GJESTGIVERI  I  EKNESVÅGEN

Av Askild Eknes.
Opplysningar samla på ein plass av Arild Myhr.
Folketeljingane er funne på digitalarkivet.

Fyrste gongen plasset i Eknesvåg under Indre Eidsnes er nemnd var i 1741.
Då vart ein Elling Olsen Birkeland, f. 1713 gift med jenta Ingeborg Larsdtr. Eikanger. Dei fekk plasset. I vågen er det jamnt skrive.
Truleg har han vore fyrste mannen der.

Fraa tinget paa Eide 14/7 1706 for Eikanger skbrd. – var spurd um der var handelsbuer i skibredet. ”Om kremmerleyere forklarede almuen at udj dette skibrede har aldri vert noget Kremmer – eller Borgersæde, ikke heller her ennu, ei heller gjøres nogen fornøden til nøtte eller gavn for almuen”.

Paa tinget paa Hosovde 16/7 1706 for Hos. skbrd. er same spurnad og same svar.


Eigarar og bygselmenn av gjestgiveriet i Eknesvågen:
Elling Olsen 1741 - 1753 Ole Sjursen 1791 - 1809 Systrene Ingeborg og Maria 1867 - 1918
Mons Andersen 1753 - 1769 Magne Olsen 1809 - 1838 Kjøpmann Blauw 1918 -
Sjur Rasmussen 1769 - 1791 Lars Olsen 1838 - 1867    


Fyrste generasjon:
I 1741 vart ein Elling Olsen Birkeland f. 1713, gift med Ingeborg Larsdtr. Ekanger, og dei fekk plasset Eknesvaag under Indre Eidsnes. ("I Vaagen" er det jamt skrive.)
Truleg har han vore fyrste mannen der.
Eknesvågen er ikkje nemd før i kyrkjebøkene.
I 1748 har presten døypt "It barn" for Elling i Eknesvågen. Han var då 39 år gamal. Barnet døydde same året.
I 1752 døydde Elling.
Ingeborg vart då oppattgift med enkemann Ole Jakobsen Dale, Hamre.
Ho flytte då med han til Dale.

Andre generasjon:
I 1753 fekk Mons Andersen Totland skøyte på "købmandsstuen i Eknesvaagen med fæstet grund" for 135 riksdaler.
Som namnet seier, var han frå Totland. Der eigde han "Jo Bruket". Han selde halve jorda og bygsla bort resten til Jon Knudsen, Ytre Eide då han kjøpte i Eknesvågen.
Mons, f. 1691, gifte seg i 1725 med Randi Johannesdtr. Tufte. Ho var syster til Agate Johannesdtr. Nedre Eknes, Jakobsluten.
Truleg dreiv han litt handel, i alle høve dreiv han ølhandel.
I 1756 vart det på tinget på Eide fastsett ei avgift på 1 rbd. for ”Øltapperiet” i Eknesvaag.
I 1760 søkte han om å sleppa skatten.
Det heiter:

”Mons Andersen Eknesvaag har siden 1753 beboed kjøbmandsstuen i Eknesvaagen med Øltapperiet der.” No var han sjuk og 70 aar gl. og hadde det siste aaret slutta"

Mons var lite helsesterk. Dei var bornlause.
Randi døydde i 1773, Mons i 1776.
Dei har seldt plasset i 1769. Kvar dei budde sidan, veit eg ikkje.

Tredje generasjon:
I 1769 fekk Sjur Rasmussen Ytre Eidsnes kongeleg løyve til å halde "kroe og giestgiveri i Ecknesvaagen paa vilkaar av at det ingen fylderi eller lediggang frister til"
Han dreiv bra han Sjur.
Skiftet syner at han har tent bra.
Han eigde 700 rbd. 46 mann frå Mo til Hamre og nord i Londås var skuldige frå 10 dlr. til 1 mark, mest for korn og salt.
Han eigde gard på Totland, verdsett til 40 dlr. og ein på Bjørndal til same verde.
I 1760 vart han gift med jenta Anna Olsdtr. Jordal, f. 1730.  Ho døydde på barselsseng i 1777.
Dei hadde desse borna:

1. Rasmus, f. 1761, d. 1828. G. 1783 m. Botilla Jonsdtr. Totland. Dei budde på Totland.

2. Agate, f. 1764, d. 1840. Døydde ugift på Holo.

3. Ole, f. 1766. Han fekk plasset etter foreldra.

4. Mons, f. 1769, d. 1835. G. 1794 m. Kari Iversdtr. Eknes, f. 1764, d. 1848. Dei budde på Øvre Eknes.
Dei fekk Oppegardsbruket etter foreldra hennar.

