ØVRE ELLER INDRE EKNES

                   Hosanger: G.nr. 63.     Lindås: G.nr. 238 B.nr. 3 

                   Oppegardsbruket.  
                  
Dette er garden som Jorunn Borge eig.
 

Desse opplysningane er henta frå: 
Askild Eknes
Digitalarkivet
Riksarkivet
Div. Bygdefolk.

                           Oversikt over bygselmenn og eigarar på Oppegardsbruket

Namn År dei styrde Namn År dei styrde Namn År dei styrde
Børge Øffre Echnes      Ca. 1590 - 1609 Mons Tørrisen 1737 - 1756 Ivar Larsen 1888 - 1932
Oluff Pedersen Ca. 1609 - 1660 Iver Monsen 1758 - 1794 Hans Ivarsen Eknes 1932 - 1952
Laurits Øffre Echnes Ca. 1660 - 1666 Mons Sjursen 1794 - 1836 Inga Amalie Eknes 1952 - 1990
Mogens Larsen Ca. 1666 - 1703 Ivar Monsen 1836 - 1851 Jorun Borge 1990 -
Lars Monsen 1703 - 1737 Lars Jørgensen 1851 - 1888    


Fyrste generasjon
Børge Øffre Echnes har ikkje hatt garden mange år etter at han delte med sonen. Han har gitt garden frå seg omlag 1609. Me veit ikkje om han levde lenger, eller var død då.
Garden har i allefall gått over til ei anna slekt, for det er truleg ein Person som har fått garden etter han.


Andre generasjon
I 1609 er i allefall ein Oluff Pedersen brukaren av Oppegard. Han må ha vore ung då han tok over garden. Berre vel 20 år trur ein.

Han har styrd garden i omlag 50 år. Me finn han ofte nemnd i skattelistene og i tingbøkene.
I 1620 og 1624 betalte han kvart år ein dalar i skatt.
I 1645 såg Christian den fjerde seg nøydd til å leggja ein koppskatt på kvart hovud. (Koppskatt kjem frå det tyske ordet "kopf", som tyder hovud. Dette var ein ekstraskatt på kvart hovud over tolv år i husstanden. Skatten var for å greia den store krigsskulda han hadde ført landa sine opp i). Her kan du lese meir om Christian 4.

Me finn i koppskattskulda frå "Indre Ecknes":
Oele Pedersen, kona Unne, døtrene Synneva og Kari.
Han kan og hatt søner og om dei ikkje står nemde her. Dei kan ha vore soldatar, eller i tjeneste hjå andre. Dei som er yngre enn tolv år står ikkje nemnd.
Denne Ola, (Snart skreve Oluff, så Olaff, så Oele eller Olle) har vore ein vyrd mann. Jamt finn me han som "laugrettsmann" (lagrettemann) frå tingbøkene byrja i 1642 til 1655. Etter det er tingbøkene borte, og me finn ikkje meir om han.

I 1665 vart han mulkta med "8 ortungar og 13 mark i sylff for at haffue gjort tvende sine børns bryllaup lenger enn Ko. Ma. forordning forholde", (Dvs. at dei feira bryllaup lenger enn det var lov til, den gongen to dagar).
Det var svært vanleg med slike mulkter den gongen. Det heiter at dei ofte heldt bryllaup både tre og fire dagar, og fem-seks med, trass forbodet.
Oluff må vere død omlag 1660. Me finn ikkje noko om korkje han eller huslyden hans i kyrkjebøkene som byrjar i 1667.


Tredje generasjon
Frå ca. ar 1660 har det budd ein Lauritz eller Lars på bruket. Han hadde garden i 1664. Kona hans heitte Ingeborg. Denne Lars må ha flytta til garden etter Oluff Pedersen og må då hatt ein vaksen son, Mons.

Kona etter Lars "Mogens Øffre Echnesis moder Ingeborg" døydde i 1693. Ho skulle då vera 87 år gamal. Dei hadde eit lag til å gjera folk eldre enn dei var, men ho må i allefall ha vore fødd omlag 1610.
Lars er død mellom 1664 og 1666. Det kan tenkjast at Ingeborg har vore dotter av Oluff Pedersen, og at ho og Lars har styrd ein annan gard til Oluff gav han frå seg.

Til toppen av sida

Fjerde generasjon
Då denne Lars døydde, fekk sonen Mons, f. omlag 1641, bygslet. I manntalet av 1666 heiter det om Oppegard:
"Øffre Echnes. Full gaard, (Full gard betyr at "Fire mann paa kvar fulle gaard hadde aa svare ein soldat i legd") "Mogens (Mons) 25 aar skattar 1 løb. (Eit løb er 2,333 smørpund, er 14,93 kg.) Tiende 10 kanner korn". (Tiende var til kyrkja, prest, bisp og dei fattige. ei kanne var omlag 2.4 liter.)

Mons gifte seg på denne tida. Kona hans heitte Brita, f. omlag 1647, d. 1718. Truleg heitte far hennar Vemund, men me finn ikkje noko om kvar ho kom frå. Mons var ein stillfarande og bra mann. Frå han er 50 år finn me han jamt som lagrettsmann. Utanom det finn me han ikkje nemd.

