EKNES I GAMAL TID

Gard nr. 63 og 64 i Hosanger.  Gard nr. 238 og 239 i Lindås


 

Av Askild Eknes

Eknesgarden er sikkert ein av dei eldste gardane i Osterfjorden, truleg ikkje stort yngre enn vår tidsrekning.

Namnet er naturgjeve, så det gjev oss ingen vis om alderen.
Slike namn som nes, eid, fjell og ås o.l. kan for namnet si skuld like godt vere unge som gamle.
Slik som staden ligg til ved fjorden, med framifrå god hamn, lunt og med bra åkerland på flaten oppe på Nedre Eknes, har han lagt svært lagleg til for landnams menn. Særleg for vikingar har han lagt høveleg til. Og at det har vore bustad for slike er det fleire bevis på. Namna på buktene ved Eknesvågen et t.d. Skipaviki, Snekkeviki og Kalviki.
I desse vikene og i Nergardsstødet har vore særs høvelege opplagsplassar for båtar og skip. Røtahamn er både lun hamn og vel avgøymd og oppe på garden. På Nedre Eknes er det nokre leivnader av gravhaugar, som alle er frå den eldre vikingtid.

1.
Den fyrste av desse haugane som vart utgraven var Storrøysi eller Jo-haugen som me jamnt kalla han i mine gute-dagar. Det var fordi meste luten av han høyrde til Jobruket på Neregard.
Denne haugen var på lag eit halvt mål i vidd og høg som eit vanleg hus. Han var på lag ein liten naturleg haug og bygd opp av ei mengd store og små steinar med jord imellom. Oppå var det eit lite lag med jord.
På toppen stod den gongen eit par digre bjørker og askar og nokre småtre. Diverre vart haugen ikkje granska av kunnige folk.
Då Jon Eriksen Eknes i 1850 åra flytte frå Gamletunet, sette han husa sine noko ned for denne haugen. Han fann stein til husgrunn og kjellar i denne haugen.
Nokre mannsaldrar før han hadde far eller farfar til gamlelensmannen bygd sine hus rett sud for haugen, og truleg har han og teke stein til husgrunen sin der i frå.
Omlag midt fram i 1850 åra sette Jo Eknes eit steingjerde rundt hagen sin. Medan han reiv laus stein der traff han inne i haugen på ei mura grav, omlag 1,5 alen lang og 1 alen brei og omlag like høg. Nede i grava fann han ein bronsekjel, omlag på ei halv skjeppe omål. Kjelen var mykje medteken, men botnen og den eine sida var bra heil.
I kjelen var det oska og restar etter brende bein. Ved sidan av han låg det leivnader av eit spjot m.a. Jo plukka dette ihop i ei bumba og tok det med seg til byen og gav det til museet inne ved Lunggården.
(Dette fortalde Jon på ein sætratur på Lundo omlag 1883.)

2.
Den andre gravhaugen fann dei på Lundo omlag 1890.
Lundo er den høgaste haugen på Neregard og ligg like nord mot det gamle bøgjerdet og til merkjes med Oppegard.
I eit lite søkk på den gamle haugen låg ei stor steinrøys med grøntorver på.
I 1899 heldt to ungdomar, Knut og Ingvald Nilssøner på å riva stein til ein merkjesgard. Då råka dei nede i urda på ei lita mura grav med ei stor helle over. I denne grava fann dei leivnader av ei urna. "Det såg mest ut som ei steikjepanne utan handtak", sa forteljaren. Elles var det noko oske og beinrestar. Dei gjorde ikkje noko for å få det granska. Urnebotn leika nokre ungar med til han kom bort, og steinane vart førde bort til gjerde.

