|
BOKKAFEEN
Frå og
med sundag 26. februar 2012 vil bokkafeen ha opent
kvar sundag frå 13.00 til 16.00.
Stort
utval av brukte bøker til ein svært rimeleg pris.
Sal av kaffi, vaflar, brus og is.
Stikk innom og gjer ein god handel.
STRIKKEKAFE PÅ KAIEN 2012
Det vert strikkekafe på kaien i Eknesvågen andre tysdag kvar månad og
fjerde onsdag kvar månad.
Med to ulike vekedagar vert det mogeleg for fleire å vere med.
Det skulle bli desse
dagane:
Onsdag 23. mai.
Ta med godt
humør samt spøtet, heklet, bindingen, tovinga, hakket, kniplingane,
makrameen, nuperellene, sytøyet eller kanskje veven og bli med oss på
kaien.
Hugs at strikkekaféen er for alle, også dei utan handarbeid.
Helsing
Garntausene
TOFJELLSTUREN
Tofjellsturen vert andre pinsedag i år som i fjor.
Måndag 28. mai 2012.
EKNESVÅGDAGEN
Eknesvågdagen vert
laurdag 09. juni
Oster kjem med Tyssebollar og "Osterbrødet" på veg til
byd`n kl. 08.20 og retur til Eknesvågen kl. 17.30.
Båten ligg ved kai ein halv time og er open for omvisning.
Bokkafeen
opnar kl 15.00 med sal av kaffi, vaflar is, brus og pølser.
Underhaldninga startar kl. 16.00.
I år kjem Proffene.
Dei underheldt med sang og musikk.
Les meir om dei her.
JULEKAI
Jilekai 2012 vert 25. november.
Jordkjellarar
Styret i EV
har vedteke at EV skal prøva å få registrert alle
gamle jordkjellarar i gamle Vassel skulekrins d.v.s. Eknes, Eidsnes,
Bjørndal, Vassel, Eidsheim og Bjørge.
Meld frå til ein
i styret eller leiaren om du veit om jordkjellarar.
Hytta på Totlandsåsen
EV har
godkjent ein 10 årig bruksavtale med eigarane av
hytta på Totlandsfjellet/Totlandsåsen.
Avtale med grunneigarane som eig hytta på Totlandsfjellet/Totlandsåsen
er no underskriven.
I avtalen går det fram at hytta skal brukast som mål for turar kring
fjellet/åsen.
Hytta vert stilt til disposisjon vederlagsfritt mot at
EV tek på seg ordinært vedlikehald og tilsyn med hytta.
Det er ein føresetnad at det vert utarbeidd ordensreglar
for bruk av hytta.
Grunneigar skal godkjenna ordensreglane.
Det kan monterast bord og benkar inne i hytta og
EV har lov å montera omn i hytta i samsvar med kommunale reglar.
Det er ikkje tillete med open eld (bål eller liknande)
utanfor hytta og i området rundt hytta.
Er det nokon som har
gamle bilete av hytta og/eller
kjenner til tidligare bruk så ta kontakt med Karstein Bjørge telefon
958 15 094 eller e-post:
karstbj@online.no
Bok kafe

Me har vel 3000 bøker til sal og me tek imot nye
bøker med stor takk.
Bokkafeen er open kvar sundag frå kl. 13.00.
Bøker kan leverast i opningstida eller ring gjerne Karstein Bjørge på
tlf. 958 15 094 om det er spørsmål om henting av bøker.
|