ARNE BJØRNDAL
Spelaren, songaren og innsamlaren.
1882 - 1965

 

Opplysningane er henta frå:
 
Hosanger Ættebok, bind 1, del 2.

Soga om Eknes av Askild Eknes.

UiB sine internettsider.

Div. leksikon.

   

 

Arne Bjørndal er fødd i Klubben i 1882.
Omlag 1880 flytte dei til Eknes, Klubben og overtok husa til onkelen til Arne, som reiste til Amerika med lyden sin.
Far til Arne var Gbr. og bygningsmann Peder Monsen Bjørndal. Mora var Kari Knudsdtr. Nordås.
Dei hadde gard på Bjørndal fram til 1880. Peder dreiv som bygningsmann i Bergen.
I omlag 1896 flytte dei til Bergen.
Peder Monsen døydde i 1904, berre 55 år gamal. Kari Knudsdtr. døyde i 1930, 83 år gamal.

Far til Arne dreiv også som felemakar. Det var han som laga den fyrste fela åt Arne. Med den fela vann han fyrste premie på Kappleik i Vestmannalaget, berre 18 år gamal.
Arne var berre 14 år gamal då han spela til bryllaup. Sidan har han spelt i over 500 bryllaup.

I omlag 1906 Begynte Arne å samla inn hardingfeleslåttar, og dette heldt han på med i bortimot 50 år. Han reiste rundt alle stadar der hardingfela var tradisjon på leiting etter materiale.
Han har samla omlag 2000 slåttar frå Hallingdal, Numedal, Telemark, Setesdalen, Hordaland , Sogn og Fjordane.
I 1911 fekk han eit statsstipend for arbeidet med dette.
Han har publisert ei stor samling med hardingfeleslåttar, som inneheld over hundre forskjellige slåttar. Men dette var berre ein brøkdel av det han hadde samla.
Arne Bjørndal var ein meget anerkjent hardingfelespelar.  Han gjekk bl.a. i lære hjå Ola Mosafinn og Sjur Helgeland.
Han har gjeve over 1000 konsertar forskjellige plassar rundt i Noreg.
Han var også ei stund leigd inn som solist i hardingslått i Philharmonic Society i Oslo, Harmonien Musical Association  i Bergen og Sverige.

Arne Bjørndal arbeidde også aktivt i mange forskjellige hardingfele- organisasjonar.
Han var styreleiar i Landslaget for spelemenn frå 1925 til 1936, og såleis vorte nasjonalkjend.
Han har også gitt ut fleire bøker som Ola Mosafinn i 1922, Ole Bull og norsk folkemusikk og Hardingfela i 1952.
Han har og oppgjennom åra skreve eit utal med artiklar om norsk folkemusikk i ymse tidsskrifter og aviser.

I tillegg til å samle inn musikk har han også samla mykje informasjon om dette.

Arne Bjørndal dreiv også og fotograferte. Han tok bilete av seg sjølv og samla inn foto frå folkemusikkmiljøet. Portretter,  folkedrakter, bilete frå stemner osv.

I 1950 gav han heile samlinga si til UiB. (Universitetet i Bergen).
Samlinga ber namn etter Arne Bjørndal og inneheldt lydopptak, video-opptak, manus med opplysningar om folkemusikk, avisutklipp, m.m.

Det er mogeleg å sjå desse samlingane i Bergen.
Besøksadresse er:

Nygårdsgt. 8
5015 Bergen

Telefon: 55 58 94 27
Faks     : 55 58 23 57

Ein må ringje og avtale på førehand.

Arne Bjørndal fekk også mange utmerkingar. Her kan me nemna:
Riddar av St. Olav, 1. klasse.
Han fekk ei æresgåve frå Hosanger herad på kr. 500 på 80- årsdagen.
Han fekk og Vestlandske Bondestemna sin ærespris i 1962.
Ved Lindås skulemuseum er det sett opp ein bauta til minne om han.

Arne Bjørndal var gift to gonger og hadde fire born.
For dei som er interessert i å lese meir om han, finns det ei bok som heiter "Bygdekunst" nr 3 - 4, utgitt i 1962.

 

 

Til bake

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net