5. Randi, f. 1772. G. 1792 m .Sjølveigar Johannes Olsen, Bjørndal.
Johannes Olsen dreiv tømmerhandel, "var tingingsmann", førde tømerflåter frå Voss til Bergen.
I 1798 gjekk han falitt, og garden vart seld.
I 1801 heldt dei til i Eknesvågen, men har sidan flytt ut av bygda.

Sjur Rasmussen gifte seg att i 1777 med Brita Andersdtr. Ho var enkja etter ein Nils Andersen Myr.
Sjur døydde i 1814, Brita i 1803.


Fjerde generasjon:
Omlag 1791 har Ole Sjursen, f. 1761, G. 1791 m. Kari Johannesdtr. Indre Eidsnes, fått plasset mot kår til foreldra hans. Det gjekk ikkje så bra. I 1808 gjekk han falitt. Gjelda var på 759 dlr. 1 mark, 12 sk.
Kari må ha døydd omlag 1809.
I 1811 gifte han seg oppatt med enke Kari Nilsdtr. Hammersland, Sandvik i Samnanger.
Etter dette flytte han til Ask i Nordhordland med lyden sin. Deretter budde han på Hammersland i Fana til 1831.
Kari Johannesdtr. og Ole Sjursen hadde desse borna:

1. Anna, f. 1792. G. 1817 m. Anders Ivarsen Birkeland, Fana. Budde på Birkeland.

2. Sjur, f. 1794. G. 1820 m. Brita Andersdtr. Grimstad, Fana. Budde på Grimstad.

3. Johannes, f. 1796

4. Anna, f. 1797, d. 1798.

5. Anna, f. 1799.

6. Kari, f. 1801, d. 1801.

7. Kari, f. 1802.

8. Ole, f. 1809.

Alle desse er fødd i Eknesvågen.

Husa var den gongen:
1. En stuebygning, bestaaende av 2 stuer med kakkelovn.
2. En sengebod med sval og gang.
3. Tvende nøster.
4. Et ildhus samt en skore.

Gjestgiveriet med påstående hus vart ved offentlig auksjonsforretning seld.

Her er kva som stod i folketeljinga frå 1801.

Fornamn Etternamn Hushald status Alder Sivilstand Yrke Kjønn
Ole Siursen Huusbonde 35 Gift 1. gang Privelegeret øltapper M
Kari Johannesdtr. Hans kone 35 Gift 1. gang   K
Siur Olsen Deres søn 7 Ugift   M
Johannes Olsen Deres søn 5 Ugift   M
Anna Olsdtr. Deres datter 9 Ugift   K
Anna Olsdtr. Deres datter 2 Ugift   K
Siur Rasmusen Huusbonde 75 Gift 2. gang Jordløs huusmand M
Brite Andersdtr. Hans kone 74 Gift 2. gang   K
Johannes Olsen Sviger søn 36 Gift 1. gang Dagleyer M
Randi Siursdtr. Hans kone 28 Gift 1. gang   K
Siur Johannesen Deres søn 9 Ugift   M


Femte generasjon:
Det var Magne Olsen Svindal som kjøpte plasset på auksjon i 1809. Han var fødd på Svindal i 1752. Foreldra var Ole Eriksen Svindal og Aasa Helgesdtr. frå Vassel.
Faren, Ole Eriksen var rekna for leder i strilekrigen i 1765. Det vart prova at han tol amtmannen Cicignon, soleis at han rende tommelfingeren inn i flabben på han og reiv elles distingsjonerne av munduren hans.
For opprør og håndspåleggelsse på den høge øvrighet vart han dømt til døden i 1768, men vart benåda til livsvarig slaveri, og det laut han lida.
Kona hans døyde i 1777.

Magne Olsen Svindal gifte seg fyrste gongen med Anna Ivarsdtr. Aasgard, ei halvsyster til Ivar Bergesen Aasgard, godfar til statsråd Sælen.
I det ekteskapet fekk dei to søner. Dei var:

1. Ivar Magnesen Svindal. Han fekk garden på Svindal.

2. Ole Magnesen, f. 1783. Han var fyrst skulehaldar, vart så gift med gardjenta Anna Eriksdtr. Indre Eidsnes. Dei fekk garden på Eidsnes etter Ole Larsen, far til Anna.
Ole var ein vyrd mann. Soleis frå 1827 medhjelpar i Hosanger.

Anna Ivarsdtr. døydde i 1783.

Sidan vart Magne gift tre gonger, men alle desse ekteskapa var barnlause.
Desse konene var:
1. Gift omlag 1783 med Enke Lisbet Iversdtr. Svindal. D. 1797.