I 1704, om våren, var han lagrettsmann. Om sumaren same året møtte Anders Bjørge for "Mogens Echnes som ved døden er avgangen" Han var då 66 år. Kor mange born Mons og Brita hadde er uvisst.
Dei hadde i allefall to søner:

1. Vemund Monsen, f. omlag 1666, g.m. Kari Vemundsdtr. Vare i 1703. Han fekk garden med henne på Vare. Han vart gamal og fekk mange born.

2. Lars Monsen, f. omlag 1680. Både i 1678 og 1682 har Mogens Øvre Eknes hatt til dåp "it barn", men presten har vel gløymt å skrive inn namna. Lars har nok vore ein av dei. Han fekk garden etter foreldra sine. Truleg var der nokre døtre og. Der var fem monstøtre på Eknes omlag 1700. Der var og ein Mons på Røysne 1660 til 1690. Om to av desse døtrene heitte det "Nedre Echnes", altså frå Røysne. Det er usikkert kor dei andre var frå.


Femte generasjon
Den 9. januar 1703 skreiv presten i Korskyrkja:
Mag. Ole Storm, bygselbrev til Lars Monsen Øvre Eknes på 1/2 laup jord på Øvre Eknes.

Mons har såleis sagt frå seg halve bruket til bate for sonen, Lars. Då Mons døydde i 1704, fekk Lars den andre delen og, så då hadde han heile bruket på Oppegard. Det hadde han til han døydde i 1736.

Lars Monsen gifte seg i 1808 med jenta Kari Olsdtr. Storset. Dei fekk eit par born som døydde som spedborn. I 1716 døydde Kari på barselseng. Barnet døydde nokre dagar etter, så det ekteskapet vart barnlaust.
I 1717 gifte Lars seg oppatt med Ingeborg Nilsdtr. Kleiveland, av den vidgreinte Tidke som i reformasjonstida kom til Kleiveland. Med henne fekk han desse borna:

1. Kari Larsdtr. f. 1720. Første ekteskap: I 1743 med Enkjemann Sjur Olsen, Eikefet frå Elvik.
Som enkje gifte ho seg andre gongen i 1754 med Johannes Storksen Høige (Hauge i Lindås).
Kari døydde i 1764 og let etter seg fem born. Stor ætt i Molvik, Feten, Eikanger og fleire stader.

2. Mons Larsen, f. 1722. Første ekteskap: I 1746 med gardjenta Marita Hemmingsdtr., Øvre Eikanger.
Andre gong i 1758 med Kristi Askildsdtr. Røsland.
Mons døydde i 1802. Han hadde då åtte vaksne born og har ei stor ætt etter seg i Hamre.

3. Brita Larsdtr. f. 1729, g. 1755 m. Ivar Monsen frå Ytre Eide. Dei fekk garden på Øvre Eknes etter mor til Brita, Ingeborg.

4. Rasmus Larsen, f. 1733, g. 1764 m. jenta Randi Olsdtr. Øvre Eikanger. Han budde på Smed-Lars si jord. Han var gift tre gonger. Han døydde barnlaus i 1808.

Lars Monsen Eknes døydde i den fæle drepsotta i 1736. (I åra 1736 til 1737 rasa koppane.) Der døydde tre personar på Øvre Eknes, der også Lars).

Til toppen av sida

Sjette generasjon
I 1737 gifta enkja Ingeborg Nilsdtr. seg att med ungkar, soldat Mons Tørresen frå Søre Røsland. Då fekk han bygslet på Oppegard.

Det står å lesa om dette at han skulle få Bruket på vilkår "ar han enken sal. Lars Monsens ækter". Han hadde ein mannsalder.
I dette ekteskapet fekk Ingeborg Nilsdtr. to born. Begge døydde før dei var vaksne.
Mons døydde i 1776. Ingeborg i 1777.


Sjuande generasjonen
I 1755 gifte dottera etter Lars og Ingeborg, ho Brita Larsdtr. f. 1729, seg med Iver Monsen Ytre Eide, f. 1726. Han var son av Mons Monsen, Ytre Eide og Anna Ivarsdtr. frå Øvre Eknes, Laupen, han fekk i 1755 bygslet på halve bruket, 1/2 laup, utskreven av presten Renord til Korskyrkja.  7. august 1764 fekk han av presten Hans Mossin og bygslet på den andre halve laupen mot kår til Mons og Ingeborg.
Iver og Brita hadde desse borna:

1. Lars Iversen f. 1759, d. 1785 ugift.

2. Anna Iversdtr. f. 1762, g. fyrste gong med gardbrukar Mikkel monsen Nerås på Veland. Dette ekteskapet var bornlaust.
Som enkje og 60 år gifte Anna seg oppatt med Enkjemann Ole Iversen Kvamme i Myking. Anna døydde i 1844.

3. Kari Iversdtr. f. 1764, g. 1794 m. Mons Sjursen Eknesvåg. Dei fekk halve bruket på Oppegard etter Iver Monsen.
Kari døydde i 1848.

