyller og stativ. Ein stillbar trebor, labbegarn, kjeledressar, potteskjularar og blomstrete dukar vert omsett i kontantar. Manglar du kort eller kroner? Niks problem;  Eg skriv det på ein lapp. Guldbrandsøyane er rause, stolar på folk. - Betal når du fer forbi. Bekreftar at julelysa er til halv pris. - Steikjande bra kvalitet. Hjelper ein einøygd bilist med montering av lyspære før neste tunnell. Krabbeteiner, truser, fat, leirgrisar, regnkle og anna pø tronar i store dungar. - Det beste for først, seier Halstein.

Snart rullar Rema 1000-pallane inn i dei tømde butikklokala. Med varemengder stabla i høgda, og skrytelåge prisar. Men vareutvalet til Guldbrandsøyen kan nok ingen dusinbutikk hamla opp med. Og du får neppe kjøpt ausekar i nyebutikken.


Foto: Erlend Spurkeland

Halstein og Erling Guldbrandsøy utanfor butikken på Ostereidet

 

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net