3.
I 1926 heldt Peder Nilsen, gbr. og eigar av Lundo, på med eit rudningsarbeide oppe på Lundehaugen. Der kom han til å grava i ein haug av stein og jord. Han grov steinane fram, skulle bruka dei til forstøtningsmur. Då råka han på ei stor steinhelle som låg flat, nære på ein meter djupt. Då han reiste hella opp fann han under henne ei lita mura grav, omlag 70 cm. lang, 45 cm. breid og ca. 40 cm. djup, ned til eit oskelag som låg jamt utover. I oska såg ein nokre beinrestar, elles ikkje noko. Peder la hella ned att og gav bod til Bergens Museum. Han fekk påbod om ikkje å røra noko før dei hadde sendt ein kunnig mann til å granska funnet. Om somaren 1929 hadde endå ingen vore der frå museet.
Lundo har truleg vore ein heilag stad, ei offerlund. Namnet har ikkje noko med lund å gjere. Og namnet er vel like gammalt som gravhaugen der.

4.
Truleg er det restar etter ein fjerde gravhaug på Nere Eknes. Det er på Røysne, like aust for dei nye husa til lærarenkja Anna Eknes.
Då dei i 1925 grov tuft til desse nye husa, grov dei noko inn i vestkanten på ein liten haug med ein åker på. Attmed haugen stod før eit lite mura tørkehus, og like nedfor står enno dei gamle husa. Truleg har vel noko stein vorte derege bort frå haugen omlag år 1700, då der fyrst vart bygd ved Røysne.
Då no steinarbeidarane no i 1925 grov inn i sida på det som låg att av haugen, synte det seg at han var bygd opp med mannshender han og. Der låg lag på lag med fin jord og stein, fyrst aur, so eit lite lag med jord, so eit større lag store og små steinar, so eit jordlat att, så oppå eit jordlag som no var åker.
Dette skulle tyda på at her har vore ein gravhaug her og. Men truleg er det mindste som er att av han.

Både Storrøysne og Røysne har nok vore gravhaugar. Alle desse fire gravhaugar er lagde på dei mest synbare haugar på den eldste delen av Nedre Eknes, og gir oss vissa om at garden har ein høg alder. Og at det har vore høvdingar dei har æra på den måten kan me vere visse om. Det skulle god hjelp til for å laga desse steinrøysane.

Det er berre Nedre Eknes, Neregard, som har slik høg alder.
Øvre Eknes, Oppegard, er mykje yngre. Det finns ingen oldtidsleivnader der. Truleg har den garden vorte teken opp fram mot den kristne tida. Leivnader etter dei gamle bøgardane låg ymse stader i merkje mellom Neregard og Oppegard til etter utskiftinga på Oppegard i 1892.

Ingen av gardane på Eknes vart lagde øyde etter svartedauden. Dei er i alle høve ikkje nemde som øydegardar samen med dei andre i bygdi. I slutten av 1300- talet var truleg Nedre Eknes i Losnaætta si eige.
Denne ætta hadde sitt hovudsæte på garden Losna i Gulen (Eivindvik) og eigde ei mengd med jordgods kring i Hordaland og Sogn og Fjordane, og var den rikaste av bondeættene i landet. Berre dei største adelsætter rakk over henne i eiga.
Ved 1400- talet vart dei adla. På den tida var Sigrid Erlendsdtr. av Losna gift med lendermannen Håkon Sigurdson, eigar av Gidskegodsa og Bjarkøygodsa i Nordland. Han var dotterson til Erling Vidkunson til Gidske og Bjarkøy, som i mange år var drotsæte under Kong Magnus Eriksons barndom, og ætta i femte ledd frå Kong Håkon den 5. Haftor til Sørum på Romerike var ættefaren hans. Håkon Sigurdson høyrde soleis til den fornemste adel i landet.
I nokre år var han landermann over Bjørgvin len. (Han vart sidan landmann over Orknøyane.) Truleg fekk han ved giftarmålet med Sigrid mellom andre gardar også Nedre Eknes.
Håkon Sigurdson døydde barnlaus omlag 1408, og i 1410 vart so enkja Sigrid Erlendsdtr. gift med ein fattig, men fornem vermlendsk adelsmann Magnus Magnusson. Han hadde i mange år tent hjå Droning Margareta og sidan hjå Kong Erik av Pommern.
Dronninga likt han godt, og det heiter at det var ho som fekk han gift med Sigrid, og at ho gjorde bryllaup åt dei i Oslo.
Med dette ekteskapet vart so Magnus Magnusson herre til Gidske og Bjarkøy, og vart rekna for ein av dei tre rikaste i landet.
Han eigde og Nedre Eknes. Der hadde han leilendingar. Ei av dei fornemste adelsdamer då var Margreta Eilivsdtr. til Naustdal i Nordfjord. Ho var dotter og einaste barn av adelsmannen Eiliv til Naustdal og ei dotterdotter til Erling Vidkinson. Som lita jente miste ho både foreldra. Dei drukna ved Selje. Ho Margreta vart gift med ein innflytta svensk adelsmann, Jon Martinussen. Han hadde fengje Borregaard og nokre andre små len i Austfold. Margreta eigde Manvikgodset i Brunlanes, Vesfold. Det var soleis ikkje litedei eigde austpå. Ho hadde og jordgods på Vestlandet kring i Nord og Sunnfjord og noko i Hordaland.
Ho vart barnlaus, Margreta. Omlag 1410 vart ho enkja, og nokre år etter gifte ho seg med landmanen til Mumedal, Herr. Riddaren Tidske Vestenaker frå Jemtland. Margreta eigde og nokre gardar på Sunmøre og Huneid på Nordmøre.

