Før eg begynner på historia om overfarten til Amerika,
vil eg nemne at personar frå Eknes har utvandra til andre land og. Den
historia får eg ta sidan.
Utover 1800- talet kunne ein jamnt, om vårane sjå
store flokkar med vadmels kledde bygdefolk, som kom med kister og
kassar til kystbyane.
Dei fleste utvandrarane reiste på denne årstida. Overfarta var lang,
og det var mykje som skulle ordnast på den nye heimstaden før
vinteren. Då var det godt å ha heile sumaren føre seg.
Dei fleste utvandrarane reiste i månadane april, mai og juni.
Utover
på 1830 - 40 talet var det vanleg at ein reiste frå utanlandske
hamner. Derifrå reiste ein med lasteskip som gjekk regelmessig til
Amerika, og som kunne ta med nokre passasjerar. Dette kunne ein spara
nokre spesidalar på.
Eksempel på nokre slike hamner er Gøteborg, Hamburg i Tyskland og Le
Havre i Frankrike. Den sist nemnde var på den tida den viktigaste
utskipningshamna for utvandrarar.
Dei fleste av desse gjekk i land i New Orleans, på veg til
nybyggjarstrøk i Texas.
Av dei norske utvandrarane som kom til Amerika i åra før 1850, omlag
18000, kom omlag 75% direkte frå Noreg. Dei andre 25%, reiste frå
havner i andre europeiske land.
Ofte måtte dei vente i fleire veker på å få kjøpt seg billett. Dette
vart ofte både kostbart og slitsamt.
Årsaka til at dei reiste til utanlandske hamnar, var at det i byrjinga
var svært vanskeleg, og få` skip som gjekk direkte frå Noreg.
Dette ordna seg litt etter litt, og då valgte dei fleste og reise her
ifrå.
Ein billett til Amerika var svært dyr for dei fleste, sjølv om prisane
vart pressa med tida.
Billettar til Minnesota i 1879 for to vaksne og fem born kom på omlag
1207 kroner. Å samle i hop ein slik sum tok fleire år for nokon. For
andre var det umogeleg. Tjenestefolk og husmenn høyrde ofte til dei
siste. Sjølv den billegaste enkelt billetten, som i 1867, kosta 14
spesidaler, eller ca. 70 kroner, kunne ta fleire år å spare for dei.
Dei bøndene som eigde gardane sine sjølve, kunne selge desse, men det
vart ikkje alltid nok.
Det at billettane var så dyre, førte til at det ofte var folk som sat
"godt i det" som utgjorde den tidlege utvandringa.
I 1890- åra, kom ein markert nedgang i billett-prisane. Då var det
fleire frå husmann- og arbeidarklassen som emigrerte enn tidlegare.
Dette og dei såkalla" prepaid tickets" utgjorde eit viktig bidrag til
at dei fattigaste i Noreg og fekk ein mogelegheit til å reise.
(Ein
"prepaid ticket" var ein billett som vart kjøpt i Amerika
av ein tidlegare utvandrar, og sendt til Noreg, til f. eks. kona og
borna heime, eller til eit såkalla "gifteemne". Desse reiste mest utan
unntak frå Kristiania.)
Det å skysse emigrantar over Atlanteren vart etter kvart til stor
betydning for norsk skipsfart. Særleg etter at den britiske "Navigation
Act" vart oppheva i 1849. Då kunne dei norske skipa føre trelast til
Storbritania på heimveg att. Slik kunne skipperen vere rimeleg sikker
på å få last begge veger.
Alt i 1850 var det Noreg som hadde flest "utanlandske" skipsanløp til
Quebec.
Quebec låg svært lagleg til. Dette fordi dei fleste norske emigrantar
på den tida skulle til Illinois, Wisconsin, Iowa eller Minnesota
Etter 1845 reiste dei fleste norske utvandrarar via New York. Først i
1850 ankom dei første til Quebec. Av totalt 44000 norske utvandrarar,
ankom over 39500 Quebec med norske seglskip.
Frå omlag 1865 gjekk ein meir og meir over til damp. Den utviklinga
var med på å setje fart i utvandringa.
