ØVRE ELLER INDRE EKNES

Hosanger: G.nr 63.     Lindås G.nr. 238 B.nr. 13

Namn på bruk: SOLHEIM

Utskild frå bruk nr. 4, Myro
Første eigar: Anders Femanger.
Tinglyst: 15. januar 1944

Anders Femanger, f. 1914, d. 1973, var frå Strandvik. Han gifte seg i 1942 med Magda Mikalsdtr. Eidsheim, f. 1914, d. 1996.
Anders eigde Åsen Møbelfabrikk saman med Arne B Eknes og jobba der til det vart avvikla. Sidan jobba han hjå Georg Eknes Industrier.
Anders og Magda hadde desse borna:

1. Kirsten, f. 1941. Fosterdotter. Gift med Sverre Hauge frå Lindås. Fleire born

2. Irene Karene, f. 1944, d. 1944.

3. Irene Karin, f. 1945
Sjå bruk nr. 83 på Neregard.

4. Olaug Margrete, f. 1948. Gift med Arne Vabø, Myking. Bur på Lindås. Fleire born

5. Kari, f. 1952. Gift med Hugo Berrum, Bærum. Bur i Oslo. Fleire born.

6. Anny, f. 1955. Gift med Torbjørn Seljelid, Dalsgrend. Bur på Dalsgrend. Fleire born.

7. Rolf, f. 1956. Overtok bruket etter foreldra.
 
Andre eigar: Rolf Femanger.
Tinglyst: 13. desember 1996
 
Bilete:  Arild Myhr.


November 2003
Bilete tatt frå sør-aust


November 2003
Bilete tatt frå sør-aust

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net