Askild Eknes
Digitalarkivet
Riksarkivet
Div. Bygdefolk
Ellis Island Passenger Arrivals
Øvre Eknes var på 1500-talet mensalgods eller prestebordsgods. Les meir om det her
Eigar fram til 1820 åra var Korskyrkja prestebod.
Det er fyrst etter 1500 - åra at me finn noko om folka på Eknes -garden.
Dette finn me i nokre rekneskap og jordbøker.
Desse opplysningane er å finna på Riksarkivet.
Etter 1677 har me kyrkjebøkene for Hamre. Frå 1666 finn me
manntal over alle. Etter 1771 har me kyrkjebøkene for Hosanger.
Så har me ymse skifte, og etter 1750 åra har me pantebøkene som
kjelder.
Her er ein oversikt over kven som budde på Øvre Eknes (Oppegard):
1518: Eric po Øffre Egnes betaler tomarkskatten N. R. J. 496.
1522: Same person. Eric po Øffre Echnes svara futeboti: Do. III 448.
5.5 mark, 1 pending item
19,5 lod søllf. (Dette er omlag 12 - 13 kuverde.)
1563: Oluff po Øffre Echnes skatta ein riksbankdaler. (Lensrekneskapet,
Riksarkivet).
1567: Same person. Ledingsskatt: "Aff Øffre Echnes smør, melle
(malt) korn, giedeskindt, kalskindt".
Her finn me og: Sigtens
landskyld (Til kyrkja) Oluff Øffre Echeness resta 12 skilling.
1590: Børge Øffre Echness: Landskyld 2 laupar smør. Ledingsskatt:
smør, faareskindt, fredtold hvert andre faar.
Til den tid har det berre vore ein eigar på Oppegard.
Rundt 1600 talet har Børge Offre Echness lete bygslet på halve garden
frå seg til sonen Oluff Børgesen.
Frå då vart det to bruk på Øvre Eknes, Oppegardsbruket og Laupen.
Her er ein oversikt over alle bruka på Oppegard.
Ved å trykkje på dei forskjellige bruka kan ein lese meir om desse, og
folka som budde og bur på dei.