Utanlandske dampskipsselskap investerte i dampskip, og tok opp
konkuransen med dei norske seglskutene.
Reisetida vart kortare, dei hadde faste avgangar, og dei tok med
kosthald ombord i billett-prisen.
Frå då av klarte ikkje norske reiarar å følgje med. Frå omlag 1870 til
1910 reiste mest alle norske utvandrarar med utanlandske
dampskipsselskap. Ein kan nemna: Amerikanske White Star Line, Allan
Line, Inman Line og American Line frå Liverpool til New York. Ein kan
og nemna den svenske Thingvalla-Linien som gjekk frå Gøteborg.
Noreg fekk ikkje sitt eige reiarlag før i slutten av utvandringstida.
Då vart Den Norske Amerikalinje starta i 1910.
Ein kan her nemne at Norsk-Amerikansk Dampskips-selskap vart grunnlagt
i Bergen i 1869. Dette selskapet bygde to store emigrantskip, "St.
Olaf" og "Kong Sverre", som kunne ta 500 og 800 passasjerar. Dessutan
kontraherte dei tre dampskip til.
Meininga var å gjere Bergen til hovudhamn for utvandringa frå
Skandinavia. I 1873 gjorde dette selskapet 13 turar, Bergen New York.
Tidspunktet var uheldig, for dette året gjekk utvandringa tilbake.
Skipa fekk etter kvart færre passasjerar og mindre gods.
Då Kong Sverre forliste i 1875, fekk dei store økonomiske problem. Den
norske dampskipsruta måtte leggjast ned.
Så, etter 1875 reiste omtrent alle norske utvandrarar med utanlandske
skip. Alle måtte til andre europeiske land for utskiping.
Mange norske reiste til Hull eller Shields, som Newcastle heitte den
gongen. Derifrå reiste dei med tog til Liverpool, for så å krysse
Atlanteren derifrå med Cunard Line sine båter. To andre selskap -
Donaldson og Agnus - hadde utreise fra Glasgow i Skottland, mens White
Star Line arrangerte mange utreiser frå Southampton.
Det einaste selskapet som gjorde regelmessig bruk av norske havner
(Kristiania/Oslo og Kristiansand) var Thingvalla, starta av danskane i
1880. Thingvalla-linja vart raskt populær i Norge, spesielt blant
utvandrarar frå Austlandet og Sørlandet. Nesten alle selskapa tok sine
passasjerar til New York, Ellis Island fra 1892.
Mange tusen norske sjøfolk hadde sine eigne måtar å utvandre på, ved
at dei forlet sine skip når dei låg i amerikanske og kanadiske havner.
Navna på desse sjøfolka finns ikkje på utvandrerlistene og heller ikke
i amerikanske og kanadiske lister for ankomne passasjerar. Men listene
over sjømenn inneheldt informasjon om desse "avhopparane", både namnet
deira, fødselsdato, fødestad og kvar og kortid dei "hoppa av". Slike
lister er opp gjennom åra ført av innrulleringssjefar og
mønstringssjefar. Dei fleste av desse opplysningane finns no på
dei norske statsarkiva.
Etter at emigrantane hadde bestemt seg for å reise, måtte grundige
førebuingar gjerast. Alt skulle selgjast. Garden med buskap og
redskap, samt anna lausøyre. Alt gjekk på auksjon.
Så skulle proviant kjøpast inn. Det måtte vere holdbar mat som salt
kjøt og sild, spekeflesk, gryn, erter, poteter, flatbrød, mjøl til
graut, smør og ost, kansje surmjølk og øl og. Dei måtte dessutan ha
skinnfellar og tepper, for dei måtte halde seg med sengety sjølve
ombord. Og så måtte dei ha kokekar til å koke mat i. Det einaste dei
fekk ombort var vatn og ved til å koke med.
Utvandrarane skulle leve og bu ombord i skipet i minst to månader.
Nokre gonger tre. Dei skulle lage seg mat og ete den med kistene sine
som bord og stol. Dei skulle kvile og sove i halmen på mellomdekket.
Dei måtte og sjå til å få seg frisk luft og litt mosjon oppe på dekk.
Tilværet skulle organiserast i eit flytande miniatyrsamfunn. Då kom
det vel med at mange følgjer ofte kom frå same bygd og grend.