4. Ingeborg Iversdtr. f. 1767. Ho flytte etter at mora døydde til den barnlause morbror hennar, Rasmus Larsen Eikanger. Der vart ho gift i 1792 med Nils Olsen Øfsthus av Høyafolka på Eikanger. Dei fekk garden etter Rasmus på Eikanger. 
Gamle Smed-Nils var sonen deira. Ola Nilsen Leknes, far hennar Nils-Aasa Eknes, var yngste sonen deira.

5. Mons Iversen f. 1771 d. 1777.

6. Mons Iversen f. 1782. Konfirmert i Hosanger kyrkje, 15 år gamal, i 1897. "Den 24de søndag etter Trinit" står det å lese i kyrkjebøkene. Det er fyrste søndag etter pinse.
g. 1816 m. Brita Iversdtr. Askeland. Budde på Askeland i Myking sokn.
Han var soldat av yrke. Var med i krigen 1808 - 1814.
Mons døydde i 1818.

Brita Larsdtr. døydde i 1777. Det var same året som Mora, Ingeborg Nilsdtr. og sonen Mons døydde.
Ivar vart no enkjemann. Då han ikkje hadde att søner, let han frå seg halve bruket til ein Lars Askildsen frå Mo. Han vart kalla for Sterke-Lars. Dette bruket som Lars fekk vart kalla Myro. Den andre delen fekk framleis bera namnet Oppegard.
Her kan du lesa om Myro.
Me går vidare med Oppegardsbruket.
Det er sagt at denne Ivar var noko truskuldig av seg. Han let Lars Askildsen skifta både åker, eng og skog som han syntes.
Han skifte slik at han ikkje tapte på det sjølv.

I 1778 gifte Ivar Monsen seg att med ei Marta Monsdtr. Presten i Hosanger den tida var ein trava danske, Richard Berg. Han slurva med all si embetsverksemd, og prestebøkene har han og slurva frå seg. Han skreiv:
"Copulert enkemand Ivar Mogens Echnes og pige Margarita Mogensdtr". Me får altså ikkje vete kvar ho kjem frå.

Ivar og Marta fekk i 1782 ein son, Mons, f. 1782. d. 1818. Han tente hjå halvsystra si Ingeborg Eikanger. I 1808 til 1814 var han soldat. Han var med i tre krigar. (Napoleonskrigane) Han kom heimatt i 1814. I 1816 gifte han seg i Myking. med piken Brita Iversdtr. Askeland og fekk gard der. Men alt i 1818 døydde han. 
Ved skiftet etter han på Askeland vart buet hans, fire og ein halv daler skift mellom enkja Brita Iversdtr. og dotra deira Marta, då 13 veker gamal.

I 1794 let Iver Monsen frå seg bygslet til dottermannen, Mons Sjursen mot kår. Marta Monsdtr. døydde i 1805. Ivar Monsen i 1810, 86 år gamal. 

Til toppen av sida

Åttande generasjon
I 1794 vart Kari Ivarsdtr. gift med Mons Sjursen Eknesvåg, Eidsnes.
Han var fødd i 1769 og var son av gjestgivar Sjur Rasmussen Eknesvåg frå Ytre Eidsnes. Mora hans, Anna Olsdtr. var frå Jordal.

Mora hans døydde på barselseng i 1777, og der var eit pent bu å skifta. Men det gjekk ut med dei. Der var mange born i Eknesvågen. Den eldste broren, Rasmus, fekk arv på Totland. Han gifte seg med dotter av bygselmannen Jon Knudsen på Totland og fekk garden der. Han var Oldefar til Jo Totland.

Mons Sjursen var halt og lite helsesterk. Kona hans Kari måtte ta det tyngste sletet. Mons likte best å fiska, men det gjorde lite av seg for innkoma.
Mons Sjursen og Kari Iversdtr. hadde desse borna:

1. Brita Monsdtr. f. 1794. døypt 28 desember same året. Gift i 1833 m. enkjemann Mons Sjursen Fotlandsstrand, Fotland.
Han var ingen god mann mot henne. Ho døydde på barselseng etter å ha fødd sonen Mons Monsen Eikanger i 1837. 
Lensmann Sivert Eikanger er sonarsonen hennar.

2. Ivar Monsen, f. 25 juni 1796. Han fekk garden på Eknes etter foreldra.

3. Sjur Monsen, f. 1798, g.m. Enkja Ingeborg Sjursdtr. Øvre Eikanger, Farmor til Johannes Sjursen.
Sjur Monsen døydde barnlaus i 1883.

4. Lars Monsen, f. 1803, g. 1836 m. Anna Jørgensdtr. Eknes, Myro. Lars var "tingingsmann og timberhandlar" frå Voss.
Dei kjøpte sidan gard på Haukås i Hamre. Sjur Haukås og Utskr. formann Torsheim er sønesønene deira.

5. Mons Monsen, f. 1807.

Det var i trengselåra kring 1814 dei vaks opp desse borna. Dei hadde det ikkje rart. "Me svalt som ravnar" sa han gamle Ivar.
Dei laut ty til bork og høyfrø. Dette vart dei sjuke av. Dei fekk litt småfisk og mjølk. Dette heldt så vidt liv i dei.
Frå 1824 tok sonen, Ivar Monsen styret av garden, men Mons hadde bygslet til han døydde i 1836. Kari levde til 1848.
Ho døydde av "åt" i sida og lei svært vond. (Det var kreft).