I 1416 makeskifte Margreta Eilivsdtr. og mannen, Tidske Vestenaker, garden Huneid i Aure og noko på Sunnmøre til Magnus Magnusson, mot å få att Nedre Eknes. Det er fyrste gongen me finn Eknes nemd i noko skrift. Skøyta er skrive på oldnorsk på pergament og finns attgjeve i diplon. Norv. 1. 447.
Inhalder er attgjeve slik:
"Tidske Westenacher, ridder og velbaarne høyadle frue, Margreta Eilivsdtr. mageskifter til velbaarne herre Magnus Magnusson deres gaard Hundeid i Aure (Nordmøre) og deres godser paa Sunnmør mot gaarden Nedre Eikenes i Oster i Hamar kirkes sogn."

Margareta døydde i 1426. Ho hadde då testanentert til Munkeliv kloster til Bjørgvin domkyrkje - då Kristenkyrkja. - ymse gardar kring Bergen. Namn på desse gardane fin me ikkje att.
I Munkelivs årbøker frametter mot 1500- åra er Eknes ikkje nemd, so det var vel til Domkyrkja han vart gjeven.
Under Domkyrkja låg Katedralskulen. (Bergen Latinskule.) Til han har Nedre Eknes lege. Enno er der landskyld på på ymse bruk der til Katedralskulen. (Benificert.) (1928.)

Kven som i 1400- åra eigde Øvre Eknes, finn me ingenting om. Men i 1585 finn me at Oppegard låg som mensalgods til Korskyrkja. (Mensalgods er gods som presten hadde bygsla innkoma av til sin levemåte. "Prestebordet" kalla dei det jamnt.)

Etter at Noreg vart kristna, var det lenge drygt grissgrendt mellom kyrkjene. Kvart fylke fekk tåleg snart si kyrkje. Litt etter kvart kom det til einskilde kyrkjer i fylkene. Desse kyrkjene vart gjerne prostekyrkjer.
På einskilde stader, langt frå kyrkjene, vart det reist opp krossar og vigd messeplassar, der så prestar eller ein klerkar (Geistleg skrivar) heldt messe ein hende gong i somarhalvåret. Slike plassar fekk gjerne namn etter krossen eller messa.
Inne i Modalen skal det soleis vere ein plass, Krossdalen som har fengje namn etter ein messeplass. (Me finn nemd "Krosskyrene", kyr som var lagd som eiga til den plassen.)

