ØVRE ELLER INDRE EKNES

Hosanger: G.nr 63.     Lindås G.nr. 238 B.nr. 22 og 58

Namn på bruk: UTEN NAMN

Utskild frå bruk nr. 3, Oppegardsbruket.
Første eigar: Normann Veland.
Bruk nr 22 tinglyst: 14. mai 1963.
Bruk nr. 58 tinglyst: 27. november 1984.
Desse eig og bruk nr. 41 på Neregard.
Normann Veland, f, 1937. Gift 1967 med Sylvi Gerd Eknes, f. 1942.
Normann er frå Ytre Eide. Sylvi er oppvaksen på Jo- Bruket.
Sjå der.
Normann jobba i sandfarten til han gjekk av med pensjon. Hadde sandskøyta "Hobby" først. Sidan "Meløy".
Sylvi er sjukesyster i Knarvik.
Normann døydde i ei motorsykkelulykke i Lote tunnellen 13. juni 2006.

Dei har to born. Desse er:

1. Jon Einar Veland, f.1968.  Har kjøpt hus og bur på Lindås. Har ein gut med fyrste sambuar.
Er gift oppatt og har eit barn med ho.
Jobbar på Mongstad.

2. Sonja Veland, f. 1970 d. 2000.
 
Bilete:  Arild Myhr.


November 2003
Bilete tatt frå vest

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net