Her er ein oversikt over kven som budde på Oppegardsbruket i 1801.
(Opplysningane er henta frå Digitalarkivet)

Førenamn Etternamn Hushaldstatus Alder Sivilstand Yrke Kjønn
Mons Siursen Huusbonde 31 Gift 1. gong Leylending M
Kari Iversdtr. Hans kone 36 Gift 1. gong   K
Iver Monsen Deres børn 4 Ugift   M
Siur Monsen Deres børn 2 Ugift   M
Brite  Monsdtr. Deres børn 6 Ugift   K
Iver  Monsen Mand 75 Gift 2. gong Inderste og vandfør M
Marte Monsdtr. Hans kone 65 Gift 1. gong   K



Til toppen av sida

Niande generasjon 
Ivar, Eldste son til Mons og Kari, gifte seg jonsåkdag i 1823 med Ingeborg Larsdtr. Nedre Eknes, Røysne..
Dei tok då styringa på Oppegard våren 1824.

No var den loven komen at etterkvart som bygsla på offentleg jord gjekk ut, skulle garden seljast. Dei som hadde åsæteretten (Odelsretten) skulle ha fyrste retten til å kjøpa.
Ivar hadde ikkje noko å kjøpe for. Dei styrde då garden på foreldra hans si bygsel så lenge faren levde.
Det var skikk i bygdene her ikring, og visstnok over heile vestlandet, at den unge mannen som skulle setje bu, for ikring i bygda eller i alle høve i næraste grenda og ba om såkorn til den fyrste såinga på garden sin. Dei rekna tre tunner korn til det minste dei måtte ha.
(Ei tunne er 8 skrepper, som er 144 potter, som er 139,1 liter).
Dette kalla dei å be "bustød" eller "busto". Denne skikken heldt seg i Rogaland til omlag 1840.

Bustødmannen var kledd i bestekleda og hadde eit "vitt høyneplagg" som sekk til kornet. Han hadde og med seg ein fattig stavkar som bar ein sekkepose som han ba i til seg sjølv. Bustødmannen var lite øvd i å ordleggja seg og gjerne noko blyg og. 
Mange kunne få såpass korn til bustødet at dei ikkje berre hadde nok til så, men og ei god hjelp til matings. (Det vil sei at dei hadde til husholdninga til dei nådde i fyrste avlinga på garden.).

Det var om våren i 1824 at han Ivar Monsen (Han var i 1870 åra kalla Gamle-Ivar). skulle ta imot styringa av garden. 
I romjula 1824 laut han fara ut å be bustød. Då hadde han god tid til han skulle overta. Dessutan var folk ikkje så knappe på måla slik dei var tidlegare på vinteren.

Trette-afta, den 5. Januar 1824 var han i Nordegardane. Om kvelden kom han med tung sekk nedover Skoddeberget på heimveg.
Då såg han logen slo om husa heime. 
Det kornet han bar då var det einaste dei hadde å ete etter brannen. 
Dei på Oppegard tydde då inn til mora hans Ivar på Røysne. Nokre dagar etter fekk Ivar sitt fyrste barn der. Barnet døydde eit par månader etter.

Det vart tungt for Ivar å ta fatt no. Han hadde bokstaveleg to tomme hender. Hus fekk dei oppatt på den måten at dei fekk høggje nokre stokkar hjå kvar som hadde skog. Dei fekk høggje like nord til Svindal, på Eidsnes og Eikanger. Andre gjekk i dugnad.
(Dvs. at ein eller to frå gardane ikring hjelpte til slik at dei fekk tak over hovudet for folk og fe).
Men det vart berre halvferdig, så dei fekk mykje å stå i med frametter før dei vart hjelpne. 
Ivar greidde aldri å ta seg fram til velstand. Dei arbeidde som maur både han og hans, så dei vart sjølvhjelpne, men det vart ingenting til overs.

Ivar tok opp mange smågjerde. (Dvs. små åkerlappar, helst på jordstykkje som det ingenting vaks før). 
Dei hadde vore seine til å ta til med potetdyrking i Hosanger. I trengselåra omkring 1812 var det ingen på Eknes som hadde nemnande med poteter. Ingen hadde såpass åker at dei tyktes ha råd å ta vekk ein flekk kornåker. Det gjekk endå lang tid før dei lærde å kjenna verdet av poteta. Poteta var rekna meir som høgtidsmat.

Men avlinga med poteter auka, Fleire nye åkerlappar vart tekne opp, og bortimot 1850 åra byrja dei å ta ymse lappar av gamal kornåker til poteter. 
I 1849 kom potetsoppen og la mest all potetavl øyde. Etter det vart dei meir forsiktig med potetdyrking.