Inne i Gjerstad er det ein ås kalla Messåsen. Der skal det ha vore ein messeplass, vigd til St. Fabianus.
Det er forvitneleg at i Haus og Gjerstad har det namnet vorte levande i bygdene, og namnet Fabianus, Fabian, Fabians og Fabijens har ikkje vore så reint sjeldsynte der. Enno skal namnet finnast i Haus. (1928)

På Nedre Eknes har det og truleg vore ein slik plass på Messflaten. Det er ein gamal åker på vel eit mål. Han ligg i ein liten lun senkning midt på Neregard og haldar noko mot vest, ned mot Eknesvågen. I vestre enden har han ein ikkje so liten forstøtningsmur, som sikkert er mange hundre år gamal. Slike murar sette dei ikkje opp for åkeren si skuld den gongen.

Der går eit gamalt sagn i bygda om den åkeren:
Då dei fyrste gong skulle byggja kyrkje for Hosanger sokn, var det meininga ho skulle stå der på Messflaten. Der var planert til kyrkjegard og tuft tillaga.
Tømeret var kome til Eknesvågen der det låg i ein flåte. Men ei natt kom det ein forrykande nordavind. Flåten vart riven laus, og dreiv tvers over fjorden og vart liggjandes i fjæra på Holme. (Hosanger) Dette tok dei som eit varsel frå "Vår Herre" om at der ville han ha kyrkja, og så laut det verta slik.
Frå Eknes miste dei flåten, og difor vart den tillaga tufta kalla Messflaten.

Nei, Messflaten har nok hatt namnet sitt før kyrkja vart bygd, truleg i mange mannsaldrar. Det var vanleg at dei bygde den fyrste kyrkja i ei bygd i nærleiken av ein gamal offerstad, der folk var vane med å møtast til helg.
Slik valde dei vel og staden for messeplassen. Truleg har Lundo vore ein slik heidensk offerstad, og då er det mykje rimeleg at nett Messflaten vart kåra til plass til kristen gudsteneste. Då dei so, kanskje hundre år etter skulle ha seg kyrkje, er det rimeleg at det har vorte strid om plassen.

Kva tid Hosanger fekk kyrkje fyrste gongen. finn me ikkje noko om. Ein kan vel gissa seg til omlag 1200- åra.
Det heiter om kong Øystein (Omlag 1100) at han bygde mange kyrkjer, men sikkert veit me ikkje noko.

Hosanger kyrkje er fyrst nemd i eit skriv frå 1329.
I mai det året var "bispen Audunar av Biourguen i Hosangrum". Hosanger og Gjerstad var den gongen eit prestegjeld med kvar si kyrkje. (Mo hadde truleg prest åleine sidan 1333, likeeins Evanger. Cfr. eit bispebrev 1933)
Frå Hosanger sende då bispen i 1329 eit brev til prosten i Hamre "Herra Sira Peter" der han skreiv at paven var komen i stor "pengevandske for skuld strid med fiendane sine". Så han var nøydd til å likne ut ekstraskatt på kvar prest og kyrkje. På presten "i Hosangrum - Gjerstad" likna bispen ein mark sylv "fyre sick och kurkune sina".

Svartedauden i 1349 og nedgangstidi etterpå snøydde store strøk av bygdene. Inanfor Eide og Brongen finn me berre Romarheim att som ikkje låg heilt snaud. Modalen var svart, Otterstad og Mo låg truleg att. Eksingedalen byrja dei fyrste å byggja att i slutten av det 16. århundre. Mange gardar ute i fjorden var delvis øyde. Nord for Askelandsreppen låg det gardar øyde fram til i det 18. århundre. Fleire bruk vart til eit. Det vart sagd at etter måten ingen stand vart så herja av svartedauden som prestane. Det var få att av dei. Etter svartedauden vart dei grisgrendte bygdene frå midten av Askøy til Voss slegne ihop til eit prestegjeld, Hamre.
Fyrst frå året 1750 vart Hosanger med Seim og Mo skilde ut frå Hamre til eit nytt prestegjeld, Hosanger. I 1884 vart Seim teke frå Hosanger og slege saman med sokni Alversund og Moland til eit nytt prestegjeld, Alversund.
 

 

Til bake

© Arild Myhr 2007     E-mail: soga-om-eknes@eknesvaag.net