Skulen på Vassel



Den 28. august 1887 vart det vedtatt i Hosanger skulekomisjon at skulehuset skulle reisast nodom Vassellebrua på aust sida av vegen.
Ei foreldregruppe var sterkt imot dette, men 7. februar 1888 vart huset teke i bruk.
Dei misnøgde ville ha skulehuset flytta til Eknes si utmark.

I 1901 fekk skulen 400 kroner til "tumleplass" på Vassel. Året etter vart det sett opp gjerde rund denne plassen, som var omlag eit dekar.
I 1928 kjøpte dei grunn til brunn hjå Rasmus Hatland.
Frå 1948 og frametter var det mange diskusjonar om krinsen si framtid.
(Dette kan ein lesa meir om i "Skulesoge for Lindås" av Asbjørn Åsgard, bind 2.)

I 1951 vart skulen tre- delt. Då vart skulen på Vassel for liten. Då var nett bedehuset reist og kunne då ta imot minste klassen i småsalen.

Skulen på Vassel samt skulen i bedehuset vart lagt ned i 1961. Då stod nyeskulen på Ostereidet ferdig.


Det kom i 1905 krav om Lærarheim i krinsen. Den gongen vart dette avvist. I 1912 kom dette oppatt.
Krinsen ønskte ein lærarheim med litt jord attåt.
I 1921 festa dei blikket på eit jordstykke med hus på Eknes. Dette vart så kjøpt i 1922. Sjå her.
I 1928 vart det bygd eit uthus til bruket, Fridtun
.

Ei artig historie:
Denne foreldregruppa som var imot at skulen skulle byggjast på Vassel, var frå Eknes.
Det er truleg at då skulen på Vassel opna, starta denne foreldregruppa privatskule på Eknes.

Foreldra til ungane måtte dela på utgifter til inventar, ved og vask.
21. mars 1890 melde Mons Eidsheim, som den gongen var tilsynsmann, at desse saboterte desse utgiftene.
Dei var, Ingvald S. Eknes, Ivar L. Eknes, Johannes L Eknes, Nils P. Eknes, Haldor Olsson og Ole Nilsen Eknes.
Det var nok deira born som gjekk i privatskulen.
Fram til 1898 er borna til desse foreldra ikkje å finna i Vasselprotokollen. Etter dette er dei der å finna.
Kvifor dei gav seg med privatskulen veit ein ikkje. Dei hadde vel gått seg leie.


Frå Eknes var desse krinsformenn:
1921 til 1924: Hans Eknes. (Oppegardsbruket)
1955 til 1959: Sigurd P Eknes. (Nora Røysne)


Bilete tatt ved skulehuset på Vassel i 1946
Bilete er frå Johanna Eknes
Større bilete med namn



Bilete tatt ved skulehuset på Vassel i 1947
Bilete er frå Johanna Eknes
Større bilete