Då Mons Sjursen døydde i 1835, gjekk bygslet ut og Ivar Monsen laut anten nytta sin åsæterett (Odel) å kjøpa bruket, eller reisa vekk. Han fekk då låne hjå eit par eldre barnlause folk på Raknes, så han kunne kjøpa bruket. Han fekk skøytet i 1836, utst. av kongen.
Han sat soleis i namnet som sjølveigar, men det vart ikkje betre for han sidan. I 1850 døydde dei gamle på Raknes og pengane vart oppsagde. Ivar fekk ikkje nytt lån. I 1851 let han garden over til versonen (Svigersonen) Lars Jørgensen, mot kår. Han hadde det etter måten betre då. Han bygde ei lita stove i Ospestykkjet. (Der Christer Strømsheim no bur). Der dreiv han på å reida skinn og tente soleis mange år attåt vilkåret.

I 1873 døydde kona, Ingeborg Larsdtr. og gamle Ivar flytte då for godt heimatt i Gamletunet. (Gamletunet var omlag der Tryve Eknes har huset sitt. I dag Elin Mehlgaard. Alle husa på Øvre Eknes stod i ei klyngje der fram til den "store Eldebranden" i 1924).
Huset hans vart kjøpt av han Minst-Ola Jakobsen. Han flytte dei nord på Høgstølen. Etter utskiftinga på Neregard kring år 1902, vart dei flytt nord på Stølastykkjet. Der står dei i dag. Det er eigedomen til Frøknene Visted. I dag i Petter Visted si eiga. I 2005 overtok dottera til Petter Visted dette huset.

Ivar Monsen døydde jonsåk 1881, 85 år gamal. Dei siste åra var han mykje sløv og mintes mest ikkje. Han kjende ikkje att sine neraste, men han var snill og stillfaren som før. Ivar og Ingeborg hadde sju born. to av dei døydde små. Dei andre vart alle vaksne og fleire mykkjeleg gamle.

Borna deira var:

1. Agathe Iversdtr. f. 20. september 1829, g. 24. mars 1851 m. Lars Jørgensen Eknes, Myro Dei fekk Oppegardsbruket.

2. Mons Iversen, f. 22. oktober 1832, g. 5. april 1859 m. pike Signy Johannesdtr. Molvik. Dei fekk rydja seg ein liten gard i Molvikdalen, og fekk seg heim der.
Dei fekk ni born. Alle vart eldre folk.
Sonen Lars Monsen fekk kjøpa plassen, og sonesonen Olai Molvik fekk seg ein knøten gard der. Mons døydde i februar 1926.

3. Kari Ivarsdtr. f. 25 september 1835, g. 1866 m. Mons Olsen Øfsthus. Dei bygsla ei lita jort på Holo, (Øvst på Hosanger). som dei sidan kjøpte. Dei fekk tre søner og ei dotter.
Kari døydde i 1880. Mons i 1890. 
Sonenen deira Ole Monsen, g. m. Brita Ingvaldsdtr. Eknes, Myro, fekk garden. Ole Monsen døydde i 1926. Den einaste attlevande sonen, Magnus tok då over garden.

4. Lars Iversen, f. 13 april 1839, g. 1877 m. Martha Iversdtr. Eikanger, f. Romarheim. Han budde på Nedre Eikanger og døydde der omlag 1920. Dei hadde berre ei dotter, Ingeborg. Ho vart gift med Lars Tollefsen Ytre Eidsnes.

5. Brita Iversdtr. f. 10. mai 1842 g. 1869 m. Ole Olsen Søre Øfsthus. Dei budde på Søre Øfsthus, på "Bakko", og vart mykje gamle folk. Ola vart 81 år, og brita 90 år. Ho døydde februar i 1931.

Til toppen av sida


Tiende generasjon 
Lars Jørgensen, f. 10. april 1842 og Agatha Ivarsdtr. fekk garden i 1851. Lars var frå Myro. Han var son av Jørgen Nilsen og Brita Johannesdtr. f. Åsheim. Lars bygde nye hus på bruket, stelte bra med florshusa og rydda opp fleire jordstykkje på garden.

Han var ellers mykje borte. Dreiv med trearbeide i Bergen. I hans tid vart det nordste utføret på Oppegard teke opp. Lundemyra vart grøfta og Dalsbekkjen vart lagd i kisteveit. Han fekk og laga seg ein pen bærhage. Det var sjeldan i den tida. Han og Jon Eknes var føregangsmenn der.
Lars Jørgensen døydde 9. september 1899. Agatha Ivarsdtr. 17 Oktober 1900. Dei hadde 12 born. De første og det siste døydde nyfødde.

Hine var:

1. Ivar Larsen, f. 13. november 1852, g. 1882 m. Kornelia Hansdtr. Heldal, f. 6. februar 1860.
Dei fekk Oppegard etter Lars Jørgensen.

2. Jørgen Larsen f. 31. oktober 1854 g. 1881 m. enkja Brita Haldorsdtr. Eikanger, f. Gjeitrem. 
Dei budde fyrst på Øvre Eikanger, fekk utskifta garden i 1890 og flytte så til Kalvatræ. Omlag i 1902 let han garden frå seg til stegsonen Sivert Monsen. Då kjøpte han Neregardsjorda på Eknes, der Jørgen Askildsen budde. Garden selgde han sidan og heldt att halve utmarka der han rydja seg ny jord. Eikvoll kalla.
Dei hadde to søner. Utskreven formann Lars, Hønefoss, og Mons, Amerika.

