Christian IV 1588 - 1648

Under Christian IV kom Danmark-Noreg inn i to krigar om hegemoniet i Norden. 
Den første var Kalmarkrigen. 1611 - 1613. 
Christian IV begynte den, m.a. på grun av striden med Sverige om Finnmark. Dessutan utfordra svenskekongen, Karl IX han ved å byggja Göteborg. Det norske forsvaret var dårleg, så svenskane sine skotske leietroppar tok vegen gjennom Romsdalen og Gudbrandsdalen. Dei vart likevel hogde ned av bøndene ved Kringen ("Skottetoget" - Sinclair 1612).
Krigen slutta med at Sverige gav opp krava om Finnmark, men elles vart ikkje forholdet mellom Sverige og Danmark-Noreg endra. 

Christian IV var nok ein interessert styrar, men ingen stor statsmann. Han tok seg mykje av næringslivet, mest for å skaffa staten inntekter. Noreg såg han på som "mulighetenes" land og grunnla jernverk (Bærum, Fossum), sølvverk (Kongsberg (1624) og koparverk (Kvikne, Røros 1644). Han bygde vidare opp Kristiania 1624, og grunnla fleire byar, både i Noreg og i Danmark. Han oppretta dessutan handelskompani (Islandske og Ostindiske).
Christian IV la store byrder på folket ved ei unyttig bygging av slott. Ved sida av dei dyre krigane hans bidrog det til å svekka økonomien i Danmark-Noreg.

I 1625 blanda Christian IV seg inn i Trettiårskrigen, men vart slått av Tilly. Han kalla saman stenderforsamlingane for å reisa nye skattar. I Noreg oppretta han i 1628, med stenderforsamlinga si hjelp, ein norsk landmilits (folkehær), som imidlertid snart forfall att. Men militsen vart gjenoppretta i 1641. No fekk Noreg ein dyktig statthaldar i Hannibal Sehested. Han tok seg ivrig av landet og ville at inntektene skulle nyttast i Noreg og ikkje førast til Danmark som før. Under sitt virke fekk han gjort ein god del for næringslivet og samferdselen.(anla vegar, postvesen, støtta bergverka osb.), men mest gjorde han for forsvaret og krigsvesenet med hjelp frå stendene. Store delar av statsinntektene gjekk til landsmilitsen, til festningsarbeid osb.

Sverige hadde vorte ei stormakt etter innsatsen i Trettiårskrigen. Christian IV forsøkte å hindra Sverige sin framgong på mange måtar. Dette resulterte i m.a. krigen som i Noreg vart kalla "Hannibalsfeiden" etter Sehested (1643-45) Krigen gav Sverige heilt avgjort hegemoniet i Norden. Det var Axel Oxenstierna som leia Sverige sin politikk. General Lennart Torstenson angreip Danmark rå sør.Danmark-Noreg forsvarte seg godt, men måtte likevel slutta ein audmjukande fred på Brømsebro i 1645. Her vart Øsel og Gotland avstått frå Danmark, Halland for 30 år. Noreg missa Jemtland og Herjedalen, Idre og Särna. Svenske skip skulle passera Øresund tollfritt.

Det vart vanskeleg for Christian IV dei siste åra. Adel og riksrådet gjekk imot han fordi han prøvde å gripa inn i maktområda deira. Sonen hans vart vald til tronfølgjar, men døydde før faren. Ein yngre son, Fredrik, skulle veljast, men for å få han vald, gav faren etter overfor riksrådet. Valet vart likevel ikkje avgjort då Christian IV døydde i 1648.

Tilbake

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net