UTVANDRING |
Desse opplysningane er funne på heimesidene
til Ellis Island Passenger Arrivals |
Når ein leitar etter personar i databasar over heile verda, møter me
ein del problem.
Engelsk talande land har ikkje æ, ø og å, i sine alfabet.
Namna kan vere skreve feil pga. språkproblemer, eller det kan rett og
slett vere skrivefeil.
Det har difor tatt mykje tid å søke på alle tenkelege variantar av
førenamn, farsnamn og etternamn.
I og med at eg ikkje veit fødselsdatoen på mestaparten av
utvandrarane, er det ikkje sikkert eg får årstalet for ankomst år og
alder til å stemme med fødselsår.
Med dette i tankane har eg prøvd så godt eg kan å finne fram til dei
rette personane.
|

|
|
Bilete og opplysningar om båten
han reiste med. |
|
|
ADRIATIC |
|

|
Båten er bygd av Harlan & Wolff Limited,
Belfast, i Nord Irland i 1907.
Overfarts farten var 17 knop.
Tot. 2825 passasjerar.
425 passasjerar på førsteklasse, 500 på andre klasse og
1900 på tredje klasse.
Eigarane var Star and Dominion Line.
Han vart bygd for overfart Liverpool - New York.
Høgd i Japan i 1935. |
|
Eg har ikkje funne opplysningar
om kva båt han reiste med til England endå. Han reiste i alle
fall frå Bergen den 15. august 1911.
Kva by han kom til, får eg sjå på sidan. Me veit at mange reiste til
Hull eller Shields, som Newcastle heitte den gongen. Der frå reiste
dei med tog til Liverpool.
|
Hvis me tenkjer oss at han
venta i England nokre dagar før overfarten til Amerika, kan ein rekne
seg fram til at overfarten må ha tatt omlag 14 dagar.
Kvar han vart av sidan, får eg sjå på ein annan gong. |
|