3. Brita Larsdtr. f. 17. oktober 1856 g.m. Berge Olsen Tveiten. Dei budde omlag 40 år i Bergen. Der jobba han som bygningsmann, og eigde hus. I omlag 1920 flytte dei til Ytre Eide. Der hadde dei ein pen heim. Berge rydda seg ei lita jord der.
Kortid  Berge døydde veit eg ikkje men det var i allefall etter 1929. Brita døydde i 1937.
Dei hadde sju born. Severin, utskr. landmann. Synneva. Ole, Ingeniør i Tacoma, USA. Lars, kontormann, Agatha, Magnus, Ingeniør og Ingeborg.

4. Nils Larsen f. 19. november 1858, g. 1882 m. Anna Haldorsdtr. Eknes, Røysne
.
Han var lærar frå 1877 til 1925. Han var eit år på Bømlo, fem år i Kirkebø, eit og eit halvt år i Hamre, tre år i Holmsbu og 38 år ved Vaksdal bruksskule. Han var og ordførar 14 år i Bruvik. Han tok avskil grunna sjukdom i 1925. Døydde på Eknes september 1927.
Dei hadde 11 born. Av desse vart 8 vaksne.

5. Ingeborg, f. 4. november 1860, d. av difteri i juni 1862.

6. Ingvald, f. 29. oktober 1862 g. 1883 m. Ingeborg Jacobsen frå Bergen. Ingvald var bygningsmann i Bergen. Han døydde i 1935.
Dei hadde to døtre. Agatha Olsen og Bertha Høye, sistnemnde g.m. fullm. Høye.

7. Johannes, f. 5. oktober 1864, gift fyrste gong i 1887 med Marta Larsina (Sina) Andersdtr. Herland. Ho døydde i 1902.
Andre gongen med Tea Beate Olsen Langlo frå Stranda, Sunnmøre. Ho døydde 4. mars 1930.
Dei hadde ei stund bruk nr. 9 på kaien i Eknesvågen. 
Johannes og Sina hadde fem born.

   1. Lars, f. 1888, budde i Italia.
   2. Anders. f 1890, reiste til  New-York i 1917. Då var han gift.
   3. Signy, f. 1892, i Italia hjå Lars.
   4. Sigurd, f. 1896, i Broklyn.
  
5. Arthur, f. 1898, adoptert av nr. 9, Askild (Onkelen).

8. Brita d.y. (Den yngre) f. 27 desember 1866. Døydde i 1935, g. 1894 m. Lars Andersen Kleppe. Døydde også i 1935.
Dei hadde to born.
Anders gift og budde i Bergen.
Agathe g.m. ein Karvold i Salhus.

9. Askild, f. 9. november 1868, g. 1891 m. Helene Søndenaa frå Stangeland ved Koparvik. Dei hadde ein adoptivson, Arthur. Han budde i Valencia i Spania.

10. Synneva, f. 8. september 1871. Ho døydde av blodforgiftning 7, november 1887.

Her er folketeljinga frå 1865.
(Opplysningnae er henta frå Digitalarkivet.)

Husholdning Fornamn Etternamn Familiestatus Yrke Sivilstand Alder Kjønn Fødestad
                 
1 Lars Jørgensen Husfader Grdb. Sjølveigar G 43 M Hosanger Prgj.
  Agathe Ivarsdtr. Hans Kone   G 37 K Hosanger Prgj.
  Ivar Larsen Deres Søn   Ug. 14 M Hosanger Prgj.
  Jørgen  Larsen Deres Søn   Ug.  12 M Hosanger Prgj.
  Britha Larsdtr. Deres Datter   Ug. 10 K Hosanger Prgj.
  Nils Larsen Deres Søn   Ug. 8 M Hosanger Prgj.
  Ingvald Larsen Deres Søn   Ug.  4 M Hosanger Prgj.
  Johannes  Larsen Deres Søn   Ug. 2 M Hosanger Prgj.
2 Ivar Monsen Hans Svigerfar Føderaadsmann G 70 M Hosanger Prgj.
  Ingebjørg  Larsdtr. Hans Kone   G 61 K Hosanger Prgj.
  Britha Larsdtr.   Tjenestepige G 23 K Hosanger Prgj.
  Lars Ivarsen Deres Søn Bordarbeider G 27 M Hosanger Prgj.

Det står at det er to husholdningar på Oppegardsbruket. Om det har vore eit kårhus, eller om dei har budd i same huset som hine, veit eg ikkje.
Dei hadde 8 stort kveg (kyr og eller hest), 11 får. Dei sådde det året 2,5 tunne havre og 4 tunner poteter.
(1 tønne = 4 fjerdinger = 8 skjepper = 144 potter = ca 140 liter)

Her er folketeljinga frå 1875.

