Kårhuset på Eikjo

Det er ikkje så mykje å seie om Kårhuset på Eikjo.
Askild Eknes har skreve det soleis:
"Berge Larsen bygde som kårmann kårhus"
Det er altså ingen tvil om at det har vore eit kårhus på Eikjo.
Berge Larsen let garden frå seg i 1871, og det er difor naturleg å tru at kårhuset vart bygd mellom 1870 og 1872.
Det hadde vore naturleg å tru at gamlehuset vart overteke som kårhus, men det kan ikkje ha vore so, i og med at Askild Eknes, som var fødd året 1868, høgst sansynleg har sett denne bygningen og skriv at det vart bygd kårhus.
Etter det eg kan finna ut, finns det ingen annan dokomentasjon enn det Askild har skreve.
Ein kan difor berre anta at kårhuset må ha stått i 1898, då  Johannes Bergesen tok kår. 
Det er og naturleg å tru at kårhuset har stått fram til 1916, då Johannes Bergesen døydde. Han var siste mann som tok kår på Eikena, mest sansynleg i kårhuset.

På Eikjo finn ein to gamle hustufter. Den eine er tuftene etter det fyrste våningshuset.
Det andre er tuftene etter det ein reknar med er kårhuset, øvst oppe på Dalsåkeren.
I og med at det vart bygd kårhus, er det utelukka at gamlehuset vart brukt.
Denne tufta har alltid vorte omtala som tuftene etter "vårfloren"

Det står ingen plass at det vart bygd ein vårflor. Ein kan difor tenkja seg at dette bygget vart fyrst bygd som kårhus, og sidan nytta som vårflor. 

Når eg so fekk nokre kart frå kommunen datert 1889, er det heilt klart at den såkalla "vårfloren" nok var kårhuset.
Pr. 1889 er det berre våningshuset, som var bygd i 1886, florsbygningen, som var bygd av Berge Larsen i 1833, og den såkalla "Vårfloren" som er på kartet.
Difor er eg heilt sikker på at det er kårhuset me ser på biletet.


Sjå godt på dette biletet.
Kårhuset ser me over skykkjetaket.
Biletet er tatt før 1916.

 

Biletet er frå samlinga etter Johanna Eknes
Klikk for større bilete

Det er ikkje godt å sjå kva dette er. Dei er nesten usynlege i dag. Tuftene er heilt opp i grensa i sørenden på Arild Kleiveland sin eigedom.
Ellers kan ein nemna at då Hilmar Myhr laga muren sin etter vegen, fekk han ta hellene som låg i golvet i denne tufta

Frå sør
Foto Arild Myhr, februar 2004

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net