§ 1
Føremål
Eknesvågens
vener (EV) er ein ideell organisasjon med føremål å skapa og driva
kultur aktivitet i Eknesvågen.
EV harsom mål å gjenskapa staden og området som sosial møteplass for
bygdefolk, ferierande og tilreisande.
Naturlege aktivitetar vil vere å reise minnesmerke og heidra minnet om
føregangskvinner og –menn frå området, samt ivareta brukskunnskap.
EV nyttar nynorsk i skriftlege framstillingar.
§ 2
Medlemskap
Alle som betalar
medlemspengar og støttar EV sitt føremål kan vera medlemer.
Medlemskapet tek til å gjelda frå det tidspunkt ein betalar
medlemspengar og så lenge ein betalar.
Berre medlem som har betalt medlemspengar for meldingsåret har
stemmerett på årsmøta.
Medlemspengane vert fastsett av årsmøte.
§ 3
Styret
EV skal ha eit
styre på minst fem medlemer og tre varamedlemer.
Årsmøte vel leiar for eit år.
Styret
konstituerar seg sjølv og vel mellom styrerepresentantane nestleiar,
skrivar og kasserar.
Styret kan setja
ned arbeidsgrupper som arbeider innan gjevne fullmakter og godkjent
budsjett.
Styret utarbeider kvart år framlegg til arbeidsprogram for EV.
Styret i EV kan ikkje forplikta einskildpersonar/medlemer.
Styret kan gje
prokura og den/dei som får prokura hefter i samsvar med styrevedtak.
§ 4
Årsmøte
-
Årsmøte er EV
sitt høgste mynde og skal haldast kvart år innan utgangen av mars.
Skriftleg
innkalling med saksliste skal sendast medlemane seinast fjorten dagar
før årsmøte.
Framlegg til
saker som skal takast opp på vanleg årsmøte, skal sendast skriftleg og
må vera styret i hende seinast ein månad før årsmøte.
Årsmøte tek
stilling til: årsmelding, rekneskap, medlemspengar, arbeidsprogram, og
budsjett.
Årsmøte vel
leiar for eit år og minst fire styremedlemer for to år kvar slik at to
av dei er på val kvart år.
Første året vert
det avgjort ved loddtrekning kven som er vald for eitt år. Det skal
veljast minst tre varamedlemer. Varamedlemane og revisor er på val
kvart år.
-
Lovendring
krev 2/3 fleirtal. Framlegg til lovendringar skal sendast ut til
medlemane saman med innkalling til årsmøte.
-
Styret eller
2/3 av medlemane kan kreva omframt årsmøte. For omframt årsmøte
gjeld same reglar for innkalling og utsending av sakspapir som for
ordinært årsmøte.
Framlegg til
saker som skal takast opp på vanleg årsmøte, skal sendast styret
skriftleg og må vera styret i hende seinast 30 dagar før årsmøtedato.
§ 5
Retningslinjer for valmemnda
Valnemnda består
av tre personar, valt av årsmøte. Valnemnda vert vald særskilt.
Oppgåva til valnemnda er følgjande:
-
Skaffa
kandidatar til dei som står på val i styret, varamedlemer til styre
og revisor.
-
Leggja
framlegga fram for årsmøte, muntleg og skriftleg.
Styret V / leiar
melder frå til valnemnda om kven som står på val, seinast 30 dagar før
årsmøte.
§6
Styret sine plikter
-
Leiar eller
nestleiar står for den daglege leiing, kallar inn til styremøte,
årsmøte og eventuelle medlemsmøte.
Styret legg fram
dei sakene som skal takast opp på møta (også arbeidsprogram),på ein
grei og oversiktleg måte.
2.
Kasserar krev inn medlemspengar og fører laget sitt rekneskap (dersom
ein ikkje
nyttar
rekneskapsførar).
Rekneskapet skal leggjast fram på arsmøte i revidert stand
med oversikt over laget
sin økonomiske stilling. Kasserar har ansvaret for
forvaltning av laget sine midlar.
Skrivaren skal føra protokoll over styremøte, årsmøte og medlemsmøte
og utføra anna
skriftleg arbeid som måtte førekoma.
§ 7
Oppløysing av laget
Oppløysing av EV
må vedtakast med 2/3 fleirtal av to -2- ordinære lovleg innkalla
årsmøte,
jf § 4.
Eventuelle aktiva ved opløysing skal tilfalla Ungdomslaget Idin ,
Eiknesvåg Båtlag og Bygdelaget med like store delar.
|