HUSMENN OG STRANDSITJARAR

 

Av Askild Eknes  

 

I gamal tid var både husmenn, kårmenn og inderster kalla husmenn og kvinnene huskvinner. Helst er det vilkårsfolk, men vanlege husmenn er og nemnde.
På Eknes er det fleire gonger nemnd "husmand" eller "husquinde". Men det har støtt vore kårfolk.

Berre ein er uviss.
I 1645 budde det på Oppegard ein "Husmand Iffuer og kona Mari". Om det var kårfolk er tvilsamt. Helst har dei vore vanlege husmenn.
Dei hadde ein son, Anders. Denne Anders Iffuersen Eknes vart i 1677 gift med Ragnelle Torchildsdtr. Heldal. Sidan fin me ikkje noko om dei.
Dei har vel funne bygsel på gard utanbygds.

I 1698 døydde ei Aasa Echnes, "en fatig". Ho kan liksågodt ha vore frå ein annan gard, men i legd på Eknes.

I 1711 døydde "Husquinde Brita Knudsdtr. Echnes, 86 år gamal.
Dette må ha vore ei vilkårskone, men det er uråd å finna kven si kone ho kan ha vore.

Så finn me att husmenn eller strandsitjarar før 1857.
Då bygsla Jon Eriksen i Klubben i Eknesvågen, og sette hus opp der. Han var skomakar og dreiv ein liten frihandel attåt nokre år. Systera hans, "ho Ingeborg i Kroko" styrde for han. Ho dreiv skreddarsaum.
Om våren 1861 gifte han seg i Eknesvågen med jenta Barbru Monsdtr. Leknes, brordotter hans Jacob Olsen Eknes. Same år kjøpte dei gard på Mjelde i Haus, der dei levde bunaden sin.
Borna deira var Redaktør Mons Monsen Mjelde, Bonde i Lier, Ole Mjelde, død 1922, Anders Mjelde i Indre Arna, Oberst Lars Mjelde, Nestun, og ei Anna, gift med Lærar i Færøyvåg, Tysnes, og ei dotter Ingeborg, gift i Bergen.

Ingeborg Kroko vart gift med ein bonde på Toppe i Åsane.
Husa vart då selde og flytt bort frå Klubben.

I 1875 bygsla Johannes Arnesen Røsland, f. 1848, og kona Brita Knutsdtr. frå Nordås, f. 1844, same tufta og sette hus opp der. Johannes var rokkesmed. Dei hadde nokre år brødhandel attåt.
Så leigde dei bort stova til ein handelsforening som gjekk eit par år. Då selde dei huset og for til Amerika i 1883.
Dei hadde fire born då. Omlag 1920 kom Johannes heimatt, åleine. Han fekk seg ei lita stove i Hosovdhamn, der han vist nok budde endå i 1928, einsam.
Dei hadde desse borna:

1. Aase, f. 1874.

2. Arne, f. 1875.

3. Carl, f. 1878.

4. Jørgen, f. 1882.

5. Johanne, f. 1881.

Om nokre av desse borna kom heim att til Noreg, finn eg ingen ting om. Eg veit hellet ikkje om Brita Knudsdtr. kom heim att
Eg finn heller ingenting om kor tid dei døydde.
Dei står i slektsboka under Eknesvågen. Johannes Arnesen flytte til Hosanger då han kom heimatt, men han er ikkje å finna i slektsboka der.

Det var svogeren hans, Peder Monsen Bjørndal og kona Kari Knudsdtr., fødd Nordås som i 1883 fekk husa i Klubben. Dei budde der til fram i 1890 åra. Kari var syster til Brita Knudsdtr.
Peder og kona hans hadde gard på Bjørndal. Dei selde garden og flytte til Bergen i 1880. Der budde dei i tre år. Peder dreiv der som bygningsmann.
Han var og felemakar.
Han laga den fyrste fela åt sonen sin, Arne Bjørndal, og med denne fela vann Arne, 18 år gamal, fyrste premie på kappleik i Vestmannalaget.
Arne var berre 14 år då han spela i bryllaup. Sidan har han spela i over 500 bryllaup.
Dei hadde fem gutar og ei jente.
Desse var:
1. Mons, f. 1875 på Bjørndal. Reiste til Amerika. Gift, bornlaus. Døydde i 1935

2. Kornelius, f. 1876 på Bjørndal. Budde heime. Død 1893.

3. Johan, f. 1877 på Bjørndal. Bokprentar. Gift 1897 med Bertina Turine Smørdal frå Vassel. Budde i Oslo. Døydde i 1914.

4. Ingvald, f. 1879 på Bjørndal. Amerika. Gift, bornlaus. Døydde i 1935.

5. Arne, f. 1882 i Bergen.

Peder døydde i Klubben 1 1904.
Då vart husa seld og flytt der i frå. Sidan har tufti stått tom.
Kari døydde i 1930. Kvar ho vart av atter at husa i Klubben vart seld veit eg ikkje.

I slutten av 1870- åra feste Jon Eriksen bort ei tuft i Todne, rett oppføre naustet til den gongen Anders på Svao til ein skomakar Nils Nilsen Hole frå plassen Holohagen, f. 24.06. 1848. Han var gift med Johanna Monsdtr. Herland, f. 1854.
Han Nils i Todne var ingen sterk mann. Han hadde ein klein fot og var drygt halt. Både fars- og morsætta var frå Tveiten. Osterøy, og der ervde han ei god hjelp etter Per Nils Tveiten.
Då ville han prøva å driva handel. Var ei tid på Hjelmås, men det gjekk ikkje. Skomakaryrkjet låg heller ikkje for han.
Han laut då få hjelp til livsopphaldet. Både Nils og Johanna var bra folk. Dei hadde mange born.
Desse var:

1. Nils Martin, f. 1873. Gift omlag 1895 med Anna P. Kuven, Os. Budde i Bergen. Fleire born.

2. Ingeborg Malene f. 1874.

3. Marie.

4. Josefina, f. 1877.

5. Marie Jondine, f. 1881 d. 1882.

6. Martin, f. 1884. Sjømann. Vart torpedert under første verdenskrig. Kom bort på sjøen.

7. Jondina, f. 1887.

8. Marta, f. 1890.

9. Maria, f. 1892. d. 1914. Gift 1913 m. sjømann Jakob Andreas Jonsen, Salhus. Budde i Salhus.

10. Johan, f. 1893 d. 1894.

11. Johan, f. 1895.

12. Nikolay, f. 1896. Amerika.

Folketeljinga frå 1900.
 
Hush. Fornamn Etternamn Kjønn Bosatt Fam. stilling Siv. st. Yrke Fødsels år Fødested
1 Nils N Hole M Hosanger Husfader G Skomaker 1848 Hosanger
  Johanna M Hole (Eknæs) K Hosanger Husmoder G Husmoder 1854 Hosanger
  Jondine N Eknæs K Hosanger Datter Ug Datter 1887 Hosanger
  Martha N Eknæs K Hosanger Datter Ug Datter 1890 Hosanger
  Maria N Eknæs K Hosanger Datter Ug Datter 1892 Hosanger
  Johan N Eknæs M Hosanger Søn Ug Søn 1895 Hosanger
  Nikolay N Eknæs M Hosanger Søn Ug Søn 1896 Hosanger

Pr. 1900 hadde dei ikkje korn, poteter, kreatur, fjærkre, kjøkkenhage eller frukthage.
 
 
 

 

Til bake

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net