UTVANDRING

Desse opplysningane er funne på heimesidene til Ellis Island Passenger Arrivals


Når ein leitar etter personar i databasar over heile verda, møter me ein del problem.
Engelsk talande land har ikkje æ, ø og å, i sine alfabet.
Namna kan vere skreve feil pga. språkproblemer, eller det kan rett og slett vere skrivefeil.
Det har difor tatt mykje tid å søke på alle tenkelege variantar av førenamn, farsnamn og etternamn.
I og med at eg ikkje veit fødselsdatoen på mestaparten av utvandrarane, er det ikkje sikkert eg får årstalet for ankomst år og alder til å stemme med  fødselsår.
Med dette i tankane har eg prøvd så godt eg kan å finne fram til dei rette personane.

 

Bilete og opplysningar om båten han reiste med.

Ravnanger

 

Båten er bygd i Holland i 1920.
 
Dette var eit norsk lasteskip. Altså ikkje passasjerskip.


Eigd av eit norsk rederi.
Båten vart bomba av eit tysk fly, 11. november 1940, mens den låg å venta på ein konvoi.
Vraket ligg på 30 m. djupn.


Kvifor dette er registrert på Ellis Island veit eg ikkje. Det virkar som dei registrerte sjøfolk og.
For Ingvald Bergesen Eknes, frå Eikjo, var sjømann nokre år.