Når ein leitar etter personar i databasar over heile verda, møter me
ein del problem.
Engelsk talande land har ikkje æ, ø og å, i sine alfabet.
Namna kan vere skreve feil pga. språkproblemer, eller det kan rett og
slett vere skrivefeil.
Det har difor tatt mykje tid å søke på alle tenkelege variantar av
førenamn, farsnamn og etternamn.
I og med at eg ikkje veit fødselsdatoen på mestaparten av
utvandrarane, er det ikkje sikkert eg får årstalet for ankomst år og
alder til å stemme med fødselsår.
Med dette i tankane har eg prøvd så godt eg kan å finne fram til dei
rette personane.
|