2. Gift 1798 med Enke Marta Monsdtr. Hole, fødd 1743 i Dale i Hamre. D. 1817.

3. Gift 1819 med Maria Olsdtr. Bjørge.

Magne Olsen stod seg bra, men noko rikdom vart det ikkje av handelen i Eknesvågen.
Som tidlegare nemt  døydde Magne Olsen i 1838.
Då gifte siste kona hans, Maria Olsdtr. Bjørge seg oppatt med Lars Olsen Rydland, Seim.
Dei flytte då til Rydland.

Sjette generasjon:
Dei siste leveåra hadde Magne Olsen Svindal ein dreng, Lars Olsen Essem. Han gifte seg i 1838 med Lisbet Olsdtr. Indre Eidsnes. Ho var sonardottera til Magne.
Då fekk dei plasset i Eknesvågen.
Lars Olsen Eknesvaagen, kallast han for, frå 1838, og er fram til 1848 titulert gjestgiver. I 1850 og sidan er han titulert plassmann.
I omlag 1849 vart avgifta for brennevinhandel auka til 100 dalar, og då sa han frå seg retten til å selja brennevin. Då fall vel hin handelen bort av seg sjølv.
Brennevinsutsalget på Bernestangen hadde tevla ut Eknesvågen.
Lars og Lisbet hadde desse borna:

1. Ingeborg, f. 1840. Ugift. Drukna i eit båtforlis i Eknesvågen i 1918.

2. Maria, (Maia) f. 1843. Ugift.

3. Anna, f. 1845. G. 1870 m. bygningsmann og ungkar Mons Magnesen Svindal. Dei budde i Bergen. Anna døydde i 1898.

4. Ole d.e. f. 25. april 1848. Gift første gong med ei frå Sogndal. Gift andre gong med Larsine Nilsdtr. Øfsthus.
Då morbroren Magne Eidsnes var barnlaus, fekk han Ole, som næraste odelsbåren, garden på Eidsnes.
Før det budde dei ei stund i Bergen.

5. Ole d.y. f. 1850. Gift to gonger. I siste ekteskapet hadde han fleire born. Dreiv ei tid som byggmester i Bergen.
Døydde i 1920.

6. Magne, f. 1860. Gift to gonger. Budde ei stund i Bergen Reiste til Amerika i 1886. Jobba som postmann i Det Kvite Hus i Washington.

Lars i Vågen døydde i 1867, Lisbet i 1901.

Her er kva som stod i folketeljinga frå 1865

Hush. Fornamn Etternamn Fam. status Yrke Siv. st. Alder Kjønn Fødested
1 Lars Olsen Husfader Husmand med jord, Gjæstgiver G 62 M Hosanger
  Elisabeth Olsdtr. Hans kone   G 49 K Hosanger
  Ole Larsen d.e. Deres søn Hjælper med jordbruget Ug 18 M Hosanger
  Ole Larsen d.y. Deres søn Hjælper med jordbruget Ug 16 M Hosanger
  Magne Larsen Deres søn   Ug 6 M Hosanger
1 Lars Olsen Logerende Bygningsmans G 28 M Hosanger
  Martha Mathiasdtr. Hans kone   G 31 K Hosanger
  Oline Larsdtr. Deres datter   Ug 2 K Hosanger
  Ingebjørg Larsdtr. Logerende Skrædder Ug 34 K Hosanger

Dei hadde den gongen fire kyr, 10 sauer og 2.5 tunner så- poteter.


Sjuande generasjon:
Det var systrene Ingeborg og Maria (Maia) Larsdøttre som overtok plasset i Eknesvågen etter foreldra deira.
Antakelegvis då faren døydde i 1867.
Ingeborg drukna ved eit båtforlis i Eknesvågen i 1918.
Maria dreiv med skreddarsaum.
Då Maria vart åleine flytte ho til Hole, der ho døydde i 1925.
Her er kva som stod i folketeljinga frå 1900.

Hush. Fornamn Etternamn Kjøn Bosatt Fam. st. Siv. st. Yrke F. år Fødested
1 Elisabet Olsdtr. Eknesvaag K B Husmoder Enke Pladsmandsenke 1817 Hosanger
  Ingebjørg Larsdtr. K B Datter Ug Tjenestepige 1840 Hosanger
  Maria Larsdtr. K B Datter Ug Tjenestepige 1843 Hosanger

Dei hadde kyr, korn og poteter det året.

Åttande generasjon:
Då Maria flytte, mest sannsynleg i 1918, selde ho plasset til kjøpmann Blauw i Bergen.


Slik ser plasset ut i dag.

Bilete tatt av Arild Myhr.


Mars 2004.
Her kan me skimta uthuset i bakgrunnen.
Naustet til venstre.
Bilete tatt frå nord - aust

 


August 2004.
Bilete tatt frå Eiknesvågen