Hus
hold
Fornamn / Etternamn   Kjønn Hush. status Yrke Siv. st. F. aar Fødested
1 Lars Jørgensen   M Husfader Gaardbruger og snedker G 1823 Hosanger
  Agathe Jørgensdtr.   K Hans fru   G 1829 Hosanger
  Ivar Larsen   M Søn Hjelper med gaardsarbeidet Ug 1852 Hosanger
  Jørgen Larsen   M Søn Hjelper med gaardsarbeidet Ug 1854 Hosanger
  Britha Larsdtr.   K Datter Hjelper med gaardsarbeidet Ug 1856 Hosanger
  Nils Larsen   M Søn   Ug 1858 Hosanger
  Ingvald Larsen   M Søn   Ug 1859 Hosanger
  Johannes Larsen   M Søn   Ug 1864 Hosanger
  Britha d.y. Larsdtr.   K Datter   Ug 1866 Hosanger
  Askild Larsen   M Søn   Ug 1868 Hosanger
  Synneva Larsdtr.   K Datter   Ug 1871 Hosanger
  Ivar Monsen   M Husmoderens far     1796 Hosanger

Dei hadde den gongen fire kyr, to kalvar, 12 sauer og lam og tre geiter.
Dei sådde det året to tønner havre og fem tønner poteter.

Til toppen av sida

Ellevte generasjon
Ivar Larsen og Kona Kornelia Hansdtr. Heldal. tok garden i 1888, mot kår til foreldra. Då Ivar dreiv som bygningsmann i Bergen, budde dei der til omlag år 1900.
Dei fleste borna er fødd i Bergen.

Etter panteboka har ikkje Ivar fått skjøte på garden før i 1899. Det er tinglyst 5. april det året.
Ivar fekk garden utskift. Utskifting over innmarka vart avhalden 25. april 1892 og utmarka 19. april 1902. Han fekk då sin gard lagt nedst på Øvre Eknes. Han flytte husa ned der og bygde nytt.

Der var mykje urydda jord og han laut difor rydda mykje før han fekk skikk på garden.
Han tok og opp noko utmark. 
Den nye vegen til Eide vart lagt tvers gjennom eigedomen hans, både på inn- og utmark.

Nokre bilete frå den tida.

Bileta er lånt ut av Kåre Eknes


Klikk for større bilete


Klikk for større bilete


Klikk for større bilete


Klikk for større bilete


Ivar Larsen døydde i 1937. Kornelia i 1949. 
Ivar og Kornelia hadde 12 born. to døydde små, men ti vart vaksne.
Dei var:

1. Lars, f. 19. september 1887, g. 1907 m. Lærarinna Kristina Foss frå Sogndal. Han var utskr. form. i Vestfold. Dei hadde ei dotter, Emma.

2. Hans, f. 27. august 1886, g. 14. mars 1931 m. Inga Olsdtr. Borge, Haus. (Gjerstad). Dei fekk garden, tinglyst 1. mars 1930.

3. Elida, f. 17. februar 1889, g.m. Landhandlar Lars Ekanger. Budde først på Indre Eide. Sidan på Fjellskålnes.

4. Sverre, f. 5. juli 1890. Budde i Amerika. G.m. Gunhilde Brocke frå Telemark. Dei gifte seg i Amerika.
Han døydde der i 1966.

5. Johanne, f. 13. mars 1893. Sjuk, nervesvak helse.

6. Agate, f. 27. oktober 1894. Sinnsjuk. Forpl. ved Valen. Flytte sidan til Eknes.

7. Ingolf, f. 4. februar 1896, d. 21. september 1925. Tuberkulose.

8. Leif, f. 10. april 1897. Amerika. Han reiste til Alaska 16. mars 1927. Seinare til Seatle. Kom heimatt til Eknes 10. Januar 1932.
I 1939 gifte han seg med Randi Larsen frå Opheim, Voss. 
Dei budde på Indre Eide og hadde ei stund landhandel der på kaien.
Dei var bornlause, men hadde eit adoptivbarn, Anne lise, f. 1947. g.m. Harald Lind. Bur i Åsane.
Leif døydde i 1986.

9. Trygve, f. 6. Mai 1898. g. 1940 m. Gunvor Julianna Mjøsund, Egge. Trygve dreiv med sylvrev al på Eknes.
Dei fekk to born.
Kåre Christian, f. 1940. Sjømann. Gifte seg med Inger Bjørnstad, Kragerø. Budde der ei stund. Vart skild. Ei dotter.
Gift andre gongen på Fillipinene. Budde der nokre år. Skilt. Eit barn, Karl Anton.
Elin f. 1949, g.m. Olav Melgård frå Kongsvinger. Dei bur i Bergen. Fleire born.
Dei har overtatt huset til faren og mora på Eknes.