Dei kjende kvarandre, og hadde felles skikk og bruk.
Overfarten vart ofte lang og strevsam. Plassmangel var eit problem.
Sjukdom og dårleg ver kunne gjere reisa svært utriveleg.
Ut over 1850 åra vart forholda ombord i dei norske utvandringsskipa
stadig verre. Gjennomsnitt overfartstid gjekk heilt ned i 39 dagar i
1860. Dette fordi ein fekk større skip som var skarpare seglarar.
Sjølv om reisetida vart kortare, omkom fleire ombord på dei norske
skutene. Størst var dødsfalla dei åra utvandringa gjekk i været. Mange
skipparar fall nok for freistinga å ta med fleire emigrantar enn
forsvarleg var. I 1861 omkom omlag 200 menneske under overfarten.
Dei Kanadiske innvandrings myndigheitene kritiserte forholda i sterke
ordlag i 1861-62, og trua med å leggje beslag på norske skuter som
hadde for mange passasjerar. Forholda vart ikkje stort betre sidan
heller, dersom ein måtte reise på billigaste klasse på dei store
dampskipa. Det var det dei fleste utvandrarar gjorde. Det var nok for
å spare mest muleg med pengar, som kunne kome vel med sidan.
Seglskutene kunne bruke opp til 3 månedar på ein overfart, dampskipa
12 til 14 dagar.
Reisa var ikkje slutt når utvandrarane gjekk i land i New York eller
Quebec. Dei som ønskte seg til Midtvesten, og det var dei fleste,
hadde mange hundre norske mil att å reise. Frå New York reiste dei med
dampbåt, kanalbåt, og dampbåt igjen. Dei som reiste frå Quebec, reiste
og med dampbåt. Reisetida vart mykje kortare i 1856. Då åpna ei
direkte toglinje frå Quebec til Detroit.
Emigrant transport var billeg massetransport. Både i New York og
Quebec vart det sett opp særskilde tog for utvandrarar.
Desse toga var dårlege og gamaldagse. Dei var tidlegare kvegvogner, og
ikkje alltid skikkeleg reingjort.
Frå 1825 til 1930 utvandra omlag 800.000 nordmenn til Amerika. Dei
fleste vart verande der, mens nokre kom heim att.
Enkelte møtte berre elende, andre vart skuffa. Men dei fleste fann seg
etter kvart til rette i det nye heimlandet sitt.
Då første verdenskrig braut ut, tok utvandringa slutt for ei stund.
Krigen utvikla seg til å verte ein nådelaus ubåtkrig på havet.
Dette sette ein brå stopp på utvandringa frå Europa.
Då krigen var over i
1918, var USA forsynt med innvandrarar. Canada derimot, låg åpent for
alle som ville prøve lukka.
I 1920 reiste meir enn halvparten av utvandrarane dit. Nokon håpte
endå på å kome inn i USA, men frå no måtte det stort sett skje via
Canada.
Etter kvart som tida
endra seg, kom utvandringa til å bestå av familiane til menn som alt
var reist bort og eteblert seg i Amerika.
Med krakket på børsene i 1929, var den store utvandringa til Amerika
over, for godt. Sjølv om mange har reist over i tida etter 1930, kom
utvandrings tala aldri opp i det dei ein gong var.
Det var mange årsaker som gjorde at folk valgte å emigrere. Etter den
økonomiske krisa i Noreg i 1899, spurte dei norske myndigheitene om
grunnen til utvandringa. Mange oppga ingen spesielle årsaker til å
dra, mens andre svarte at dei reiste i mangel på lønsamt arbeid her
heime.
I hovudsak var det overbefolkninga og alt som fulgte i kjølvatnet av
det, som var hovudårsaka til at folk valgte å emigrere. Samtidig veit
me oppgangstider i Amerika var med på å trekke folk over.
Når nokon braut opp og reiste, fulgte fleire med. Det var som ein
psykose, ein smittsom Amerikafeber.
Det me kan sei med sikkerheit, er at hadde alle dei norske emigrantene
valgt å vere heime, ville historia om Noreg vore ei heilt anna.
|