|
|||
|
|||
TUNET PÅ EKNES I GAMAL TID |
|||
|
Av Askild Eknes |
||
|
Omlag midt på Eknes ligg ein liten haug som frå gamalt av er kalla
Tødnhaugen. (Tunhaugen) Litt sud for Tunhaugen ligg
Oppegardshaugen, også kalla Lauparhaugen. På ein avsats mellom dei haugane og nokre små knausar er ein liten flate, no matrikulert med namnet Gamletunet. Der på Gamletunet har frå gamal tid vore gardstunet for Neregard, og seinare tett attmed og norvest for Oppegardshaugen vart Oppegardstunet. Som på alle gardar frå eldre tid stod husa i ei klyngje, med mange hus klint opp til kvarandre. På Neregard budde det frå 1518 til etter 1563 sikkert to mann, og på Gamletunet har dei budd begge. I 1590 var det berre ein mann att på Neregard. På Oppegard var heile tida berre ein mann. Mellom 1600 og 1609 har dei skift både Neregard og Oppegard i to bruk kvar. Dei har truleg hjelpe seg med dei husa som var og skift dei eller eigd dei i hop. I alle høve finn me at det gjekk soleis føre seg i 1673. Dei har etterkvart fått eige hus for kvar brukar. Truleg er det jorddrotten som har hjelpt til med husa, for dei fleste hus på bruket var i eiga til jordeigaren. Det ser me i ymse skifte sidan. (To skifte i 1777 og eit i 1786.) Ved skifte etter Ingeborg Nilsdtr. Øvre Eknes og dottera Brita Larsdtr., eigde Ivar Monsen og kona Brita Larsdtr. tre fjedepartar, og kårkona Ingeborg Nilsdtr. ein fjerdepart "udi it tømret stuehus" verdsett til 16 riksbank daler. (Kr. 52.20) Hine husa er ikkje nemde. Dei høyrde soleis jorddrotten til, då Korskyrkja prestebod. I 1665 - 73 vart kvar av dei to bruka på Neregard atter skift i to. Då vart det fire mann på Neregard. Mellom to av dei vart det sak og krangel om både husa og makeskifte. Det er då nemd at dei fekk kvar sin lut tilskift av eldhus som og av dei andre husa, men dei må ha hatt kvar si stova. Den eine var bygd ny i 1648. Løa og flor skilde dei vanleg med ein tverrvegg. Det kalla dei "ørgaved". Løene og florane stod nord for Tunhaugen, bortimot Røysne. Løbakken heiter enno den bakken der. Frå nergardsflorane gjekk ein mura gjeil like nord for Vinkallebakken, langs vestsida av Lundehaugen til utmarka. Utmarka rakk den gongen heim til løa hans Peder Nilsen. På Oppegard stod flor og løe på flaten mellom smalhuset deira Myro og Yllshøyen (Eldshaugen). Frå florane der gjekk ein inngjerda gjeil nord for Littlestølen, mellom Lundemyra og Skjeddalen. På 1700 talet omlag, har to av dei fire mann på Eknes bygd seg ut frå Gamletunet. Ein til Røysne, nord for Messflaten, og ein nedom Gamletunet mot Storrøysne. Rett aust for Gamletunet ligg som før nemd Oppegardshaugen. Han er flat oppå, med nokre små skurver og knauser på nord- og sørkantn av denne flaten. På vest- og austsida er bratte skråningar ned frå flaten på haugen. Her oppå var ein framifrå lagleg leikarvoll. Der var også framifrå godt utsyn over garden og grenda, også fjorden frå Tysse til Tellevik. Dette gjorde haugen til ein særs unneleg plass. På denne haugen samlast ungomen til leik og gaman om kveldane når dei hadde høve til det. Særleg sundagskveldane. Dei vaksne hadde der ein samlingsplass om sundags ettermiddag når sundagsteksten var fråseggjort og når dei var komne frå kyrkja. Radt til omlag 1880 heldt den skikken seg. Born kom gjerne fyrst, so ei kone som skulle sjå etter dei, so kjem straks etter ei til. So kom etter kvart fleire kvinner og menn. Dei sat helst slik at kvinnene var på den eine sida av leikarflaten og mennene på hi. Småborna tumla so på vollen. Ungdomen heldt seg gjerne litt for seg sjølv litt utanfor. Her sat dei og dryfte ver og vind og nyheter og kva som fall på. Dette var deira aviser, for aviser var det ingen som heldt på garden før fram mot 1870- åra som var å rekne på. Frå 1870 til omlag 1882 heldt Lars Jørgensen