KYRKJA I ASKVIK |
Kilde: Farne tider, bind 1.
Gravplassen i Askvik er
innvigd i 1896.
Då var der ikkje hus på kyrkjegarden. Fyrste gongen dei søkte om
bygging var i 1910. Då vart det avlsag.
I 1917 vart det sett ned ei nemd som skulle greia ut teikningar og
kostnader for eit lite kapell med klokketårn. I 1918 vart det vedteke
i heradsstyret at kapellet skulle byggjast. Pengar til kyrkjeklokke
vart løyvd året etter. Den kosta 570 kroner og var det einaste
bidraget frå heradsstyret.
Kyrkja vart bygd med gåver.
Litt etter at gravkapellet var bygd, syntest folk at bygget skulle
vore større. Dei ville nytte det som kyrkje. Hovudkyrkja låg den
gongen på Hosanger. Folk måtte i båt for å kome dit. Eg vil tru at
vinters- dagen i kuling og snø, kunne det vera ei strid reis fram og
til bakars.
Ei ny nemd vart sett ned. I 1923 vart søknaden om kapellkyrkje
handsama i heradsstyret. Dei gav denne gongen løyve til å byggje på.
Kapellet ville då vere godkjent for 201 personar.
Bygdefolket måtte dekkje alle kostnader med byggjinga. Rekninga kom på
3.673 kroner.
Inventaret vart og gitt av bygdefolket.
Lusestakane var frå Simon Askvik, trevirke til altertavla var frå
Haldor Eide. Det ligg ikkje opplysningar om sjælve alterbiletet.
Døypefonten og dåpskanna var gåver frå Ivar Og Martha Bjørsvik.
Lysekruna var frå Ivar Larsen Bjørsvik. og husmorlaget i Bjørsvik og
Ostereidet gav blomevasane.
Det påbygde kapellet vart vigsla "til midlertidig avholdelse av
gudstenester" 30. januar 1925.
Sjølve vigslinga var 29. august 1926. Martin Eide skreiv ein song til
denne høgtidsdagen.
|
|
|