UTVANDRING |
Desse opplysningane er funne på heimesidene
til Ellis Island Passenger Arrivals |
Når ein leitar etter personar i databasar over heile verda, møter me
ein del problem.
Engelsk talande land har ikkje æ, ø og å, i sine alfabet.
Namna kan vere skrive feil pga. språkproblemer, eller det kan rett og
slett vere skrivefeil.
Det har difor tatt mykje tid å søke på alle tenkelege variantar av
førenamn, farsnamn og etternamn.
I og med at eg ikkje veit fødselsdatoen på mesteparten av
utvandrarane, er det ikkje sikkert eg får årstalet for ankomst år og
alder til å stemme med fødselsår.
Med dette i tankane har eg prøvd så godt eg kan å finne fram til dei
rette personane.
|

|
|
|
Bilete og opplysningar om båtane
han reiste med. |
|
|
LUSITANIA |
|

|
Båten er bygd av John Brown & Company,
Clydebank, Skotland i 1907.
Overfarts farten var 25 knop.
Tot. 2165 passasjerar.
563 passasjerar på førsteklasse, 464 på andre klasse og
1138 på tredje klasse.
Eigarane var Cunard.
Han vart bygd for overfart Liverpool - New York.
Torpedert og gjekk ned på irskekysten 1915. |
|
Ole Olsen har reist til Amerika
tre gonger.
Første gong han reiste, var i 1893. Eg fann opplysningar om dette i
Digital arkivet.
Han kan ikkje ha gått i land på Ellis Island, for der finn eg
ingenting.
Andre gongen i 1908. Dette fann eg opplysningar om i Digitalarkivet og
Ellis Island.
Tredje gongen i 1917, då med heile familien. Eg finn ingenting om han i
Digitalarkivet og Ellis Island på det årstalet. Einaste plassen det står, er i
slektsboka for Hosanger. Årstalet der kan vere feil.
Eg får sjå meir på det sidan.
Eg fann han i 1916.
Datoen for ankomst viser april 1916. Alder 42 år. Fyllte vel 43 år
etter april.
Stemmer då med at han er fødd i 1873.
Han kan ha reist bort eit år før hine. Dei gjorde ofte det, for å
"ordne seg til"
Resten av familien fann eg i databasen til Ellis Island, men då i
1917.
|

|
|
Bilete og opplysningar om båtane
han reiste med. |
|
KRISTIANIAFJORD |
|
 |
Båten er bygd av Cammell Laird & Company,
Birkenhead, England i 1913.
Overfarts farten var 15 knop.
Tot. 1200 passasjerar.
100 passasjerar på førsteklasse, 250 på andre klasse og
850 på tredje klasse.
Eigarane Norske Amerika Linje.
Han vart bygd for overfart Oslo - New York, Men gjekk og frå Bergen.
Høgd i England i 1917. |
|
|