ØVRE ELLER INDRE EKNES

Hosanger: G.nr 63.     Lindås G.nr. 238 B.nr. 21 og 52

Namn på bruk: UTEN NAMN

Utskild frå bruk nr. 4, Myro
Første eigar: Henrik Guldbrandsøy.
Bruk nr. 21 tinglyst: 22. mai 1979.
Bruk nr. 52 tinglyst: 02. desember 1977.

Henrik var frå Guldbrandsøy. Far hans dreiv som fiskar der. I 1932 gifte han seg med Karen Halsteinsdtr.
Dei dreiv Handelshus i Eiknesvågen.
Karen har og vore eigar av bruk nr. 23 på Neregard.
Ho er og eigar av bruk nr. 92 på neregard

Henrik døydde i 1982. Kona hans Karen døydde i 2004.
Ho var sine siste leveår på sjukeheimen i Knarvik.

Ein Hammershaug leigde der nokre år. Han jobba hjå Georg Eknes Industrier.

Henrik og Karen har desse borna:

2. Gunnar Johan Guldbrandsøy, f. 1940, g. ???? m. Judith J. Holsen, Lindås, f. 1942. Bur på Tertnes. Tre born.
Dei har hytte på Eknes. Sjå bruk 49 på Oppegard.

3. Anne Lise, f. 1941, g. ???? m. Odd Ingvar Jordal, Lindås, f. 1939. Bur på Landås. Fire born.
Anne Lise og Odd Ingvar har hytte på Eknes. Sjå bruk 57 på Oppegard.

4. Finn Henrik, f. 1947, g. ???? m. Tove Renate Staven, Trondheim. Bur på Eknes. Sjå bruk 74 på Neregard.

5. Erling, f. 1950, g. ???? m. Elin Nesse, Hundvin. Bur på Eknes. Sjå bruk 51
på Oppegard.
 
Andre eigar: Karen Guldbrandsøy.
Tinglyst: 05. mars 2004.
 

Tredje eigar: Rune Guldbrandsøy.
Bruk nr. 21 og 52 tinglyst: 05. mars 2004.

Rune, f. 1975 er son til Erling og Elin Guldbrandsøy. Sjå bruk 51 på Oppegard.
Rune er sambuar med Anne Marie Hellesøy.
Rune og Anne Marie har desse borna:

1. Ein gut, f. 2003.
 

Bilete:  Arild Myhr.


November 2003
Bilete tatt frå sør

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net