10. Einar, f. 18. januar 1902, d. 29 juli 1923. Hjertefeil.

Opplysningar frå folketeljinga år 1900

Hushold Fornamn Etternamn Kjønn Busett Sedvanleg bustad Midlertidig bustad Familie stilling Sivilstand Yrke Fødselsår Fødselstad
1 Ivar  Larsen Eknæs M F   Bergen Hf G Gaardbruker og Byggmester 1852 Hosanger
  Kornelia Larsen Eknæs K B     Hm G Gaardmandskone 1860 Hosanger
  Hans Ivarsen Eknæs M Mt Amtskolen i Eikangervaag   S Ug Søn 1886 Bergen
  Elida Ivarsdtr. Eknæs K B     D Ug Datter 1889 Bergen
  Sverre Ivarsen Eknæs M B     S Ug Søn 1890 Hosanger
  Johanna Ivarsdtr. Eknæs K B     D Ug Datter 1893 Bergen
  Agatha Ivarsdtr. Eknæs K B     D Ug Datter 1894 Bergen
  Ingolf Ivarsen Eknæs M B     S Ug Søn 1896 Bergen
  Leif Ivarsen Eknæs M B     S Ug Søn 1897 Bergen
  Trygve  Ivarsen Eknæs M B     S Ug Søn 1898 Bergen
  Helena  Monsdtr. Svindal K B     Tj Ug Tjenestepige Gaardsarbeid og Kreaturstell 1872 Lindaas
  Bertha  Modsnæs K B     Tj Ug Tjenestepige Husholdningsarbeid 1877 Lavik

Som ein ser her er ikkje foreldra til Ivar Larsen med her. Dei var døde då. Som ein og ser er det kun Sverre Ivarsen Eknæs som er fødd i Hosanger. Antakelegvis har dei vore heime ei stund då.

Eg legg til at dei hadde i år 1900: Korn og poteter, Storfe, Høns, Kjøkkenhage og frukthage.

På Oppegardsbruket var det ein til husstand ei stund.
Det var Johannes Larsen Eknes og huslyden hans. Johannes var bror til Ivar.
Om dei budde i eige hus, eller budde same huset som Ivar, veit eg ikkje.
Det var i allefall to husstandar på dette bruket i år 1900.


 

Hushold Fornamn Etternamn Kjønn Busett Midlertidig bustad Familie stilling Sivilstand Yrke Fødselsår Fødselstad
1 Johannes L. Eknæs M F Bergen Husfader G Handelsagent 1864 Hosanger
  Sina Eknæs K F Bergen Husmoder G Husmoder 1865 Hosanger
  Lars Eknæs M B   S Ug Søn 1888 Bergen
  Anders Eknæs M F Herland i Hosanger S Ug Søn 1890 Bergen
  Signy Eknæs K B   D Ug Datter 1892 Brrgen
  Sigurd Eknæs M B   S Ug Søn 1896 Bergen
  Arthur Eknæs M B   S Ug Søn 1898 Bergen

Johannes var byggmester og agent av yrke. Dei budde i Bergen fram til 1899. Då flytte dei til Eknes. Der budde dei til omlag 1906, då flytte dei att til Bergen.


Tolvte generasjon
Hans Ivarsen Eknes, f. 27. august 1886, g. 14. mars 1931 m. Inga Olsdtr. Borge Gjerstad, Haus, f. 20. Juli 1897.
Den 20. Januar 1930 fekk Hans Iversen skøyte på Oppegardsbruket. Foreldra hans tok då kår.

Nokre bilete frå den tida:

Bileta er lånt ut av Kåre Eknes


På dette biletet stod det: "Vinter på Eknes.
Her kommer Hans med hesten". Omlag 1915.

Klikk for større bilete





Klikk for større bilete


Dette biletet er tatt i Kvernhusvika.
Nedst: Trygve Eknes. I midten Hans Eknes. Øvst: Veit ikkje.

Klikk for større bilete


Klikk for større bilete

Dei fekk eit barn:

Ivar Ole Eknes, f. 9. Januar 1932. døydde ugift 22. desember 1988.
Han jobba nokre år i Bergen. Seinare dreiv han som skytebas.
Ivar var ugift og bornlaus. Han døydde av hjartesvikt 22. desember 1988.

Der budde og ein "dreng", Olav Haugsdal der, f. 1905, d. 1991.
Han vart kalla "Ola dreng".
Blant borna i bygda vart han kalla "Ola Brumm".


Trettande generasjon
Inga Amalie Eknes, f. 1897, d. 1990, fekk garden ette mannen sin, Hans I. Eknes.
Garden var heller vannstelt under hennas tid.
Våningshuset og florshusa fekk dårleg stell. Florshusa heldt på å ramle ned. Ho fekk då skifta noko kledning og tak.
Det var sonen Ivar som ordna med det.


Fjortande generasjon
Jorun Borge, f. 29. april 1944, sambuar med Ansgar Sletten, f. 31 august 1926.
Jorun er frå Haugsvær i Masfjorden. Ansgar er frå Bjørnekletten, Masfjorden.
Jorun overtok Oppegardsbruket i 1990.
Jorunn og Ansgar har fått god skikk på bruket.
Dei har ordna bygningane og rydja jorda oppatt.
Pr. 2003 driv dei med sau på garden.

Jorun har to born frå før. Desse er:

1. Jan Kåre Borge, f. 1965. Gift 1990 med Toril Langeland, f. 1970. Bur i Vangdal i Kvam.

2. Bjørn Ingvar Borge, f. 1970, pr. 2000 ugift og bur på Eknes. Går på høgskulen i Bø.

3. Ingeborg Sletten Borge, f. 1981, pr. 2000 ugift, bur på Eknes. Går på Solborg folkehøgskule.

Til toppen av sida   

 

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net