på Oppegard og Johanna Totland "Almuevennen" ihop. Den kom ein gong i veka, og den var ikkje alltid fersk når den siste fekk han. Men bladet var like nytt for det. Det var bryggja på Skjæret som frå 1880 av-tevla Oppegardshøyen. Frå 1778 var det tre mann på Oppegard, og alle tre husa der stod tett med kvarandre frå Gamletunet nord for den småe florhøyen deira Myro. Ved 1800- talet var det soleis to mann på Gamletunet på Neregard, og tre mann tett med Oppegardstunet. Det var eit tun på Røysne og eit ved Stor-Røysne. Dei to siste stod soleis noko for seg sjølve. Det hev vore røykstover med ljore i taket dei hev hatt i eldre tider. Den siste røykstova stod til 1864. (På Rasmusluten) Ho var bygd i 1648 av den eine av to bønder som då var på Neregard, ein Magne Rasmusen. Han hadde hogge meir skog i marka enn leilendingar hadde lov til, og han laut omlag 1650 bøta "8 ørtunger oc 13 mark sølff" for den ulovleg skoghogsten. Den fyrste mannen på Røysajorda (1665 - 90), Mons Eriksen frå Indre Eide, har truleg bygd husa han budde i. Han hadde i alle høve hatt lem over noko av huset sitt. Han hengde seg i 1890 oppe på eit "kamers saa var saa lavt at en mand neppe der kunde staa uppreist". Også på dei gamle laupehusa som brende i 1824 var det lem. To gutar som låg på lemmen brann inne. Det gamle Oppegardstunet, mellom Gamletunet på Neregard og løa deira Myro vart rudd ved den leide branen på Oppegard den 05. januar 1824. Om dene lauselden er fortald: Dei skulle ha våkenatt, danseleik, ungdomen på Eknes, trettenafta. Dei skulle få hus hjå han Ivar Monsen på Oppegard. Han var nygift då. Broren hans, Lars, som sidan kom til Haukås, spela fele, så dei var sjølvhjelpne med musikk. På Laupen var der ei vaksen dotter, Kari, då 20 år gamal, to gutar, Per og Sjur, då 17 og 13 år gamle. Dei fekk ikkje lov av mora, Brita Persdtr. å vera med på våkenatta. Der vart litt furting for det. Gutane gjekk i sinne på lemmen og la seg. Kari tok ljos med seg og gjekk på loftet og skulle sauma. Der kom ho med ljoset for nære noko hamp som hang der, og i eit augnegrann fatna det mellom suet i nevertaket og huset stod i loge. Mora ropte på gutane som låg på lemmen, og sprang så i floren og løyste krøtret ut, men då ho kom att var huset i ein loge, og gutane kom seg ikkje ut. Frå det huset slo elden over til hine husa, tre våningshus og alle småhus, boder og uthusa. Neregardshusa fekk dei berga med å hengje segl på dei å slå vatn på. Etter denne lauselden vart dei nye husa bygd meir spreidd. Lauparhusa vart bygd aust for Oppegardshaugen, Myrahusa nord for gjeilhaugen og oppegardshusa på dei gamle løetuftene ved Yllshaugen attmed Tunhaugen. Det var lofthus alle desse nye. Dei hadde uteliggar omnar, bileggjeromnar i alle. Florshusa vart spreidde enno meir. Laupefloren vart bygd vest for Dalskjelda, nær ein brunn som heile garden hadde å ty til i litt vassknappe tider. Oppegardsfloren kom til å stå på vestsida av dalen på Løbakken deira Oppegard. Myraløa nord for det gamle oppegardshuset. Dei ville vergje seg mot brannfare frå grannane. Det går ei gamal ovtru at kol frå ei branntuft der folk var brende, ville lækja fir ymse ilt, og ikkje fåe frå bygdene omkring har søkt til Oppegard etter kolrestar for sjuke like opp til 1870- åra. På det gamle Neregardstunet stod det to store og eit mindre sovhus, fleire boder, skykkjer og andre småhus til 1855. Då flytte Jon Eriksen sine hus nedo Storrøysne, sud for Messflaten der stovhusa stent i 1928. Rasmus Bastesen nord i Utføret, der Ole Nilsen budde i 1929. Men tufta på Gamletunet låg att synberre til etter utskiftinga på Neregard omlag 1904. På Øvre Eknes vart innmarka utskift i 1892 og utmarka i 1902. I 1837 var der og utskifting på Øvre Eknes. (Garden til Hans Eknes, Pr. 2003, Jorunn Borge.) |
||